Stump jobben!
Eg kan bare innrømma det først som sist, at det der forsettet mitt om å jobba mindre i 2007 enn i 2006, allereie er ein vits. To dagar med solid overtid på rad her, og dei to avspaseringsdagane som ligg inne i turnusen i morgon og overmorgon, blir det ingenting av pga presserande oppgåver som bare må gjerast før helga.
Jammen godt eg ikkje røyker! Eg hadde aldri klart å bestemma meg for å slutta når eg først hadde begynt. Omtrent som med sjokolade, mao, som eg er altfor smart til å innbilla meg at eg skal klara å kutta.
Mm! Sjokolade!
- sa frøkna, og jobba vidare...
(sukk)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar