onsdag, januar 25, 2012

Den kalde songen

Det har vore eit bratt år så langt. Seigt og mørkt og vanvittig slitsamt. Kaldt.

Eg ikkje bare trur at Klaus Nomi ville ha kunna relatera til det.



What Power art thou,
Who from below,
Hast made me rise,
Unwillingly and slow,
From beds of everlasting snow!

See'st thou not how stiff,
And wondrous old,
Far unfit to bear the bitter cold.

I can scarcely move,
Or draw my breath,
I can scarcely move,
Or draw my breath.

Let me, let me,
Let me, let me,
Freeze again...
Let me, let me,
Freeze again to death!


(Men, for ordens skuld før nokon ringer Gaustad, eg er laaangt frå suicidal, altså. Bare blå. Kald. Stiv. Uvillig.)

onsdag, desember 14, 2011

2011 oppsummert

ÅRET SOM GJEKK:

1. Kva gjorde du i 2011 som du aldri har gjort før?

Meldte meg på og gjennomførte eit skirenn - til og med på ei tid betre enn snittet i min klasse!

2. Haldt du nyttårsforsetta dine? Vil du laga nye?

Ja. Og ja. Driv jo eigentleg ikkje med forsett, men den tingen eg lova meg sjølv i året som gjekk, heldt eg. Eg hadde bestemt meg for at anten så måtte eg ta grep om eigen arbeidssituasjon på noverande arbeidsplass, dvs pressa leiinga til å sjå at eg bør og må få jobba med mitt felt, eller så måtte eg slutta der og starta med noko heilt anna. Og eg viste dei! Tok grep og tek plass og er i ferd med å gjera meg så uunnverleg som eg planla der eg jobbar. Er stolt og glad for det. Det kostar, men gevinsten er også stor. Eg er ikkje lenger "redd" for eigen arbeidsplass eller mine overordna der, slik eg var då eg gjekk ut i permisjon seinsommaren 2010.

3. Blei nokon som står deg nær mor eller far?
Ja! Broren min fekk si andre dotter i november, hurra! Og denne veka, sjølvaste Lucia-dagen, fekk ei av mine beste venninner dottera si på keisarleg vis. Hurra!

4. Døydde nokon som stod deg nær?
Nei. Ikkje nær. Men å. Å! 22.juli...

5. Kva land har du besøkt det siste året?
Færre enn i glanstida, gitt, og vel ingen nye.
Men... skalmesjå... Italia fekk eit herleg trevekers besøk i april-mai. I september var Lyslugg og Lillebror og eg ei helg i København, medan Storebror var heime i Oslo saman med mormor.

Og i oktober-november var eg Ei Heil Veke i New York! Det var ein heilt vanvittig fantastisk tur. Kun meg, meg, meg, mine ønske og mine behov og maks påfyll på alle kontoar (utanom bank-, kremt...)

6. Kva ønsker du deg neste år som du har sakna?

Åh, det er klisjé så det rekk og held i lange banar, men eg jo svara tid. Det blir liksom aldri nok, aldri aldri, og eg skulle så gjerne vore meir med gutane i meir opplagde delar av døgnet deira, dvs utover morgon før barnehagen og seinettermiddagen/kvelden etter... Sukk.

På den meir materialistiske sida merkar eg at eg har opna for Husdraumen. For tanken, liksom, på at det faktisk går an å bu på meir enn 60kvm for to vaksne og to barn og to barnevogner og tretusenmillionar duploklossar og leiker og bøker og kjøkkendingsar og ting ting ting... Farleg tanke, eg veit, i ein by kor ein 126kvm leilighet med takst på 4,9 går for 6,4 millionar. Sukk igjen.

7. Kva datoar i 2011 gløymer du aldri, og kvifor?

22. juli, av ekstremt openbare grunnar.

Elles er eg jo generelt dårleg på datoar. Men eg kjem til å huska dei store hendingane på det personlege planet òg. NY-turen og skirennet og dei herlege, magiske stundene med gutane og kjærasten min. Heldige meg!

8. Kva er det største du har oppnådd i år?
Ingen fødslar, så då blir det det med jobben som eg nemnde over. Lønspålegg har eg også karra til meg. Veldig beskjedent, men prinsippet ligg fast.

9. Kva var din største nedtur?

Veit ikkje om eg skal kalla det nedtur, men det var ei stor overrasking å vera vitne til Lyslugg sitt tobarnssjokk. Eller, rettare sagt dette at eg ikkje var vitne til det så lenge, og blei desto meir overraska då eg forstod korleis det var fatt. Det kan vera smertefullt å oppdaga kor mykje av familiedynamikken som heng på at folk oppfører seg "som vanleg", og presterer innanfor normalen.

10. Har du vore sjuk eller skada?
Nei, ikkje skikkeleg. Litt snue, men ingen eigne sjukedagar. Lillebror, derimot, viser seg å vera eit øyrebarn. Fire-fem antibiotikakurar på kort tid, stakkars litle kroppen...

11. Kva var ditt beste kjøp?
I USA kjøpte eg meg eit Nook Simple lesebrett som eg eeeelskar. Støtte for pdf og epub i tillegg til engelske bøker kjøpt via wifi, skikkeleg supre greier.

På same NY-tur oppdaterte eg dessutan garderoben. Høyres kanskje litt kvardagsleg ut for mange, men det er tre år sidan eg sist handla klede, så for meg er dette ei Stor Greie. Prøverom utan unge i vogn på slep! For ikkje å snakka om unge i beretøy på kroppen! Juhu!

12. Kven fortener ein hyllest for oppførselen sin?
Mor, alias Verdas Beste Mormor.

På meir overordna plan er eg imponert over måten mange politikarar takla 22. juli.

13. Kven sin oppførsel gjorde deg nedstemt/lei deg?

"Nedstemt" dekker ikkje ein brøkdel, men ein viss bombepsykoskytemann må jo nemnast, om enn ikkje med namn.

På privaten er det eigentleg mest relevant å nemna meg sjølv, trur eg. Det er dette med at ein aldri rekk alt. Heller ikkje det positive.

14. Kva gjekk mesteparten av pengane dine til?
Kvardag, kvardag, kvardag. Litt sparing, ein del reising, og betaling av lån og sånt. Råkkenråll!

15. Hva gjorde deg veldig veldig veldig oppspilt og glad?
Alle babyane som er komne til!

16. Kva song vil alltid minna deg om 2011?
"Mitt lille land" framført av Maria Mena.

17. Samanlikna med denne tida i fjor, er du...
a. Gladare eller tristare? Nokså likt, trur eg. Tryggare. Rolegare. Det er kanskje gladare, det?
b. Tynnare eller tjukkare?Veit ærleg tala ikkje. Men tjukkare enn eg vil, så får sjå kva 2012 bringer...
c. Rikare eller fattigare? Føler meg fattigare, men trur ikkje dei reelle tala støttar meg.

18. Kva skulle du ønska du gjorde endå meir av?
Sov! Stryk bare "endå"...

19. Kva skulle du ønska du gjorde mindre av?
Middagslaging. Å herreguuuuud kor lei eg er av å laga mat! Og eg som eigentleg likar, eller likte, det!

20. Korleis vil du feira jula?

På hytta på fjellet, saman med Lyslugg, hans mor, hans søster, og verdas herlegaste gutar. Me dreg opp seint om kvelden min fødselsdag 22.12, og blir kanskje til heilt over nyttår.

21. Vart du forelska i 2011?

Ikkje på nytt, men er det ikkje fantastisk koss kjærleiken bare boblar over innimellom?

22. Kor mange one-night stands hadde du?
Resirkulerer svaret frå alle føregåande år: Ingen, så klart.

23. Kva var favorittprogrammet ditt på TV?

Det er bare å innsjå det. Eg blir visst aldri ein boksglanar, trass iherdige forsøk. Men eg likar "Dr. House" når eg tilfeldigvis får med meg det, og trur kanskje det var i år eg såg litt på "Borgen"?

24. Hatar du nokon no som du ikkje hata på denne tida i fjor?

Er som tidlegare dårleg på hat. Men ein viss dato er igjen vanskeleg å koma forbi. Sånn apropos hat og hatefulle gjerningar.

25. Kva bok er den beste du har lese i år?
Har jo lese eit lass, og anmeldt mange frå lasset, utan at det gjer situasjonen betre. "Fjorden" av Lars Ove Seljestad gjorde inntrykk. Og så gler eg meg til å lesa Linn Ullmanns "Det dyrebare" i jula.

I litteraturhjørnet må eg dessutan nemna at eg er med i "Min kamp. Sjette bok"! Så kan eg slappa av og vita at eg er foreviga. Puh!

26. Kva var årets beste musikalske oppdaging?

Heilt på tampen, då tidlegare nemnde Linn Ullmann blei intervjua på Litteraturhuset, prata ho om at ho høyrte mykje på "The Cold Song" frå Purcells opera "King Arthur" medan ho skreiv.

No gjer eg også det! Såååå vakker! Og gripande, på uendeleg mange plan.


27. Kva ønska du deg – og fekk?
Kontroll over eigen arbeidssituasjon.

28. Kva ønska du deg – og ikkje fekk?

At kontrollen også gav meg betre kjensle av kontroll over eiga (arbeids-)tid. Jobbar mot at det skal skje. Ei gong...

29. Kva var årets beste film?

Går jo omtrent aldri på kino om dagen, så skrint utval. Ein av dei få tinga eg har gjort, har vore å sjå alle Harry Potter-filmane på DVD eller streaming, anten om igjen eller for første gong. Fin underhaldning!

30. Kva gjorde du på fødselsdagen din?

Den er om ei veke. Då blir det jobb, inkludert konsernlunsj, barnehagehenting som vanleg, og sikkert pakking av dei siste tinga før me set oss i bilkollektivbilen og dreg til hytta. Håpar på godt føre!

31. Kva enkeltting har gjort året mykje meir tilfredsstillande?

Hengevogga med kvit støy på dataen. Sovande baby oppi.

32. Korleis vil du beskriva klesstilen din?

"Usminka gamlemor prøver, men har for lengst innsett at stil ikkje er hennar greie".

33. Kva har halde deg i mental balanse?
Kjærleik. Sjokolade. Ein Lillebror som sidan han runda året faktisk søv! Natta igjennom! Hurraaaa!

