Portugalpåske med noko attåt
Ah! Påske er ein fin ting, altså! Ti dagars uttelling for tre dagars avspasering, vår i lufta og løfte om lysare tider.
Og Portugal!
Fine, fine Portugal! Var første halvdelen av ferien saman med venner i sommarhuset til foreldra av ei venninne, nær herlege, vindige jærliknande strender og Kardemommebyen over, og andre halvdel saman med "bare" Lyslugg i pittoreske Lisboa.
Er veldig for sånne byar kor der ikkje er så mykje ein må sjå, og ein dermed kan bruka desto meir tid på å bare surra rundt! Opp og ned og ned og opp dei tronge gatene, innom kafear og bortom parkar.
Fint liv!
Det einaste eg har å utsetja på heile ferien, er all vinen - og portvinen! - eg ikkje fekk drukke, og dei upasteuriserte ostane og all spekematen eg ikkje fekk ete.
Men det er ei særs lita innvending. Motivasjonen er trass alt stor. Eller liten, alt etter koss ein ser det...
(draumatisk pause)
Foreløpig termin for det eg tidlegare har kalla eit "kjempeprosjekt" er 26. september. Meir her for dei spesielt interesserte.