I dag, som i går, skulkar eg jobben.
Ringte i morges, og i går morges, og sa ganske enkelt at eg var "sjuk". Ingen spørsmål stilt, latterleg enkelt i grunnen. Har sjølvsagt dårleg samvit no, og har på ingen måte planar om at dette skal bli ein vane, men slik situasjonen har vore den siste tida, orka eg rett og slett ikkje meir.
Det følest som eg har nådd eit punkt kor såpass drastiske metodar var einaste måten å ta vare på meg sjølv (og, særs, Lille Knøtt) på. Det er ikkje sunt å vera så spent og nervøs over så lang tid som eg har vore no, særs ikkje med ekstrapassasjer i magen. Dessutan, for å sitera Lyslugg: "Om det er noen som skal ha dårlig samvittighet i denne situasjonen, så er det arbeidsgiveren din, ikke du".
Eg har lenge lurt på om eg burde skriva noko om dette her, eller om eg heller burde lida meg gjennom heile situasjonen med samanbitne tenner og "æra" i behald. Men no får det gå som det går. Eg treng ein ventil, og har allereie slite ut altfor mange av mine næraste med å prata om dette.
Det er på tide å go (kinda) public.
Situasjonen er nemleg som følger:
Eg har vore vikar på same arbeidsplass lenge no. I juni blir det to år. Innimellom har eg vore ute på det ein i den eufemistiske mediabransjen kallar "lufting", det vil seia ubetalt og uønska "ferie" for å ikkje vera så lenge samanhengande same plass at lovar og forskrifter om fast tilsetjing byrjar å gjera seg gjeldande.
Kontraktane har stort sett heile tida vore korte. Då eg blei kasta ut i august/september, kalla dei meg tilbake allereie i november, med lovnader om at "neste år håper vi at det blir en ledig stilling her, og da ligger du godt an i køen". Dumme meg kom tilbake.
I januar i år gjekk eg til sjefen og spurte om han ikkje kunne bruka vikarpengane sine til eit skikkeleg langtidsvikariat for meg, så visste både han og eg kva me hadde å forhalda seg til, men då gjentok han dette med at "vi holder på med en skikkelig gjennomgang av personalsituasjonen her for tida, og så snart vi har gjort det, regner jeg med å få hjemmel for en fast stilling her. Da håper jeg virkelig du søker". Dumme meg fann meg i det.
Så, etter mykje om og men og fram og tilbake og legging av stillingskabalar, lyste dei ut ei fast stilling på mi avdeling i midten av april, med søkefrist 1. mai. Eg stussa over utlysingsteksten, som la stort fokus på kompetanse og erfaring innan felt som eg har jobba lite med, men ikkje eigong nemnte nokre av mine sterkaste felt, men tenkte at det sikkert bare var eg som er paranoid. Folk som ikkje kjenner mediebransjen generelt eller min arbeidsplass spesielt, gratulerte og meinte at "så flott! Nå er du vel endelig sikret jobben?"
Utanom Klubben.
Dei hadde, som eg, lagt merke til at utlysinga verka veldig eksluderande overfor meg, og på eiga hand innhenta meir informasjon. Det dei fann ut, var det eg frykta: Det verkar absolutt som om leiinga helst vil finna nokon andre enn meg i den faste stillinga. Ikkje fordi dei er misnøgde med det eg har bidrege med dei siste to åra, men fordi dei har ein slags forskrudd ide om at dette er anledninga til å finna nokon som er endå flinkare, som kan endå meir, som har jobba i mykje meir prestisjetunge redasjonar før, osv osv.
Kort sagt: Dei ønsker seg ein redningsmann (eller -kvinne, men helst mann, for dei er jo menn sjølv, og då er det jo mykje lettare å kjenna seg igjen i andre menn, så klart). Ein person som eigenhendig skal løfta heile avisa, som er flinkare enn alle andre journalistar til saman, på absolutt alle felt.
Eg er ikkje den personen.
For det første kjem eg ikkje utanfrå, kor graset som kjent er mykje grønare enn her heime. For det andre veit dei så altfor godt at i tillegg til sterke sider, så har eg også (sjokk!) svakare. Det vil dei ikkje vita av.
Så heile prosessen har blitt som han måtte bli med dei premissane.
Etter søkefristen gjekk det to veker før dei kalla inn fem av dei i alt førti-førtifem søkarane til intervju. Tre eksterne og to interne (inkl meg). Heile intervjuet var ei einaste lang rettsak.
"Hvorfor har du ikke gjort mer av den typen saker? og den?" og "hvorfor har du ikke prioritert det framfor det?" og "det virker som du har 'trekt deg' litt i det siste, hvorfor?" (dei skulle bare visst korleis det er å gå på nokre-veker-i-slengen-kontraktar, kva det gjer med motivasjonen og framtidsplanlegginga...) og "hvordan kan vi vite at du faktisk har lyst å være her, at det ikke bare er noe du sier?" osv osv osv.