34. Kva for ein kjendis likte du best?
Tradisjonen tru går eg for ein eg har intervjua. Då blir det anten Jan Kjærstad, The Hours-forfattar Michael Cunningham eller - smil gjerne - Trine Rein.

35. Kva i politikken har opprørt deg mest?
At Carl I Hagen klarte å dra med seg heile Frp-gruppa i Oslo til å snu i Lambdasaka, som i dag blei endeleg nedstemt i bystyret.

Og SV! Dont get me started on SV! Kva er greia med at dei stemmer for alt som er TEIT? Barcode - check. Skulpturpark - check. Men Lambda? Å neidå! Då måtte dei vera mot. Idiotar!

36. Kven saknar du?

Min hjartevenn frå året i Seattle, som no bur i Tyskland.

37. Kven var den beste nye personen som kom inn i livet ditt?

Ein gjeng kjempekule damer frå beresekta. Varierande grader av nærleik, så klart, men det har vore fint å ha nokon å venda meg til i permisjonen, og faktisk også nå etterpå. Synes det er bra at eg framleis kan få nye venner, sjølv om eg er gammal!

38. Fortel ein viktig livsvisdom du har lært i år?
Eg må ikkje gjera alt sjølv. Andre kan. Andre vil!

39. Ein songtekst som oppsummerer året.

Det måtte blitt eit herleg potpurri over Lust for Life (aka Lillebrors temasong), Mitt lille land, Tårnfridtemaet, italiensk gladjazz og Storebrors framføring av "Gubben og gamla". Aldri ein stille augneblink!

mandag, august 22, 2011

Och vi fortsätter växa fast han förblir 16 år

Så går tida. Så blir det betre. I små rykk og napp.

Likevel. Noko treff rett i kjernen. Som Melissa Horn, på minneseremonien i går.

Melissa Horn - Kungsholmens Hamn
Jag ser ljusen som tänds i parken vid Kungsholmens Hamn
Jag ser pojkar som gråter och flickor som tar de ihand
Jag ser mannen på balkongen ta en tyst minut för sig själv
Det kan aldrig göras ogjort det där som hände ikväll

Är du en av de som var där när det hände
Eller saknade du någon du en gång trodde du kände
Är du en av de som gråter när ingen ser på
Är du en av de som berörs ändå

Jag ser mig i spegeln med ögon röda av gråt
Jag tänker hur gick det till hur bar de sig åt
Min lillebror går ut och vi vet aldrig vart han ska
Jag blir så rädd när jag tänker att det kunde vart han eller jag

Aldrig mer ung eller aldrig mera fri
När det handlar om barn har vi rätt att ta någons parti

Men ni vet hur det känns när röda ögon ser svart
Och jag sänder en tanke till dig som ligger sömnlös inatt

Alla som vill ta en stund och fundera
När ska vi göra mod av sorgen och börja agera
Nu städar man gatan och snart försvinner alla spår


Jag ser ljusen som tänds i parken vid kungsholmens hamn
Jag ser pojkar som gråter och flickor som tar de ihand
Jag ser mannen på balkongen ta en tyst minut för sig själv
Det kan aldrig göras ogjort det där som hände ikväll
Nej, det kan aldrig göras ogjort det där som hände ikväll

søndag, juli 24, 2011

Mitt lille land



Mitt lille land
Et lite sted, en håndfull fred slengt ut blant vidder og fjord

Mitt lille land
Der høye fjell står plantet mellom hus og mennesker og ord
Og der stillhet og drømmer gror
som et ekko i karrig jord

Mitt lille land
Der havet stryker mildt og mykt som kjærtegn fra kyst til kyst

Mitt lille land
Der stjerner glir forbi og blir et landskap når det blir lyst
mens natten står blek og tyst


Eg hadde tenkt å skriva noko meir. Har nok behov for det òg. Men no ser eg at eg ikkje orkar likevel.

mandag, april 26, 2010

Främling!

Oooh!

Eg trur eg bare kjøpa denne t-skjorta.

Där bortom himlen finns som kjent en evighet - om du vill upptäcka den här med mig.

(Eller, kanskje ikkje her. Veit det er "litt" stilt her om dagen. Meir gang på barnebloggen, som nemnt sist).

fredag, februar 26, 2010

Flyttemelding

Pssst! Folkens!

I tilfelle du ikkje allereie har fått det med deg: Det er på Barnebloggen det skjer!

tirsdag, oktober 06, 2009

Vegkryss. Igjen.

Og så blei det stilt igjen.

Eg veit ikkje kva eg skal seia.

Avisa nedbemannar. Igjen. Denne gongen trur eg temmeleg sikkert det er min tur å gå. Mest sannsynleg allereie frå årsskiftet, om ikkje før.

Vel vel. Det var moro så kort det varte.

Og spørsmålet er stadig det same:
Kva skal eg bli når eg blir stor?!?

onsdag, september 09, 2009

Bento, baby!

Artiklar som denne og bilder som desse og desse, gjer det veldig veldig klart for meg at det finst mødrer som beveger seg i divisjonar av flinkhet som eg ALDRI vil oppnå - som eg ikkje eigong vil koma nær.

Stakkar, stakkar Lille Stor.


