Krible krible
Hm.
Eg hadde ein slags ide om at så snart eg fekk bekrefta at det blei noko av kjempeprosjektet, og offentleggjort det til litt fleire, ville den kløande, kriblande, irriterande utålmodigheten eg har kjent på eit par månader gi seg.
Men nei. Den overspente hjernen min hadde andre planar.
"Utålmodighet" er uansett feil ord. Det er meir som om eg går her og ventar på noko - noko stort - utan at eg klarer å setja fingen på kva det er. Er bare rastlaus og surrete, forvirra og -igjen- utålmodig. No stemmer det sjølvsagt at eg ventar på noko, men det får då vera måte på rastløyse!
Kanskje eg ikkje tolar å ta det med ro? Har prøvd å kutta jobbinga ned til vanleg 100% den siste tida, og merkar at eg får masse fritid av så slapp timeplan. Går jo på trening og heng med venner og nyttar meg av ulike kulturtilbod, men det gjorde eg jo frå før, så det blir likevel mykje tid til overs.
Tid til å gå her og verka, altså.
Sjekkar mailen tusen gonger dagleg, klikkar rundt på alle moglege bloggar, sjekkar telefonen om ingen har sendt ei fantastisk melding sidan eg sjekka sist for ti minuttar sidan, surfar rundt på nett etter informasjon eg ikkje treng, og som uansett ikkje har endra seg sidan forrige gong eg var inne for under eit døgn sidan, og er generelt virrete og annig.
Hm igjen.
Har verkeleg ingen gode forklaringar på kvifor eg kjenner meg sånn for tida. Kan det vera våren? Alderen? Lediggangen (som jo er rota til alt vondt)? Andre forslag?
Beklagar det surrete innlegget - det er i alle fall sant mot kven eg er for tida...
4 kommentarer:
Men, kjære deg - du skal jo BYGGE REDE nå, du! Kikke på babyklær, tenke på hvilke bilder du skal ha på babyrommet, sjekke ut gravid-moten, finne ut hvor det arrangeres babysvømming, babysang og liknende aktiviteter, og - ikke minst - lete etter kort du kan sende ut for å annonsere at avkommet har ankommet! Eventuelt, hvis redebygging ikke appellerer - gå på kino så ofte du kan. For fra ungen er ute og i noen år framover kommer kinogåing til å bli nedprioiritert. Og hvis du har lyst på nye camper-sko: kjøp dem nå. Fra nå av kommer barnecamper-sko til å være viktigere enn sko til deg selv.
Men dette er jo bare en rekke meningsløse råd fra en som ikke har barn, og oss kan en strengt tatt ikke høre på... :)
Det der reiret, altså, kan folk bare ha for meg. Las nettopp denne artikkelen om nesting i USA, og haldt på å dø av latter. Eg meiner, trur du ungen bryr seg stort om me byttar ut baderomsflisene før han kjem? Trudde ikkje det, nei...
Mora mi spurte også om eg hadde byrja å tenka på babyklede og slikt, men eg måtte svara som sant var, at niks og piks - no such thoughts.
Hm. Kanskje eg rett og slett manglar eit par av mammagenene? I alle fall viss dette genet er det same som shoppinggenet, som andre damer visstnok har veldig dominante versjonar av...
Men kino skal bli! Må bare slutta med denne jobbinga utover natta, som i kveld, så er det blant punkta øverst på lista.
Og Campers-sko! Nam!
Er for øvrig veldig imot denne tankegangen om at alle utan barn liksom er utan stemmerett i alt som har med barn (og reir!) å gjera! Det er jo ein heilt idiotisk tankegang, omtrent som å seia at bare folk med minoritetsbakgrunn skal få diskutera innvandring, at bare lærarar har lov å diskutera skulepolitikk, eller at bare bønder har noko dei skulle ha sagt om WTO og landbrukssubsidiar. For eksempel.
Om eg høyrer på folk sånn generelt, er derimot eit ope spørsmål... ;o)
Apropos Campers - jeg forelska meg i disse: http://shop.camper.com/product.camper?opcion=80069-001&idescaparate=KIDS
Bare for å oppdage at... det er barnesko!! Går bare til størrelse 34! Hvor ond og urettferdig er ikke verden...
Godt jeg fikk kjøpt meg 9 par sko i London i helga. Ja, ni par. Primark selger jo ballerinasko i alle regnbuens farger for mellom 4 og 10 pund per par... Det ville jo være for ille å ikke benytte seg av sånne tilbud.
Veldig veldig fine Campers.
Men NI par ballerinasko?!?! No er det vel rett før du piruetterer gjennom klasserommet, vil eg tru?
Legg inn en kommentar