torsdag, januar 04, 2007

Inn for landing

Eg har jobba til over midnatt, dei siste timane sjølvsagt aleine i kontorfellesskapet. Sykla gjennom den regnvåte byen, utan å møta ei sjel. Kome heim til den tomme, halvkalde leiligheten og venta på livsteikn i form av mobilmelding frå Lyslugg på konferanse i Tromsø. Lese litt om misnøgde Emma, utan eigentleg å rivast heilt med. Ete tre skeier vaniljeyoghurt og ei halv mandarin, utan at noko smaka det heilt store. Lytta til Tori sin vintersong, men måtta skru av for ikkje å vippa over i melankolien. Er halvgira og halvtrøtt, utan at kroppen - eller toppen! - klarer å bestemma seg for nokon av delane.

Eg slit med andre ord litt med å landa.

Det er ikkje akkurat noko nytt på dagar som denne, med jobb frå ni til halv seks, og igjen frå sju til midnatt. Eigentleg lite å gjera med, anna enn å bruka tida. Brettar klede og kastar aviser - og oppdaterer bloggen.

Med eit par bilder, faktisk. Alle tekne andre juledag, på Ustaoset:





Fint, hm? Med eit lydspor av perfekt stille, bare broten av skia si svusjing og ei og anna rype som flaksar forskremt opp.

Aaah!

Sånn ja. No trur eg nok at også han med støvet har ein sjanse. Senga kallar.

God natt!

3 kommentarer:

Anonym sa...

må beskjemmet innrømme om at mitt nyttårsløfte går litt føyken om dagen. Å jobbe mindre viste seg å være en større utfordring enn forventa - men hvis jeg bare tar med meg masse jobb hjem i helga, så kan jeg i det minste jobbe mindre neste uke... kanskje! Hurra! Ehhh....

-lin sa...

Uff. Det der høyres akkurat ut som min strategi for tida. Eller generelt, i grunnen. Har nett sett kveldens siste punktum, kjenner eg ikkje akkurat gler meg så enormt mykje til jobbing i morgon igjen.

Men helga skal eg ha fri! Hurra!

Anonym sa...

hmmm....skal ha 4 uker fri nå.....så målet mitt er å jobbe like lite som i fjor....blææææ