torsdag, januar 25, 2007

Juv?

Eitt av orda eg nesten alltid skriv feil - så ofte at det heilt tydeleg ligg koda feil i hjernen, er "intervju". "Interjuv", skriv eg, igjen og igjen. Ironisk, så klart, at eg ikkje klarer å skriva rette namnet på det eg driv med.

Men av og til er feilen rett.

Av og til er det akkurat juv eg driv med. Eg trippar rundt på kanten av stupet, snart fram, snart tilbake, og prøver å finna ein veg over gapet. Eller mellom, inter, dei to sidene. Mellom oss.

Det er ikkje så lett alltid. Det er skummelt å tora, skummelt å satsa, skummelt å gjera meg sjølv tydeleg. Og den andre, ofte. Tenk om eg trør feil? Eller landar feil? Tenk om eg gjer ein annan - den andre - vondt? Tenk om eg skadar meg sjølv?

Men det må til. Eg har stått lenge nok på kanten no, og kikka ned i juvet. Eg satsa, må hoppa i det. Over det. Laga brua mellom oss.

Det blir ei sein natt.

5 kommentarer:

Ane sa...

Ønsker deg lykke til med brobygging, -lin.

-lin sa...

Takk!

Det går nok på eit vis, sjølv om det blir eit nokså skrøpeleg byggverk av det heile.

elisabeth sa...

Det er i slike stunder jeg tror jeg aner hvordan kunstnere har det. Med tandre kunstnersjeler og boksehansker av selvkritikk. Har selv i dag presset - ja, for det er virkelig å presse, mot muren av indre kritkk - ut 500 ord av det som skal bli en skikkelig sak. Det tok to timer, og etterpå var jeg helt knust i hjernen. Det er så utrolig digg og så utrolig vanskelig (og fysisk vondt, til tider!). Og i morgen er det på'n igjen. Og dæven så bra det er NÅR DU FÅR DET TIL!!!!!!!

Anonym sa...

Det med "boksehanskar av sjølvkritikk" er veldig godt sagt, Elisabeth. Eg føler meg absolutt ikkje som noka tander kunstnarsjel, men jammen om eg ikkje er rask på med hanskane likevel!

For det er jo der mykje av problemet ligg. Eg har vanskar for å føla, sånn ekte, inni meg, at eg "får det til".

Reint objektivt gjer eg det jo, for eg leverer alltid det eg skal når eg skal, og har så langt halde meg unna pfu-dommar og injuriesøksmål.

Men "få til"? Tja...

elisabeth sa...

nuvel, å "få det til" er jo relativt. Jeg får det jo aldri til så bra som jeg skulle ønske... men en sjelden gang får jeg det bedre til enn sist. Og dét holder - i alle fall her og nå. Så er det bare å fortsette å strekke seg...