Han har ikkje skikkeleg matboks, ei gong, sjølv om han byrjar hos dagmamma måndag.

tirsdag, juli 14, 2009

bättre än någon annanstans

Og så, etter dette, låg denne eposten og venta på meg då eg kom på jobb måndags morgon, etter ei på absolutt alle vis herleg langhelg ved kysten:

Kära [førenamnet mitt],

Nu har har jag läst intevjun som du skrev. Jag blev så rörd, så rörd. Det är så vackert skrivert. Det är som allt runt mina böcker blir bättre i Norge än någon annanstans. Mitt allra varmaste tack!

[hennar førenamn]

Så då skal eg kutta sytet ei lita stund, og venda tilbake til det sedvanlege sjølvskrytet. Jadda. Det er min blog, and I'll brag if I want to!

onsdag, juli 08, 2009

Rusten og (litt) lei

Kven er eg, og kor går eg? Kva er eigentleg greia med denne blogginga? Er ikkje blogging veldig 2005?

Eg trur rett og slett eg har funne andre kanalar. Eller så har eg bare mindre tid. Eg tenker ikkje lenger blogg når eg oppdagar noko eg syns er interessant, eller når eg har noko eg vil dela. Ei stund var bloggen ein stad eg kunne gå med sorgene. Med slitet. Det usikre, kanskje ufordøyde, og så gjorde skrivinga ting klarare.

Slik er det ikkje lenger.

Som no. Eigentleg har eg masse eg godt kunne skrive, delt, invitert andre inn i. Men eg huskar ikkje lenger heilt koss ein gjer det.

Eller, kanskje skal eg likevel gjera eit forsøk.

Saka er den, at eg har intervjua ein forfattar. Det var ein fin prat, syns eg, sjølv om det var andre veka etter permisjonsslutt og underbemanning og overtid og generelt kaos. Eg fann tid, og gjorde intervjuet sjølv om sjefen var uinteressert i saka. Forfattaren prata klart og greitt, eg syns det var interessant. Me prata om sjanger, om kjønn, om skriving og tilstøytande tema. Ho er debutant, og svara villig vekk.

Så gjekk det ei god stund (dvs fleire dagar, som er "lenge" i mitt miljø). Saka skulle ikkje på med det same, men sparast til seinare, fekk eg vita av den stadig like lite intesserte sjefen. I mellomtida måtte eg sjølvsagt gjera tusen andre ting, smått og stort og tralala, før eg fekk skrive ut intervjuet, som brått skulle på likevel. Nuh, faktisk.

Det skjedde ein sein kveld, heime, på fritida, etter først å ha brukt timar på nedroing og legging av Lille Stor, og sidan å ha sprunge inn og ut av soverommet for å roa han igjen då han vakna om lag kvart tredje kvarter. Trøtt. Sliten. Lei av overtid og jobb og alt det der, men må ein, så må ein, og teksten blei ferdig.

Neste morgon fekk eg vita at han skulle vera mykje kortare enn først avtalt. Og at eg hadde eit kvarter på å fiksa - desken hadde ikkje tid. Så eg kutta. Masse. Fort. Og gale, skulle det visa seg. For desken hadde visst tid likevel. Då saka omsider kom på trykk, hadde dei endra på tittel og utheva sitat, men då basert på mitt allereie kortbarberte manuskript. Saka var blitt ei anna, og - syns eg - ikkje noko betre av det.

Og det er jo slikt som skjer. Men akkurat denne gongen var det ikkje så kult at det skjedde.

Dama eg intervjua, er nemleg bloggar. Dessutan populær på twitter, og generelt rundt omkring. Og ho har, i blogg og på twitter og i det heile tatt, gitt tydeleg uttrykk for kor teit ho syns saka i avisa blei. Kor dårleg journalistikk dette er, som fokuserer på det eine når det burde handla om det andre, og som til og med røper litt av handlinga i boka (noko ho sjølv gjorde heile tida då me prata saman, medan eg prøvde å også snakka om det rundt sjølve handlinga, om forfattarsituasjonen osv.

Aller dummast syns ho førstesidehenvisinga blei, og det forstår eg i grunnen godt, for den er feil og misforstått, og påstår noko forfattaren aldri har sagt. Som eg heller ikkje har sagt, og ikkje meiner.

Og eg blir lei meg.

Syns det er dumt når ting blir dumme. Når intervjuobjekt ikkje kjenner seg igjen i det eg skriv, eller i alle fall syns at fokuset blir rart. Når det blir direkte feil på framsida fordi desken ikkje kan lesa. Når eg har veldig lyst til å unnskulda og forklara, i blogg og på twitter og kor som helst, men ikkje orkar fordi dei mange titals kommentarane i bloggen sjølvsagt er heilt totalt einige med bloggedameforfattaren i at dette jammen var dårlege, dårlege greier og for ein håplaust mislukka og ignorant og beint fram idiotisk journalist!

Dumme, ignorante, mislukka meg!

Og det er sjølvsagt ikkje hennar feil, heller, at eg skriv ut sakene på fritida, gratis utan å føra overtid, medan eg tenker meir på babyen som snart må bli flinkare til å sova viss ikkje blir eg gaaal, og på at klokka er to og saka sikkert bra nok no, sånn at eg kan få lagt meg og sove meir enn fire timar i natt, ikkje tre som den forrige. Like lite som det er hennar - eller min - feil at desken er det desken er, og at ting blir misforstått og feil framstilt.