Der ein av mine to næraste sjefare tidlegare sa at han verkeleg håpa at eg kom til å søka ei komande fast stilling, og den andre tom. at "slapp av, klart du får jobben", heiter det no at dei har fått så mange gode eksterne søkarar, og det er verkeleg ingenting som tilseier at akkurat eg stiller i noka særstiling her, osv osv. Dei brukar alle anledningar til å toa hendene sine for meg, til å gjera meg meir og meir usikker på dei og på framtida.
Hadde eg vore mindre sikker på meg sjølv, hadde eg sikkert tenkt at det måtte jo vera noko gale med meg også, og med mine evner som arbeidstakar, men dithen har dei ikkje klart å piska meg. I alle fall ikkje enno. Eg veit eg kan. Faktisk.
Så per no er den tydelegaste konsekvensen at eg ikkje har lyst på jobben lenger.
Ironisk, etter halvanna år kor det er det eg har ønska meg mest. Hadde dei gitt meg fast for eit år sidan, hadde eg jubla og bedt heile avdelinga med på restaurant for å feira. No har dei øydelagt alt.
Eg har lyst å få jobben, om ikkje anna fordi det ville vera rett og rimeleg og fordi eg veit at eg er flink nok!. Meir enn flink nok. Betre enn dei fortener når dei oppfører seg slik. Eg har fått gjennomgåande gode tilbakemeldingar, eg har vore stødig og lojal og dyktig innan svært mange sjangrar, gjennomført alt eg har fått beskjed om og kome med dei daglege initiativa sjølv - hoppa når dei har sagt hopp. Høgt.
Men eg har altså ikkje lyst å ha jobben. Dei har øydelagt for mykje. Viss eg mot all formodning får han (dei skal bestemma seg neste veke, "hvis vi da ikke må kalle inn flere, eller gjennomføre noen av intervjuene på nytt først"), kjem eg til å takka ja, men det er utelukkande av praktiske hensyn.
For det er jo ein ekstra kompliserande faktor, dette med framtidsplanane mine. Eg hadde tenkt å fortelja om Lille Knøtt til sjefen i forkant av søkeprosessen. Om ikkje anna, kunne eg då stå fram som tydeleg diskriminert i etterkant om eg ikkje fekk han då.
Det meinte klubben var ein dårleg ide: "Aldri innrøm at du er gravid! Ikke om du så ser ut som ein ballong og er på god vei til fødestua!", var beskjeden derfrå. Dei hadde mange konkrete døme på at godt kvalifiserte interne søkarar ikkje har fått jobben nettopp av denne grunnen akkurat på denne arbeidsplassen, endå så ulovleg det er.
Så no går eg her, fem månader på veg, og må framleis halda dette skjult, som om eg var ei eller anna 1800-tals tenestejente som hadde havna "i uløkka". Heldigvis for meg, er eg framleis ganske liten, men det er jo bare flaks. Kva skulle eg gjort om magen verkeleg poppa? Skulda på litt for kraftige innhogg i pastafatet? Vondarta svulst i mageregionen?
Mogleg det er ekstra hormon i omløp her som også gjer meg ekstra sårbar, men akkurat det der med hemmelighaldet svir også ein del. At eg skal måtta snika meg rundt som ein forbrytar, som om eg hadde gjort noko feil og skammeleg som for all del ikkje må koma ut!. Eg hadde ikkje trudd at eg skulle måtta forhalda meg til så mange ekstra belastningsfaktorar i akkurat denne livsfasen, då "alle" forståsegpåarar legg ekstra vekt på at ein skal stressa minst mogleg og kvila så mykje ein kan, og helst bruka tida på kos og avslapning og forventning. Kall meg gjerne naiv, men eg hadde ikkje tenkt at det kom til å vera så jækla vanskeleg, alt.
Og at eg veit akkurat det, at "en stresset mor kan forandre strukturen i fosterets hjerne ... spesielt de områdene i hjernen som er vesentlige for emosjonell utvikling" gjer meg sjølvsagt endå meir stressa og redd. Tenk om eg skadar Knøttet!
Derfor skulkinga. I går sov eg heilt til halv tre på dagen, etter veker med dårleg og opprørt nattesøvn og gåing på nåler på jobben. Er ikkje det teikn på stress, veit ikkje eg. Eg, som alltid klarar legga frå meg jobbekymringar i det eg dreg nøkkelkortet og går frå arbeidsplassen, har dei siste vekene lege vaken om natta og tenkt og grubla, grubla og tenkt. På jobben. På framtida. På kva eg eigentleg vil.
Eg er sint, men også oppgitt. Trist, skuffa, sliten. Eg kjenner meg brukt. Tygd på og spytta ut. Og same kva som skjer framover no, er det ei kjensle det skal ta tid å lækja.