Fitter. Happier. More Productive*
Eg har lenge tenkt å skriva noko om samvit. Særs om den dårlege sorten. Men sidan eg sit til oppunder øyrene med ein foreløpig altfor kort tekst som bare må ha blitt lang og trykkbar innan i morgon kl 09.15, får det lange innlegget venta litt.
Men ei liste har eg tid til:
Fem ting eg har (litt) dårleg samvit over
- sjølv om eg veit at det er teit å ha det:
* At eg ikkje likar å sjå TV, og derfor gjer det minst mogleg
* At eg sjeldan les heile avisene - og det er ikkje bare sporten eg blar forbi, heller!
* At eg ikkje likar spinning
* At eg er mest glad i å gå på ski når det er sol og fint ver
* At eg ikkje likar å gå i butikkar og følgeleg ikkje kjøper stort
Puh!
Lengre innlegg følger, som sagt. Medan du ventar, anbefaler eg denne posten hos Elisabeth. Det er noko av det same eg tenker - bare at ho er komen mykje lengre i tankane. Eller noko.
* Radiohead: Fitter Happier
1 kommentar:
Oi så hyggelig å bli referert til :) "Op cit. Elisabeth" liksom (uten at jeg husker hva op.cit betød, men husker i alle fall at det ble flittig brukt i forbindelse med div oppgaver i min tid som mini-akademiker).
Legg inn en kommentar