Det er likevel eg som er skurken.

Og kanskje er det derfor eg ikkje bloggar så mykje for tida. Eg har ikkje så mykje å seia. Kanskje er det noko med den liksomanonymiteten eg skriv under. Kanskje hadde det vore lettare å skrive under fullt namn, med tittel og arbeidsplass og bilde og full pakke. Så kunne eg i alle fall ta til motmæle.

Men nei.

Det er ikkje meg, det heller. Meg sjølv kan eg vera på fjesboka. Og på twitter ein merkeleg hybrid mellom privat og offentleg. Viss eg brått bestemmer meg for å gjera denne bloggen "offentleg", seier eg for mykje. Det står ting her som eg ikkje syns intervjuobjekt treng vita. Kanskje har dei som les her fast mistankar om kven eg er og kor eg jobbar, og det er ok (om enn spesielt sannsynleg - eg innser at eg ikkje akkurat er interessant). Det er noko anna å gjera det heile søkbart på namn.

Så der står eg, lei og frustrert, men utan tyngde til å ta igjen gjennom bloggen. Linkar eg til dama det gjeld, avslører eg meg sjølv, og tek eg til motmæle utan å kunna visa til heile forklaringa, opnar eg bare eit ormebol av det evig sydande journalisthatet som allereie gjennomsyrer store delar av bloggosfæren.

Så tja. Akkurat det er jo ikkje akkurat noko nytt. Journalistar er som politikarar, bare verre. Ein er aldri betre enn sin siste artikkel. Har du nittini rette, er det som forventa, som det burde vera. Har du ein feil, er du Verdas Største Dust. Eg veit jo det. Som regel bryr det meg ikkje, heller. Bare av og til, ein sjeldan gong. Som no.

Men men. Eg kom visst ikkje akkurat fram til noko. Men det var ok å skriva likevel. Fort, utan struktur og overordna tanke. Som før, kanskje.

Dermed, også som før, skal eg avslutta med å dela noko fint. Faktisk noko av det finaste eg veit, og særs passande no som det er sommar.

Værsågod! "Sjølandskap ved Saintes-Maries", av Vincent van Gogh:

Aaah! Vakkert!

søndag, juli 05, 2009

Tilknytningsfilm

Dave Eggers og Vendela Vida har skrive filmmanus saman! Flinke forfattarar og søte intervjuobjekt, begge to, så det er ein fin ting.

Det er det dessutan at Maggie Gyllenhaal (alias ho som skulle spelt meg i (den kjedelege) filmen om mitt (uinteressante) liv) er med! Ho spelar tilknytningsomsorgsmora LN:

"I loooove my babies! Why would I want to push them away from me?"


Hahhahaha! Eg ler meg i hel, og stiller meg først i køen når denne kjem til Norge!



(Ok, skal innrømma at den der tilknytningsomsorgslatteren kanskje blei litt intern. Men men. Det er min blogg, and I'll laugh if I want to).

onsdag, juni 10, 2009

Total Eclipse, indeed

Heile verda har sikkert sett denne allereie, men dersom det finst nokon der ute som f.eks har site i ei permisjonshule dei siste månadane, som meg, er det likevel verdt å tipsa om:



Moro, moro!

fredag, februar 13, 2009

Vakker? Auga som ser...

Det har mange fordelar å ikkje vera spesielt pen. No er det ikkje det at eg er direkte stygg, altså - dette er ikkje eit forsøk på å fiska kompliment - men pen er eg definitivt ikkje.

Den største og mest openbare fordelen er sjølvsagt at ein allereie frå ung alder må øva opp andre talent enn å blinka forførande og smila søtt. Få seg utdanning, i brei forstand. Klara seg sjølv heller enn å satsa på at ein eller annan kavaler skal ordna opp, f.eks. Satsa på litt meir varige kvalitetar enn feilfri hud og stram kropp.

Ein annan, kanskje mindre openbar fordel er at ein kan kikka folk i ansiktet. Som kvinne går det an å sjå på menn - smila til dei til og med - utan at dei blir totalt ville av begjær og trur at Verdas Vakraste Kvinne flørtar vilt. Med dei.

På småplasser er jo det vanleg uansett, men lille Oslo er akkurat så stor at folk ikkje ser på kvarandre. Ikkje sånn. Så når nokon gjer det likevel, merkar ein det ofte.

Og det kan føra fine ting med seg. Som i går, då eg kom brøytande gjennom ei svær snøfonn i ein oppoverbakke på fortauet, med Lille Stor i mei tai og vogna lasta til randen med varer og babystæsj, og møtte ein mann som eg smilte til, litt sånn innforstått oppgitt over folk som måkar snøen av bilane sine ut i fortauet.

- De er en meget vakker kvinne, sa han då eg så på han.
- Ehm. Takk, svara eg, og smilte endå litt breiare.

Og så gjekk me kvart til vårt igjen.

Poenget: Hadde eg faktisk vore vakker, hadde han aldri tora å seia det. Men ein kjem langt med vanlege smil også.

tirsdag, januar 20, 2009

Godt nytt år

Eg driv som kjent ikkje med nyttårsforsett og denslags. Livet er for kort til dårleg samvit over at ein heller ikkje i år klarte å trena meir eller eta mindre eller kva det no er folk pleier å bestemma seg for i januar og bryta i februar.

