Fekk nett mail frå Oslo Journalistklubb, som minner om at fristen for å søka på deira "hvilestipend" er 15. august.
Jøss. Ikkje verst, tenkte eg, ganske imponert over fagforeiningas evne og vilje til å gå inn for å forebygga utbrenthet og nedslitthet blant medlemmene sine.
Heilt til eg las kriteria:
Oslo Journalistklubb deler ut hvilestipend til medlemmer i 2008. Kriterier for tildeling av stipend er todelt:
1. Lang fartstid i yrket.
2. Særskilte kriterier som arbeidsledighet, midlertidighet, belastningsskader, utbrenthet og lignende.
Då sank entusiasmen eit par hakk, gitt. At ein bør ha jobba lenge før ein får kvila er no ein ting, men at ein
allereie bør vera utbrent, overbelasta og helst også arbeidslaus
før ein er fortener ein pause, verkar for meg litt, tja, mot hensikten.
Men kva veit vel eg, eg som er heilt ny i denne verda av fast oversiktelegheit. Forebygging er tydelegvis ut, reparasjon det som gjeld. Ingen andre i redaksjonen som stussa, så mogleg dette er gjengs metode.
Eg håpar bare eg aldri kvalifiserer for akkurat dette stipendet...