onsdag, februar 21, 2007

HisTori repeating

Gladnyhet!

Tori kjem til den norske skogen!

Akkurat som for to(?) år sidan, og det er eitt av dei beste norske sommarminna eg har frå det året. Så gjett kor eg skal vera torsdag 14. juni i år?

Frognerbadet!

fredag, februar 16, 2007

Urgh

Ei av dei klaraste negative sidene ved å jobba der eg er no, er at eg alltid får tilsendt alle desse ufyselege bilda av kjendisar i ulekre situasjonar som til ei kvar tid sirkulerer på epost.

Kåre Conradi var no så sin sak - bilda var ikkje spesielt ekle, bare klønete. Men nakne dansarar i fluktstolen, med kølla i handa? Og Rune Rudberg?!?

Ver så snill!

Eg meiner det. Ver så grei! Kan me ikkje bare bli einige om ein ting, alle saman? At me sluttar å ta nakenbilder av oss sjølv eller andre, og definitivt ikkje i ulekre liksom"seksuelle" posisjonar. Regelen gjeld spesielt for dei som er eller har tenkt å bli kjendisar, og som insisterer på å bruka alle opningar i kjønnsleg omgang.

Ok? Kan me ikkje bare etablera den regelen med ei gong?

Og ein ting til: Kan ikkje alle som sender rundt desse elendige bilda vera så greie at dei merkar mailen tydeleg med "ekle nakenbilder" i emnefeltet? Så slepp me andre å opna driten?

Takk. Det var bare det. Unnskuld meg eit øyeblikk, eg må visst bare spy litt no.

torsdag, februar 15, 2007

Varm vinter

Eg likar vinternetter. Verkeleg. Det mørke passar liksom inn, kulda også. Eg likar kjensla av å vera aleine ute medan alle søv. Vissa om at eg snart skal heim eg også, til ei mjuk dyne og ein varm rygg som ventar.

Det første bildet er teke natt til torsdag forrige veke, då eg gjekk heim frå jobb i halv fire-fire tida, heilt aleine gjennom fersk gatesnø. Det andre er frå ein brann me køyrte forbi natt til fredag.

Og så likar eg vinterdagar. Særs sånne tørre, kalde, austlandsvinterdagar, med snø og ski og strålande sol, og funklande fantastiske snøkrystallar.

Å jada. Livet kunne vore så mykje verre.

mandag, februar 12, 2007

...

I tilfelle nokon lurar på kva eg eigentleg driv med i staden for tida, sidan eg så sjeldan skriv noko her, er svaret dette:



Det er i utgangspunktet sånn cirka ti gonger meir tilfredsstillande enn å sitja på rumpa og skriva ting. Legg til knitrande grønswixføre, varmande sol og supre turkameratar, og du kan ganga med hundre. Minst!

mandag, februar 05, 2007

49 and counting

Eg har jobba døgnet rundt siste tida, men no er eg tilbake. (Bank i bordet!)

And do I have news for you, ladies og gentlemen!

Klar?

Sikker?

Heeeilt klar?


Ok!

Here goes: Me skal til Afrika!

Til Zimbabwe! Og truleg Zambia og/eller andre naboland i same slengen. Om litt under to månader, i tre heile veker. For meg, som ikkje har hatt lengre fri enn ei langhelg annakvar månad sidan påska i fjor, høyres tre samanhengande veker paradisisk lenge ut. Tid til å landa, juhu! Og bli liggande, juhuhuuu!

I Afrika!

Me skal først besøka ein kompis i Harare, sidan håpar me å få med oss Viktoriafallene, Great Zimbabwe, og truleg ein safari. Elefantar! Nashorn! Løver og sebraer!

Og med det startar nedteljinga: Kun 49 dagar igjen!