Men om eg skulle hatt forsett, skulle det vore dette: At eg i 2009 - og 2010 og 2011 osv for den saks skuld - skal satsa meir på kvalitet.

Og viss eg hadde hatt det som forsett, hadde eg faktisk lege veldig bra an. 2009 har vore eit godt år så langt. Særs godt.

Eg har brukt lite tid på nett generelt og hos tidstjuvar av typen nettaviser spesielt. I staden har eg gjenopptatt lesinga. På papir. Ikkje så mykje og raskt som før, men likevel. Essays, ein og annan roman, aviser og diverse litt tidsskrift.

Eg skriv. Ikkje i blogg, men på papir, det også. Dagbok, rett og slett, og leselogg. Følger opp Boka om Lille Stor, og er fullstendig àjour med babytakke-, jule- og nyttårskort.

Eg drikk. Gode ting. Til fredagens middagsbesøk sprette me ei herleg flaske portvin frå påskeferien då eg ikkje kunne drikka. Nydeleg - lett å smaka at ho var beste sort av beste årgang, og kosta deretter. Også til søndagens peparkakehusknusselskap gjorde dei edle dråpane seg.

Peparkakeknusinga totalt føyer seg også inn i kvalitetsrekka. Trass mange invitasjonar, kom det akkurat passe få folk, kun fire korav to gjekk ganske tidleg. Dei siste to, Lyslugg og eg blei sitjande lenge og vel og prata om livet, kunsten, framtida - sånne ting - medan snøen lava ned i store mengder ute. Dessutan smaka huset fortreffeleg, i tillegg til den nemnde vinen og vakker blomsterte.

For eg drikk også te. Har endeleg slutta med meir eller mindre smakslause og utilfredsstillande graviditets-, fødselsførebuande- og ammevenlege tear, og vendt tilbake til skikkeleg vare. Ramsalt Lapsang Souchang, aromatisk Earl Grey, first flush frå Darjeeling, mmmm! Sit på kjøkkenet med ein herleg kopp kvit te med jasmin no, og kikkar utover natteneonlysa i byen. Bliss!

I særs forsinka julegåve (takk, Posten, for super "service"!) fekk eg lørdag ein heil pose vakker - og god! - blomsterte som eg både har kosa meg med heilt aleine (luksus!) og delt med peparkakeknusarane.

Gåva inspirerte meg dessutan til endeleg å våga meg inn på nydelege Le Palais de Thés på Grünerløkka. Eg har ikkje våga gå dit tidlegare, i frykt for å kjøpa altfor mykje altfor dyr te. Men no tenkte eg at "skitt au, spesialbutikkane skal jo også leva!", og handla i veg. Gåver til den eine og den andre, inkludert meg sjølv. Verdas søtaste litle asiatiske dame bydde på gratis smaksprøvar, prata og forklarte om teane, og forhøyrte seg litt om dette med norske gravide og ammande og deira kompliserte tevanar. Då eg gjekk frå butikken, med Lille Stor i den nye mei tai'en på magen, visste eg at ein faktisk kan kjøpa seg lukke.

Som den nemnde mei tai'en, frå etsy. Eg har bestemt meg for å slutta å sutra over at Lille Stor sjeldan vil ligga i vogna, og heller gleda meg over når han faktisk gjer det. Elles ber eg den vakre litle kroppen run i det vakre beretøyet, og innkasserer mange koselege kommentarar og kompliment for det. I snøen og slapset me har i Oslo for tida er bering uansett det einaste praktiske.

Eg har gjenoppdaga Bach. Lyttar til cellosuitane, pasjonane, Brandenburgerkonsertane. Fattar ikkje at eg ei gong slutta.

Går turar. Gate opp og gate ned, oftast med ungen på magen, av og til i vogn. Kikkar på folk og ting, registerer at der finst mange butikkar eg på ingen måte treng gå inn i. Men også at eg kan, om eg vil.

Tenner lys. Tjukke, dyre, lengebrennande kubbelys, som gir gyllen lød til heile rommet. Nyt kveldsstunder som denne, aleine med lysa og teen og mørket der ute.

Et gode ting. Ein herleg, perfekt moden mango frå tyrkaren på hjørnet i dag, tre-fire ruter nydeleg belgisk sjokolade i går. Omnsbaka fisk. Perfekt krydra chili con carne.

Gler meg over snøen. Ikkje at eg får "brukt" han til noko - skiløypene er så altfor langt unna for Lille Slukhals - men eg frydar meg likevel. Vakkert!

Tar bilder. Kvar dag. Lille Stor i alle situasjonar, vakre, vakre mennesket. Kjenner på stor, varm kjærleik i møtet med han. Privilegiet det er å bli kjend med han. Tenk at noko så perfekt kan koma frå noko så imperfekt som meg!

Takkar for gode venner. For at dei held fast og heng på, babyboble til trass. Gler meg til overnattingsbesøk av kirurgvenninna frå i morgon ut helga, og til middagsbesøk av Teatervenninna og den Bra Mannen ho endeleg har funne torsdag. Kjenner at eg blir rekna med, og veit at det er noko ein aldri - aldri - skal ta for gitt.

