tirsdag, mars 06, 2007

Sirup

Du veit sånne dagar kor det følest heilt feil å vera på jobb? Kor ein kjenner seg som ein innesperra ungdomsskuleelev som ikkje klarer halda blikket vekke frå vinduet og verda utanfor, og må kjempa aktivt for å halda seg i skinnet og ikkje bare gå? Ikkje fordi det ein gjer er så fælt mykje mindre meiningsfullt enn vanleg, eller fordi ein er så spesielt mykje trøttare enn normalt. Det er nettopp det som er greia - det er ingenting å setja fingeren på, men noko er likevel feil. Ein sånn dag kor ein burde blitt i den varme senga, og stått opp først langt utpå dagen, til god frokost, ei skikkeleg bok og ein tur på kafé med gilde folk, eventuelt ein lang skitur eller ein togtur langt vekk. Du veit kva eg snakkar om?

Ein sånn dag er det eg har i dag.

Urgh.

Så no veit de det. Og eg registrerer at det ikkje hjalp å skriva det av seg.

2 kommentarer:

Ane sa...

Du, jeg vet så utrolig godt hva slags dag du mener. For den dagen har jeg i dag.

-lin sa...

Håpar dagen din tok seg opp!

I alle fall at veka gjorde det. Eg sit framleis fast i mi, vanskeleg å sjå enden.

Har lyst å vera heime og lesa bok!