torsdag, mars 09, 2006

Etnisk overdose

Kjaere alle eg kjenner

Eg vil de skal vita at det ikkje er noko de har gjort gale. Det er ingenting de kunne gjort annleis for a endra utkomet. Dessverre.

Men saka er altsa den, at eg er Drita Lei alt som heiter butikkar. Shops. Stores. Boutiques. Med innhald. Lei av alt dette som kan kjopast for pengar. Viss nokon viser meg sa mykje som ein einaste liten messingbuddha no, sa SKRIK EG! Hogt! Eg DRIT I om det er very very special price for me, okei? Det er nok! NOK!

Intensjonane var gode. Alt er jo sa billeg i India, og i Nepal. Mykje kjekt a sja, ikkje minst i turistifiserte Thamel-distriktet i Kathmandu. Her skulle det nok bli gaver til bade den eine og den andre, tenkte jenta, som sjolvsagt hadde utsett handlinga til sist.

Men dessverre. Kondisen sviktar. Ikkje sa rart, kanskje, med sa lita handletrening eg har. Eg har aldri, i heile mitt levande liv, sett sa mykje etno-petno dingeldangel samla pa sa liten plass - og eg har vore pa sosialistleir pa 90-talet! Flagrande kjortlar i vevde stoff, hempskjorter som stralar politisk korrekt og rettferdig handel, og kva du vil i dei knaesjaste fargane som finst. Ekte smykke og ekte juggel, bonnehjul og gudelege ikon, roykelse og myrra og eg veit ikkje kva.

Eg orkar ikkje meir handel!

Sorry. Eg er framleis glad i dykk - de forstar det ogsa utan etno-gaver?

Vennlege helsingar,
reisande tante Mac

onsdag, mars 08, 2006

Gratulera med dagen!

... til alle damene, og til dei beste mennene.

Eg reknar med de nett er komne heim fra demonstrasjonstoget nar de les dette, slik eg er? Temmeleg ironisk, i grunnen, nar ein tenker over kor vanskeleg eg er a be i sann derre demonstrasjonsgreier med flag og bannerar i Norge, at eg skulle bli med pa noko slikt i akkurat Nepal - landet kor norske styresmakter ber spesielt om at ein ikkje blir med i tog - u-an-sett!

Men slik blei det altsa. Meir eller mindre snofla over dei i det dei var komne cirka halvvegs, og da ei av dei driftige saridamene ganske enkelt greip tak i armen min og drog meg med seg, utan a mista sa mykje som ein staving av slagorda ho ropa, bare blei eg med. Motstandslaust, akkurat slik ein ikkje skal gjera. Men eg registrerte jo at det var bare damer der, og at dei sag bade vennlege og ikkje-militante ut, berande pa plakatar med bilde av kvinner i legeuniform, kvinner med sunne babyar, kvinner som las boker og utdanna ungane sine medan mennene sat som sporsmalsteikn i bakgrunnen, sa det foltest ikkje sa veldig farleg a vera med heller. I eit land kor mangemange damer doyr i barsel kvar dag, kor bare halvparten sa mange kvinner som menn kan lesa og skriva, kor nesten ingen politiske parti har damer i leiinga - i alle fall ikkje i toppen, og mennene styrer det litle som finst av pengar og naeringsliv, er det liksom ikkje sa veldig vanskeleg a vita kven ein skal heia pa...

Me gjekk ein liten runde, smilte og lo litt av at eg ikkje forstod ei einaste staving av det dei ropa, foer me samla oss pa dei fint oppmarsjerte plaststolane like ved eitt av templa. Tid for talar! Og talar... og talar... den eine lengre enn den andre. Med slagord! Det er visst greia her - a ropa slagord som forsamlinga svarar pa, om og om igjen. Ikkje veit eg kva det gjekk i, men da den femte talaren gjorde seg klar for sin halvtime (eller meir) pa podiet, sneik eg meg stille vekk. Nok er nok, ogsa om det er for ei god sak.