Kontrasten til fjorårets rastlaust kriblande nervøsitet og blåhet i same periode er med andre ord påfallande. Og det er ikkje bare på grunn av babyen. Eg har liksom starta på rett fot!

Og på den foten har eg tenkt å halda meg.

fredag, desember 19, 2008

2008

Ho har visst eit temmeleg tomt liv for tida, denne -lin. I alle fall om ein skal dømma etter aktiviteten her inne. Men èin tradisjon skal ho no i det minste klara å halda i hevd: Kavalkaden over

ÅRET SOM GJEKK:

1. Kva gjorde du i 2008 som du aldri har gjort før?
Bar fram og fødde ein fantastisk nydeleg son. Hurra!

2. Haldt du nyttårsforsetta dine? Vil du laga nye?
Eg driv som kjent ikkje med forsett, bare ønske. I fjor ønska eg meg at eg skulle bli gravid igjen og at det skulle gå bra denne gongen. Og det blei eg - allereie 2. eller 3. januar.

3. Blei nokon som står deg nær mor eller far?
Ja! Ikkje bare eg og Lyslugg. Bror min og kona også!

4. Døydde nokon som stod deg nær?
Nei. Og heldigvis for det.

5. Kva land har du besøkt det siste året?
Portugal i påska (Lisboa og eit herleg sommarhus i ein landsby utanfor), Italia i mai (Roma), Sverige i juni (Stockholm), USA i juni-juli (Cal, Ore, Wa og NYC) og Nederland (strandbyen Ouddorp) i juli. Dessutan mellomlandingar i Tyskland og Belgia, men det er juks å rekna med.

Veldig kjekke turar, alle saman. Så får det heller vera at dette året er det første på lenge kor eg ikkje besøker eit nytt land. Eller, eg kan forresten rekna Fastlands-Portugal som nytt, sidan eg tidlegare bare har vore på portugisiske Madeira.

6. Kva ønsker du deg neste år som du har sakna?
Ein unge som vil ligga i vogna si meir enn eit kvarter om gonga. Trur eg får det også, eller t.o.m. er i ferd med å få det.

7. Kva datoar i 2008 gløymer du aldri, og kvifor?
2. oktober, då Lille Stor blei fødd.

8. Kva er det største du har oppnådd i år?
Jada, jada, eg innser at eg svarar baby over heile linja her. Men det er jo ei stor greie i livet å bli mor! Dessutan: fast jobb, etter altfor mykje tull og tøys.

9. Kva var din største nedtur?
Å bli vitne til kor utruleg lite reale, kor beint fram feige og rett ut kjipe mine overordna oppførte seg i forkant av at dei tilsette meg.

10. Har du vore sjuk eller skada?
Niks. Surfa gjennom heile svangerskapet, og hadde ei super fødselsoppleving som eg også kom frå utan så mykje som ei lita rift - kun fem timar frå første ri til Lille Stor var ute.

11. Kva var ditt beste kjøp?
Eg hadde tenkt å seia det fine brune beresjalet som faktisk lever opp til slagordet "the only place your baby wants to be", men det kjøpte eg faktisk i 2007, før det gjekk gale med det første knøttet.

Så då... hm... stellebordet har faktisk vist seg å vera utruleg bra! Montert i passande høgd både for Lyslugg (1,82) og meg (1,77), og dermed mykje betre enn alle dei andre stelleordningane eg har prøvd dei siste par månadene - sidan slike oftast er berekna på lågare folk.

Og USA-billettar, så klart! Både i kroner og øre, sidan dollaren stod i under 5 kroner då me var der, og i overført verdi. Det var ein herleg tur.

12. Kven fortener ein hyllest for oppførselen sin?
Foreldra mine, som har stilt opp på alle tenkelege måtar sidan Lille Stor kom til. Feil landsdel inga hindring!

13. Kven sin oppførsel gjorde deg nedstemt/lei deg?
Her blir svaret nøyaktig det same som i fjor, gitt: Dei overordna på min noverande arbeidsplass.

14. Kva gjekk mesteparten av pengane dine til?
Babystash, sikkert, sjølv om kvar del er billeg for seg. Pluss reiser, som vanleg.

15. Hva gjorde deg veldig veldig veldig oppspilt og glad?
Dette!

16. Kva song vil alltid minna deg om 2008?
"All This Time (Pick-Me-Up-Song)" med Maria Mena.

17. Samanlikna med denne tida i fjor, er du...
a. Gladare eller tristare? Gladare. Definitivt.
b. Tynnare eller tjukkare? Om lag som før, trur eg. Framleis litt mjukare mage, og hakket større pupper, men vekta seier det same som før, så då er vel det meste i orden.
c. Rikare eller fattigare? Bittelitt fattigare, trur eg, no som eg bare får foreldrepengar, ikkje løn. Men ingenting dramatisk.

18. Kva skulle du ønska du gjorde endå meir av?
Hang med venner. Som vanleg, mao. Dessutan føler eg at årets bokhøst gjekk meg litt vel fort forbi. Eg har verken lese gamle favorittar som Kjærstad eller moglege nye som Øyehaug. Det blir mykje å ta igjen neste år!

