For og mot
Alle intensjonar om ei roleg veke før påske er for lengst smadra i tusen knas, eg jobbar seint og eg jobbar tidleg og styrar på så godt eg kan dei få timane døgnet inneheld. Driv akkurat no og stiller meg inn på nok ei lang natts ferd mot ferdig - igjen - men siktar mot ein time eller tre på auget på morgonkvisten om eg er heldig. Avspaserer halve torsdag (hurra!) og heile fredag (juhu!!), så det er trass alt ikkje så mange timar eg treng halda ut før eg kan kollapsa på flyet til påskeferie i Portugal, heller.
Portugal, jeee!
Lurar på om det eigentleg er noko poeng å halda liv i denne bloggen, for eg har i grunnen hundre andre ting i livet mitt som betyr meir for meg og som eg heller vil bruka energien min på for tida. Nokre større enn andre, inkludert eitt kjempeprosjekt som eg skal fortelja meir om ei anna gong.
Men så er eg jo ein stabeis av natur, som ikkje likar å feiga ut på ting eg har byrja med. Kanskje er det bare å senka lista endå eit par hakk, og heller la bloggen stå tom når ideane uteblir? Så kjem dei kanskje tilbake etter kvart?
Hm. The jury's still out on that one, kjenner eg...
3 kommentarer:
Jeg heier på fortsatt blogg, i hvert fall. Det er jo bare du som kan avgjøre, men jeg liker å lese det du skriver! Dessuten kan du jo ikke bare skrive om et kjempeprosjekt som du skal fortelle om seinere og så ikke fortelle ;)
nei, ikke slutt.
Blogg er fint! Heia blogg! Og det kjempeprosjektet gjorde meg selvsagt nysgjerrig - så dét må du så absolutt komme tilbake til! Dessuten - Portugal? Det foresvever meg at det ble nevnt en gang, men det hadde jeg helt glemt - så gøy! Håper det kommer bilder og ekspedisjonsrapport derfra i ettertid. God tur! Jeg skal være hjemme i påska, og håper det blir fint vær sånn at jeg kan gå tur langs kysten og sette meg et sted og lese noen av de 29 bøkene jeg har liggende i bunken "skal leses asap".
Legg inn en kommentar