Nattskiftet igjen
Så mykje for dei «rolege desemberdagane» eg hadde sett føre meg i år.
Sit med frilansgreie eg burde hatt ferdig i går, og som i alle fall må vera ferdig til i morgon, og sparkar meg sjølv hardt i leggen fordi eg tok på meg ekstraarbeid når eg hadde meir enn 100% frå før, eg som for ei gongs skuld skulle nyta førjulstida.
På den andre sida har det skjedd mykje kjekt i det siste og, altså! Adventskonsert med koret første søndag i advent, julefest med herleg mat hos venninne lørdag, julekakebakeverkstad med fullt hus og stormande jubel heile gårsdagen til ende (altså søndag, 14-24) heime hos oss, og gløggdrikking og aleinesurring og trening innimellom- i alle fall så godt det let seg gjera mellom ekstrajobbing meg her og overtid meg der.
Denne veka vert det julefest onsdag, babybesøk og venninneøldrikking torsdag, og hyttetur til Finse fredag til søndag.
Puh!
Og med det vender eg tilbake til det faste programmet: Nattejobbing.
2 kommentarer:
Finse? Du kan da ikke reise til Finse når jeg en sjelden gang skal bevilge meg en førjulstur til hovedstaden på lørdag?! Jaja, da får vi satse på å treffes en annen gang. Tror jeg skal til storbyen igjen 3. januar, på universitetets faglige dag - kanskje vi skal booke inn en kopp te da, allerede nå? ;)
Hm... Her trur eg faktisk det er informasjonsavdelinga di som har svikta, frøken! Eg har nemleg ikkje fått informasjon om dette, og reknar meg uskuldig i det inntrufne!
Men 3. januar bør eg vera å treffa. Trur kanskje eg skal gjera ein frilansting for forlaget etter/i staden for jobb den dagen, men me får det nok til.
Legg inn en kommentar