mandag, oktober 29, 2007

God, betre, vinnar

Då er var yngre, trudde eg det var viktig å vera god på skulen. Ikkje bare god heller, men best. Best i klassen, definitivt, og eigentleg best på skulen i same slengen.

«Best» betyr best karakter. Logikken er sånn, at om du har vist det èi gong at det går an å få 6'ar (eller S før det) på ein prøve, så betyr det at du bør få 6 alltid på prøvane i det faget, og til slutt 6 i standpunkt og på vitnemålet. Gjer du ikkje det, betyr det at du er dårlegare enn deg sjølv, og det er faktisk ikkje akseptabelt. Kva blir det neste då, liksom? 4'ar?!?

Det var ingen som hadde fortalt meg dette. Eg hadde funne det ut heilt sjølv at det var slik ting hang saman. Så var det heller ingenting å prata så høgt om. Eg fekk mine 6'arar, trente symjing 20 timar i veka, song i kor og jobba som badevakt. Las bøker og gjekk på kino, og gjorde det som er venta av ein tenåring i heimen.

Alt utan problem. Eg var sliten, så klart, men kven er vel ikkje det? Truleg jobba eg uansett mindre enn mange andre gjorde for mykje dårlegare resultat.

Kanskje gjekk det greit nettopp fordi eg i alle fall oppfatta det som sjølvpålagt press. Det var ikkje lærarane som sa at eg måtte jobba hardare, strekka meg lenger, at bare 6'ar var godt nok. Ikkje mor og far, ikkje andre slektningar, ikkje venner eller kjente. Det var eg. Eg forstod jo at gode karakterar gir ein slags type prestisje, men også at gode skuleresultat i sosialdemokratiske Norge også var noko litt suspekt. Noko sært, i grunnen, og eit mogleg hint om uvanleg velutvikla evne til smisking.

Så når eg les denne artikkelen i New York Times i dag, om rektoren på ein prestisjetung amerikansk vidaregåande skule i eit betre strok av Boston som går ut og seier at elevane er under for mykje press - så mykje at dei blir stressa - så prisar eg meg glad og lukkeleg over at eg tilfeldigvis blei fødd i Noreg, ikkje USA.

Nettopp fordi eg veit så enormt godt kva han snakkar om. Eg huskar eg tenkte på det også då eg var i USA, både som 16-årig high school-elev og som 22-årig student. At «dette systemet, det er skapa for sånne som meg. For vinnarane, dei som klarer å oppretthalda eit A+ average og make honor roll samtidig som dei er flinke i idrett, driv på med musikk og helst involverer seg eit par andre aktivitetar også i tillegg til jobb. Community service og slikt.»

Det var fleire av typen på den high school'en eg gjekk på. Stephanie, for eksempel, som var anchor på det direktesendte morning showet som gjekk ut i alle klasseromma før skuledagen starta (=høg populærfaktor), kaptein på tennislaget (=individuell idrett), solist i show choir (=det mest prestisjefylte koret), solodansar i ein musikal eg har gløymt namnet på (=sceneutstråling!), og med på dean's list som ramsa opp dei ti prosenta av elevane som hadde høgast karaktersnitt. Som fekk eittelleranna stipend til eittelleranna prestisjefylt universitet - eg har gløymt kva for eitt – (men det var ikkje Columbia, eg huskar ho var lei for det), og sikkert graduated med dei beste papira derifrå.

Pluss ein heil skokk andre, gutar og jenter, som klarte den balanseøvinga det er å vera best. Best på skulen, best i idrett, best i musikk, best i spirit, best i alt. Sikkert best i karriere og familieliv også, når dei kjem så langt.

No er det som kjent sånn i USA, at ein kjem langt med å vera skikkeleg god i èin ting også. I alle fall om den tingen er idrett, helst ein av dei mest prestisjetunge (football, basket, baseball, hockey). Men der som her, kjem ein lenger om ein er god i fleire. Oftast mykje lenger.

Hadde eg vore amerikansk og gått på skulen i NYT-reportasjen, hadde eg sikkert fnyst av den blaute rektoren, som vil sy puter under armane på middelmådige studentar. «Eg treng ikkje avslapping, eg klarar meg heilt fint» ville eg sikkert tenkt - og på eitt plan hatt rett. Eg trur nemleg eg hadde takla det heilt fint, det amerikanske systemet. Presset. Trur eg har rett i at sånne system som passar fint for sånne for meg, og at eg kunne blitt ein einar - a winner - i det. Eg har dessutan skikkelege foreldre som garantert hadde spara pengar til universitetsutdanninga mi - framtida ville vore sikra, med og utan scholarships. Helst med. Alt eg hadde trunge å gjera, var å halda oppe dampen frå vidaregåande. Ikkje bruka studietida på å finna ut at det eigentleg ikkje er så himla viktig å vera best, slik eg faktisk gjorde.

Men ville eg vore lukkelegare av å vera ein amerikansk vinnar? Neppe. Klokare? Trur ikkje det, heller.

Ein kan seia mykje om det nordiske likskapsidealet, og eg skal vera ein av dei første til å innrømma at eg brukte sikkert 75% av skuletida mi på å kjeda meg halvt i hel fordi stoffet var for lett og progresjonen for sakte. Men det har absolutt sine verdiar som er verdt å ta vare på.

Forståinga av at menneskeverd ikkje kan målast i karaktertal, for eksempel.

Ingen kommentarer: