torsdag, februar 15, 2007

Varm vinter

Eg likar vinternetter. Verkeleg. Det mørke passar liksom inn, kulda også. Eg likar kjensla av å vera aleine ute medan alle søv. Vissa om at eg snart skal heim eg også, til ei mjuk dyne og ein varm rygg som ventar.

Det første bildet er teke natt til torsdag forrige veke, då eg gjekk heim frå jobb i halv fire-fire tida, heilt aleine gjennom fersk gatesnø. Det andre er frå ein brann me køyrte forbi natt til fredag.

Og så likar eg vinterdagar. Særs sånne tørre, kalde, austlandsvinterdagar, med snø og ski og strålande sol, og funklande fantastiske snøkrystallar.

Å jada. Livet kunne vore så mykje verre.

Ingen kommentarer: