onsdag, juli 16, 2008

Ta sats!

Oops. Eg reiste visst på ferie, eg, utan å melda i frå. Meir om det sidan, når kameraet og Dumbo med alle bilda på kjem tilbake saman med Lyslugg, som blei igjen eit par dagar ekstra i New York.

Har i alle fall hatt det heilt herleg, om det skulle vera nokon tvil!

Kom dessutan heim til ein skikkeleg gladnyheit:
No som eg har fått fast stilling, er eg endeleg blitt meldt inn i bedriftens treningsavtale med Sats, som eg tidlegare ikkje har hatt tilgang til.

Jee!

Så vidt eg klarar å rekna over, er der åtte senter i Oslo (Aker Brygge, Ila, Kampen, Majorstua, Nationaltheatret, Sinsen, Spektrum og Storo), eitt av dei (Kampen) i kort avstand heimefrå, eit par av dei andre (særs Spektrum) nære jobb. No om sommaren er det sjølvsagt færre timar enn vanleg, men når haustprogrammet startar i august, kan eg jo håpa eg rekk litt hopp og sprett (eller kanskje heller bøy og tøy) før den verkeleg Store Økta i slutten av september/byrjinga av oktober. Dessutan utover vinteren og våren - dei har visstnok ein del "snille" opptreningstimar som sikkert passar fint etter fødsel, inkludert timar spesielt tilpassa mor og barn.

På Sats sine nettsider fann eg for øvrig denne korte meldinga, om treningsråd for gravide. Eg skal prøva å halda gravidgreiene litt unna denne bloggen, men kan i alle fall konkludera med at denne Jill ikkje skriv noko anna i boka si enn det eg visste frå før: Trening er bra, men ein skal ikkje gjera ting som gjer vondt.

Så dette blir stas!

Det siste halvanna året har eg gått på Friskis & Svettis, som er mykje billegare enn Sats. Det har vore ok, dèt, men dei har kun tre senter i Oslo, og veldig få timar. Oftast rekk eg ikkje trening verken klokka fire eller fem, og då blir det lite å velga i der. Sats er større, og har fleire timar også om kvelden. Dessutan større utval i type timar generelt.

Pluss at dei har eit mykje kjekkare namn. Eg meiner, Svettis?!?! Kven i all verda var det som tykte det var eit godt ord å importera til Norge? Æsj!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hei, morsomt å lese bloggen din, og takk for lenke!
Interessant å lese om andres erfaringer som journalistvikar - gratulerer forresten med fast jobb!

-silje

-lin sa...

Velkomen Silje, og takk for gratulasjon! Som du kan lesa, har det vore ein ganske humpete veg mot den faste jobben, men no har eg bestemt meg for å legga alt surret bak meg, og heller fokusera på det viktige: juhu! jobb!

Forstår du er ferdig med den store oppgåva - lukke til med livet etterpå! :o)