I dag, altså teknisk sett i går, fekk eg det er reknar med er siste del av juleposten min. Han har kome litt i rykk og napp i år, frå første kortet 20. desember til ei røys (inkludert pakkar!) i romjula, og nokre slengarar utpå nyåret. Kjekt det - eg er veldig for å spreia gode ting utover.
Likevel. Sjølv om det er koseleg og alt det der, klarer eg ikkje heilt å dy meg frå å kommentera når eg mottek kort som dette:
Kjære [namnet mitt feilstava]!
God Jul og Godt Nytt År!
Vi i [NN] medie byrå takker for hyggelig kontakt i 2006, og håper at 2007 byr på flere spennende samarbeids prosjekter.
Med hilsner, [NN] medie byrå
Eg meiner, "medie
mellomrom byrå"? Og "samarbeids prosjekter"?? Kvifor ikkje "sam arbeid" når dei først er i gong? Eller "hygge lig"?
Grøss.
Det skal nemnast at kontakten min med dette "medie byrået" har vore minimal. Faktisk måtte eg tenka meg nøye om før eg hugsa kven i all verda dei var, før eg kom på at eg selde dei eit fotografi i januar eller nårdetnovar - eit bilde som for lengst hadde stått på trykk ein annan stad.
Eg tek gjerne imot 1000 skattefrie kroner for minimal innsats, så den er grei. Men om dette medie byrået ba meg om å levera ei "tekst prøve", eller kanskje "feature intervju", kan du rekna med at eg hadde sagt fint nei, elles takk. Kall meg gjerne språksnobb, men
der går faktisk grensa.
Samarbeids prosjekt, du liksom!