Litt lenger nedi gata kom eg forbi ein annan demonstrasjon, men den trur eg ikkje eg hadde tort a vera med i. Dei vifta med raude hammar-og-sigd-flag, og sag frykteleg sinte ut. Politiet stod klar med maskingevaera sine, og meir rakk eg ikkje sja foer eg lurte meg vekk. Trur det er sanne demonstrasjonar ambassaden er spesielt redd for... Veit ikkje om dei var maoistar, akkurat - mest truleg hadde dei ikkje fatt lov til a halda pa da - men ogsa om dei bare var vanlege kommunistar trur eg det var lurt a halda seg unna. Dei er liksom hakket toffare enn dei sote norske raudingane her...

Dagens sitat er henta fra den kule t-skjorta eg kjopte i raddisbutikken i Delhi:

"Feminism is the radical notion that women are people"
Hah!

PS, til alle dykk som ikkje syns me treng ein eigen damedag: Les dette og tenk igjen!

tirsdag, mars 07, 2006

Til verdas ende - og tilbake

Det er mogleg det bur 23 millionar menneske i dette landet. Det er til og med mogleg at det bur eit par hundre menneske i landsbyen Nagarkot, som eg besokte i gar og overnatta i i natt.

Men jammen er dei flinke a goyma seg! Eg kom med eigen minibuss i gar ettermiddag (vanlege bussar innstilte, av ein eller annan grunn, og turistar blir uansett bedne om ikkje a koyra lokalbuss pga det nepalesarane kallar "problema", mao den betente politiske situasjonen), og gjekk straks ut i gatene for a kikka meg om. Eller, gater og gater - eg gjekk ut pa stovstiane som bukta seg mellom furutrea opp og ned til dei mange hotella og herberga. Og motte absolutt ingen.

Ingen! Pa fleire timar!

Det foltest nesten skummelt. Som om eg plutseleg hadde vandra inn i ein skrekkfilm. Krakene krangla og braka pa sitt vanlege vis, ornene gjorde rundane sine langt der oppe, og sommarfuglane blafra fra den eine fjellblomen til den andre, alt innhylla i frisk furulukt av kjempehoge tre (jaerbuar sluttar aldri a imponerast av akkurat det - skogar som eg bade hoge og bratte). Men menneske? Ikkje ei sjel...

Pa toppen av det heile heitte hotellet mitt faktisk Hotel at the End of the Universe. Nabohotellet, som verka like tomt som mitt, heitte End of the Galaxy, som vel eigentleg er om lag det same, medan det pa andre sida hadde teke han heilt ut: Hotel Nirvana. Du er allereie komen til etterlivet...

Om kvelden, da eg aat den einaste maten dei faktisk hadde fra den 10-siders menyen (har de kyllingkarri? ikkje? noko anna med kylling? neivel... pasta? nehei. kinamat? ikkje det nei... pizza? uhm nei... "nepalske spesialitetar" har de kanskje? aha! da tek eg ei sann nepalsk linsesuppe, eg!), fekk eg litt av forklaringa. Av resepsjonisten og altmoglegguten pa maks 16-17 ar, som tilsynelatande dreiv heile sjappa saman med ein skikkeleg rabbagast pa ca ni:
- "Du veit kva som skjedde sist manad, santvel? Ikkje? Det var fest i landsbyen to-tre kilometer unna, der eg kjem fra. Folk dansa, drakk, hadde det kjekt. Heilt til militaeret kom. Dei forlangte drikke, drakk til dei var fulle, og sa skaut minst ein av dei vilt rundt seg. Dei drap tolv menneske. Tolv menneske eg kjente. Inkludert litlebror min..."

Herregud. Kva seier ein til slikt? "Eg er lei meg?" "Huff, det er faelt a hoyra?" Det er jo faelt a hoyra, men patetisk a seia. Sa totalt meiningslaust. Etter skytinga hadde visst militaeret sagt noko om at dei trudde det var maoistar til stades pa festen, men det var det ikkje!, insisterte resepsjonistguten.

Og om det var det? Tenk a bu i eit land, hoyra heime i eit land, kor det er slik ein loyser usemje? Kor skot taler hogare enn ord - kor orda ikkje eigong blir kviskra i det offentlege, i tilfelle feil folk hoyrer dei.
- Ville du fortalt det du nett fortalte til ein nepalesar du ikkje kjente? spurte eg.
- Er du gal!? svara han. Aldri! Det er altfor farleg... Eg ville hamna i fengsel, eller blitt banka opp, eller bare skoten. Eg pratar med deg fordi du er annleis. Fordi du kjem fra ei anna verd. Alt eg kan tenka pa er korleis eg skal koma meg vekk. Langt vekk. Til eit anna land. Den verda du kjem fra, sant? Det er nesten ingen unge igjen her i dalen. Alle har reist sin veg, sa snart dei bare kunne. Til India, Malaysia, Hong Kong - kor som helst bare dei far ein eller annan jobb. Eller utan. Snart dreg eg, eg og, bare vent!

Eg kunne ikkje anna enn a onska han lukke til, og tipsa rekordmykje for den haplaust elendige maten, og skamma meg fordi eg tidlegare same dag hadde pruta ned hotellrommet fra 1000 nepalrupi (ca 95 kr) til 250 (ca 24 kr)...

I dag, da eg vandra opp og ned, mest ned, fra Nagarkot til Bhaktapur lenger nedi Kathmandu-dalen, sag eg litt fleire folk. Ikkje mange, og stort sett goymt i doropningar og vindauge, men likevel.

Det har vore ein bokstavleg tala stralande dag, med sol sol sol fra ganske skyfri himmel (heile dalen er sapass forureina at alt er relativt), og bra vandreterreng. Landsbyar, meir furuskog, eit steingammalt tempel, ein alldeles stein guru (babaen: you want grass? to be stoned? eg: eh, neitakk), og sote skuleungar i haugar og dungar sidan eg tilfeldigvis kom fram akkurat da skulen slutta. Ingen soldatar, ingen maoistar, og ingen andre problem. Kort tid etter eg kom fram til nydelege Bhaktapur blei det morkt, sa eg har ikkje akkurat gjort meg ferdig med denne byen enno, men har store planar om tempeloverdose i morgon. Sa tilbake til Kathmandu, sa helga i Mumbai, og sa gamle Norge.

Apropos det: Les at det er kaldt i landet, bade pa den eine, meterologiske og den andre, mykje blaare (og skumlare) maten, og lurar nesten litt pa om eg eigentleg har sa lyst a koma heim att likevel...

Gode argument for, anyone?

søndag, mars 05, 2006

Ingenting

Eg kjenner meg som Scarlett i dag. Aleine. Lost. Alien. Alienated, til og med. Plutseleg bevisst kor annleis alt er. Kor framandt. Som kulissar, kor eg bare gar rundt og undrar meg. Eit tempel her, eit alter der, endelause rekker butikkar kor dei sel alt anna enn det dei sel heime. Litt melankolsk.

Som filmen. Everyone wants to be found.

It was fun for a while
There was no way of knowing
Like a dream in the night
Who can say where we´re going
No care in the world
And maybe I´m learning
Why the sea on the tide
It has no way of turning

More than this
You know there is nothing
Oh more than this

You tell me one thing
More than this
There is nothing
Nothing


Ingenting indeed. Kanskje like greitt. Det er uansett snart pa tide a venda heim igjen.

lørdag, mars 04, 2006

Fra hand til munn - a tribute

Paul er mannen. Eg har visst det heilt sidan den forste gongen eg motte han, representert med Herr Hogdeskrekk, i nye boker-hylla pa Time bibliotek. Det er mange ar sidan. Etter det har eg hoyrt han fortelja om uteliggarar i New York, hundelivet i Timbuktu, daarskapen i Brooklyn, gamblarar og filmmakarar, og lidd meg gjennom landet av dei siste tinga. Blant anna.

