mandag, september 26, 2005

Fullasted sted, nei by av avskallet

Les denne fantastiske skildringa av New York: De fleste beguiling by på jorden , New York er en adrenalin - beregnet , historien - fullastet sted det avholde enorm romersk appell for besøkende. Vandring det gate her over , du vil kutt imellom bebyggelse det er ikoner å det moderne alderen og hvorvidt gazing for

Får du ikkje lyst å dra med det same?
Eller kva med Milano - denne er nei by av avskallet! Det generator bak det land " økonomisk luftspeiling ", MILANO er en by like ingen andre inne Italia. Det er tåkete om vinteren muggy om sommeren , og er nøyere inne utsikt , likeledes idet avstand , å London enn å Palermo. Denne er nei by av avskallet

Fleire nydelege skildringar finn du her.

Kven sa at datamaskinar er dumme?

fredag, september 23, 2005

Æ skulle altså gi dæ...

Søren ta at eg er så dårleg på å huska heile songtekstar!

Klarte å lokka med meg L på Rockefeller i går, til konsert med Kari Bremnes¤. Kom ramlande rett frå jobb og ”trening” (balletten avlyst, så det blei poenglaus ”danse”-aerobictime i staden. Vart eg svett? Sjølvsagt! Svett nok? – NEI!) og utemiddag (ikkje gå på sushiplassen i Tordenskioldsgate – usj!) og guatemalaforedrag (veeeeldig pk, eg veit!) og i det heile tatt – inn i ei verd av raudgyllent lys og varme tonar.

Det var ei fin oppleving. Det rare var at dama virka så, hm, koss skal eg seia det?... Splitta, kanskje? Eg meiner: På den eine sida vitsa ho og lo og gjorde ironisk narr av seg sjølv og parodiane på seg sjølv, og virka eigentleg litt skrullete. På den andre sida så syng ho jo så blodet pumpar seg varmt og bølgande langt ned i litletærne, og håret reiser seg over heile kroppen, mykje mykje større og viktigare enn dei småflaue vitsane.

Derfor burde eg altså vera flink å huska tekstar! Så kunne eg sitert ein liten tekstblokk for å illustrera kva eg meiner. Orka ikkje å leita så lenge, men finn ingen av dei gode på nett. Og i hovudet mitt er det altså tomt. Som vanleg.

Æ skulle altså gi dæ en sang…

¤ Og då meiner eg Ka-ri Brem-nes. Høyrer de det, alle tv-slavar som spring rundt og kaukar Kaarschii Brrshcææmnæs med nittitalsstemme? Det er ikkje løye lenger no!

torsdag, september 22, 2005

Intrapersonal(?)

Eg har teke ein test. Her er resultatet:

You scored as Intrapersonal. You prefer your own inner world, you like to be alone, and you are aware of your own strengths, weaknesses, and feelings. You learn best by engaging in independent study projects rather than working on group projects. People like you include entrepreneurs, philosophers and psychologists.


The Rogers Indicator of Multiple Intelligences
created with QuizFarm.com

Verbal/Linguistic

100%

Intrapersonal

100%

Interpersonal

71%

Bodily/Kinesthetic

71%

Visual/Spatial

61%

Musical/Rhythmic

54%

Logical/Mathematical

36%

The Rogers Indicator of Multiple Intelligences
created with QuizFarm.com

Hm... Er dette eigentleg ein fin måte å fortella meg at eg er ein inneslutta raring som ingen vil leika med? Det er kanskje noko eg bør ta til etterretning? Eller er det bare eg som ikkje heilt forstår kva "intrapersonal" betyr?

Sånn sett ironisk å skåra hundre prosent(!) på verbal, når eg ikkje eigong forstår kva hovudkategorien min betyr. Kanskje språkskåren bare skal sjåast i samband med den ikkje fullt så (eh…) velutvikla mattesansen? Anten det, eller så har eg bare god sjølvtillit på sånne språkgreier, og gir meg sjølv full skår okkesom. "Språk? Oh yes, det kan eg"!

Elles skulle eg ønska at musikken var høgare, men innser at eg nok aldri kjem til å bli nokon virituos på den fronten. Ikkje den heller, altså. Sukk!

Venner! Prøv å ta testen sjølv, og post til meg koss det gjekk!

Intern eleganse

Eigentleg er det ganske fint at ein alltid ser kroppen sin innanfrå, ikkje utanfrå slik andre gjer. Når eg f.eks dansar ballett (eller prøver, i alle fall!), slik eg skal i dag, hender det faktisk at eg kjenner meg litt grasiøs og elegant og svevande. At eg får det til, og har kontroll, og gliiiiir gjennom rommet.

Heilt til eg ser eit glimt av meg sjølv i speglen.

Då viser det seg at eg visst ikkje var elegant og grasiøs og kontrollert likevel, men at armar og bein sprikar hit og dit og ikkje liknar verken grisen eller instruktøren, med ryggsøyla som ein slapp spaghetti og hår som gjer sitt beste for å jobba seg veg ut av hestehalen. Her kjem Dundredama, bomp bomp bortetter golvet!

Men inni hovudet mitt! DER får eg det til! Så enn så lenge held eg på det perspektivet. Utanfrå og ut.

onsdag, september 21, 2005

...eller..?

JA! Det blir! Hurra, hurra og tralala!

Bildet er av det herlege Hotel Ukraina. For dei som vil vita meir, klikk her, ikkje her, for det
andre og veldig mykje finare hotellet med akkurat same namn, men som dessverre (for mitt bruk akkurat no) ligg i Moskva.

... eller ikkje?

Urgh. Typisk! Akkurat i det eg hadde skrive at eg skulle til Kiev, sendte dama eg skal reisa saman med ei melding om at ho kanskje ikkje får det til likevel. Tilbake til planleggingsbordet med oss!

привіт Україна!¤

Så er det bekrefta:

Eg skal til KIEV!

Jobbrelatert, UB-sak og reisereportasje, skal vera vekke ei arbeidsveke 24-28. oktober. Skal bu på eit herleg østblokkhotell som heitte Moskva før, men som (av forståelege grunnar) har bytta namn til Ukraina no. Det ligg like ved Uavhengighetsplassen som eg allereie har sett på tv!

Detta blir gøy!

¤"Hallo Ukraina", i følge Wikipedia

tirsdag, september 20, 2005

Lyse utsikter

Slik ser det ut utanfor kontoret mitt akkurat no. Varmgyllent og strålande. Ofte fint lys om hausten, det skal han trass alt ha!

Har blitt ein del lange jobbedagar den siste tida. Så også i dag. Lever stadig i håpet om at eg ein dag - ein vakker dag, til og med - skal koma ajour med alt eg skulle ha gjort... Mesteparten, i alle fall... meir enn no...

Så enn så lenge, fram til middagsdate med den endeleg heimkomne L i stova klokka sju, sit eg no her og surrar.