Men sjolve Paul har liksom unngatt meg. Rett nok har eg lete meg interessera, til og med fascinera, av inskripsjonar "til Siri", og lese hennar boker med hans i bakhovudet, i full forstaing av at dei ofte fortel same forteljinga pa kvar sin mate. Eg har lese intervju med han, og artiklar av han. Men djupare har det ikkje stukke.

Foer no. Dei siste par kveldane har det vore han og eg pa takterrassen saman, i det blafrande oljelampelyset medan Kathmandu plutselig har bestemt seg for a spara pa straumen og verda ligg svart og mork, avbrotne bare av ein og annan selskapssjuk moll. Og for eit selskap!

Det er som a ga inn i ei anna verd. Anna enn Kathmandu, sa klart, men ogsa annleis enn dei andre verdene eg kjenner. Ei slags frisone mellom fakta og fiksjon, kor fantastiske ting -like fantastiske som i dei andre bokene- plutseleg bare skjer ogsa i "det verkelege livet". Eg, som absolutt ikkje likar sjolvbiografiar, er fullstendig hekta. Det er nesten skuffande nar straumen kjem tilbake, og eg innser at eg no kan gjera andre ting ogsa. Skriva mailane eg burde ha skrive for lenge sidan. Lada poden for bildemottak. Eta middag. Planlegga morgondagen (skal eg pa fjelltur? - i tilfelle kor?).

Trivia.

Er overraska over meg sjolv. Den sterke fascinasjonen. Sa ulikt meg. Framleis ute av stand til a setja fingen pa kvifor. Det er framleis bare ein sjolvbiografi, sjolv om han tilfeldigvis er skriven av ein av favorittane mine!

Men trur kanskje dette har noko med det a gjera:

"Becoming a writer is not a 'career decision' like becoming a doctor or a policeman. You don't choose it so much as get chosen, and once you accept the fact that you're not fit for anything else, you have to be prepared to walk a long, hard road for the rest of your days."
Paul Auster, From Hand to Mouth

Bladet fra munnen, ikkje handa. Ei forklaring, enda sa platt det kanskje verkar. Pa kvifor eg ikkje skal skriva den der romanen folk driv og masar om. Pa kvifor eg ikkje kan, ikkje eigong om eg hadde villa. Eg kan ikkje velja det sa lenge eg ikkje er utvald, seier Paul (og mange med han, det veit alle som har brukt delar av karrieren sin pa a intervjua bade uberpretensiose unge debutantar og hakket meir audmjuke yrkesforfattarar).

Og det er greit! Fekk nett vita at eg har sikra meg sommarjobb i KA, skal henga rundt i forlaget til dess, og satsar pa at det ordnar seg for meg ogsa etter sommaren. Noko dukkar nok opp. Ikkje inspirasjonen til Den Store Norske Romanen basert pa Den Viktige Danningsreisa Kor Eg Fann Meg Sjolv I India Og Nepal. Men noko anna.

Noko bra!

fredag, mars 03, 2006

Akklimatisering

Eg kviler, det er det eg gjer. Sett utanfra kan det kanskje verka som det motsette, der eg virrar rundt, time etter time, fra det eine templet til det neste, innom forst den eine og sa den andre butikken, i tronge smau og travle gater, og pratar med nepalesarar og turistar.

Men sann eigentleg, inni meg, har eg skrudd over pa pausemodus. Soev som ein baby seks, sju, opp mot atte(!) timar kvar natt, sug sol og energi pa opne plassar med utsikt over folkemylderet, og unngar det meste som minner om mas og kjas.

Likevel trott. Etterdonningar etter India, utan tvil. Eg kjente meg ikkje sliten medan eg var der, men no nar eg ser kor annleis verda kan vera, innser eg at det nok har kosta sitt av energi a halda det tempoet eg har halde i seks veker, i minimum tretti grader, omgitt av folk som stirrer og pratar og ropar og myldrar, og ikkje skrur ned volumet pa seg sjolv, stereoanlegga, kyrne, hundane eller bilane sjolv om det er leggetid - ofte tvert om, verkar det som.

I fjellklatrartermar: Eg har starta akklimatiseringa. Er no pa eitt niva lagare enn India, kjem til a legga inn ein kort pustepause i Wien, og reknar med a vera klar for kalde, rolege Norge innan ti dagar eller sa!

torsdag, mars 02, 2006

Kluss

Eg kan seia mykje bra om Nepal, og skal gjera det ved seinare hove. Men bra fart pa internettet sitt har dei ikkje! Etter mange minuttars tikk og takk og oppkopling for i det heile tatt a koma pa nett, fleire straumbrot enn pa halvannan manad i India til saman, og tre tidlegare forsok pa a skriva noko fornuftig her, utan at det funka, gir eg no opp. Dersom dette festar seg, er det bare for a peika nase av meg og visa at aedi baedi - eg (internettet altsa) er sterkare enn deg!

Men eg kjem sterkare tilbake!

onsdag, mars 01, 2006

Stilla etterpa

Oj. Ojojoj! Eg er visst komen til Kathmandu! Vuusj! Koss skjedde eigentleg det? Eller, eg veit jo koss det skjedde - at eg har sjolv kjopt flybillettane, og sjolv teke meg med t-bane og drosje til flyplassen i Kolkata i foremiddag.

Men at det var hit eg skulle, det hadde eg liksom ikkje fatt med meg. Det er sa annleis her! Sa reint, og folketomt, og stille, og kaldt! Eg var rett og slett ikkje forebudd pa at Nepal kom til a vera sa ulikt India.

Delvis takka vera LP, som skriv:

"For many people, stepping of a plane into Kathmandu is a shock - the sights, sounds and smells can lead to sensory overload. Whether it be buzzing around the crazy polluted traffic in a tazi, trundling down the narrow winding streets of the old town in a rickshaw, marvelling at Durbar Square packed with its extraordinary temples and monuments or avoiding the tiger balm sellers and trekking touts, Kathmandu can be an intoxicating, amazing and exhausting place."

Eg har bare ein kommentar: Dei folka der kom ikkje med fly fra India! Eg har ikkje vore nokon stad dei siste seks-sju vekene som er like roleg som denne byen. Det er nesten som a koma heim! Ogsa nar det gjeld temperaturen. Dei 40+ solsteikande gradene i Kolkata er erstatta med norsk sommartemperatur - midt pa 20talet om dagen, naerare 10-15 om kvelden. For forste gang pa aldri sa lenge er eg litt kald pa taerne i sandalane mine!

Og eg diggar det. Ikkje dei kalde taerne, sa klart, men Nepal. Eller, Kathmandu, for a vera noyaktig. Sa faelt mykje har eg trass alt ikkje rukke a sja enno. Men det er herleg a ga nedover gata utan a bli nesten-pakoyrt annakvar meter, anten det no er av sjolvmordsrickshaws, handtrukne kjerrer, kyr eller elefantar (det er sant! I Jaipur blei eg stukken i rumpa av ein elefant!). Det er herleg a prata med folk som ikkje har tenkt a tena pengar pa meg, og som ikkje masar om at eg ma besoka broren/fetteren/onkelen/faren sin butikk. Stas a kikka inn butikkvindauge utan a bli overfalt av overnemte bror/fetter/onkel/far og alle assistentane hans. Herleg med allslags eksotiske, ikkje-indiske restaurantar. Fantastisk a kunna ga rett pa utan stadig vekk a hoppa mellom kurukker og soppelhaugar, opne kloakkbekkar og sma stovete baal. Som sagt: reint, roleg, avslappa!

Samtidig er eg litt lei for at eg har forlete India. Rett nok skal eg tilbake etter dette, men bare til metropoliske Mumbai, og bare for to korte helgedagar. Eg glomte visst a seia hadet til resten! Til alle desse kyrne, og geitene, og rickshawane, og sjolvmordsmopedistane, og sola, og dei handtrukne kjerrene, og ropa, og stovet, og marknadane, og kaoset, og selgarmennene, og braaket, og varmen, og folka, folka, folka. Eg har jo hatt det sa bra der, lika meg sa godt!

Og no er det over...