19. Kva skulle du ønska du gjorde mindre av?
Grunna over jobbsituasjonen min. Var redd for at det kom til å gå gale igjen.

20. Korleis vil du feira jula?
I Bergen, saman med Lille Stor, Lyslugg, Lysluggmora og Lysluggsøstera. Lysluggfaren med hans nye sambuar første juledag, og etter det får me sjå. Kanskje blir det ein biltur til jærs også, til mine foreldre.

21. Vart du forelska i 2008?
Ja!

22. Kor mange one-night stands hadde du?
Ingen, så klart.

23. Kva var favorittprogrammet ditt på TV?
Hahaha! I fjor skreiv eg dette:

"I fjor skreiv eg at eg ikkje hadde fått med meg stort, men at "Dawson's på devede er den klare vinnaren når det gjeld boksglaning - sjølv om me framleis ikkje er komne lenger enn sesong 2". Vel, no er me på sesong 4, og det seier i grunnen det meste om kor "mykje" TV me ser...


No er me på sesong 5!

Men eg har kome meg gjennom heile to sesongar av "Six Feet Under" på DVD også, altså!

24. Hatar du nokon no som du ikkje hata på denne tida i fjor?
Resirkulerer fjorårets svar igjen: Nei. Hat er ikkje mi greie.

25. Kva bok er den beste du har lese i år?
Vanskeleg kategori, i år som i fjor, men i år fordi det er så mange bøker eg ikkje har lese. Har aldri slutta midt i så mange i og for seg heilt greie bøker som i år - konsentrasjonen har rett og slett ikkje vore heilt på topp.

Men "Sorrows of an American" av Siri Hustvedt var bra, og "Oppmålingen av verden" av Daniel Kehlmann var morosam.

26. Kva var årets beste musikalske oppdaging?
Oj. Trur eg er heilt blank i denne kategorien i år, eg...

27. Kva ønska du deg – og fekk?
Ein baby! Og fast jobb.

28. Kva ønska du deg – og ikkje fekk?
Veit du? Eg skal vera så klissete som å seia at no har eg alt eg ønsker meg. Faktisk.

Eg har eit nydeleg, friskt barn, ein varm og trygg partner, gode venner og familie som stiller opp. Eg har eige slott eg trivst veldig godt i, fast jobb, perfekt helse og lyse utsikter.

Alt!

29. Kva var årets beste film?
Hm. Eg huskar jo aldri når eg såg kva. Men "Atonement" gjekk i år, gjorde han ikkje? Og søte "Juno"?

30. Kva gjorde du på fødselsdagen din?
Som i fjor og åra før er den enno ikkje unnagjort når eg skriv dette, så eg veit ikkje heilt. Kanskje Lyslugg og eg kan få barnevakt og ta oss ein tur på ein restaurant eller noko? Det hadde vore stas.

31. Kva enkeltting har gjort året mykje meir tilfredsstillande?
Mobyen. Har ein ein unge som ikkje vil ligga i vogna, ja så har ein ein unge som ikkje vil ligga i vogna...

32. Korleis vil du beskriva klesstilen din?
Flagrande diskret ut mai, før eg kunne røpa kulen. Stramare tjukkebolletoppar frå juni ut september, og praktisk nedgulpa frå oktober ut året.

33. Kva har halde deg i mental balanse?
Er det her eg burde lyga litt og svara yoga? Eller skal eg heller ta heile kredden sjølv? Eg pleier i grunnen å vera ein ganske balansert person, nemleg!

34. Kva for ein kjendis likte du best?
Av dei eg intervjua blir det Tore Renberg. Han er så fantastisk ADHD-søt!

35. Kva i politikken har opprørt deg mest?
Ein positiv bieffekt av at eg ikkje lenger les fire-fem-seks aviser kvar dag og dermed er oppdatert på det meste, er at eg heller ikkje irriterer meg så mykje over alle idiotane der ute. Så i år har eg vel aller mest gleda meg. Over denne karen. Sjølv om eg er nervøs på hans vegne...

36. Kven saknar du?
Mora mi. Akkurat no, medan Lille Stor er så fersk i verda, hadde det vore praktisk om ho - og far - budde nærare.

37. Kven var den beste nye personen som kom inn i livet ditt?
Lille Stor!

38. Fortel ein viktig livsvisdom du har lært i år?
Alt det fæle som alle står i kø for å førebu deg på treng ikkje skje. Det går an å surfa igjennom også, utan problem. Og det er faktisk like normalt. Og fortent.

39. Ein songtekst som oppsummerer året.
And I love you so
The people ask me how
How I've lived 'til now
I tell them I don't know

I guess they understand
How lonely life has been
But life began again
The day you took my hand

And yes I know, how lonely life can be
The shadows follow me
And the night won't set me free
But I don't let the evening get me down
Now that you're around me


- "And I Love You So" av og med Don McLean:


Årskavalkade:
Gå i bloggoversikta di og finn den første posten i kvar månad i 2008. Post den/dei første setningen/ane i kvart innlegg. Summen av disse utgjer årskavalkaden din.

Januar: "Ok, då har eg bestemt meg. Det blir blogg i 2008 også."

Februar: "Er det nokon som har funne ein hjerne i det siste? Medium storleik, middels godt brukt, tilhøyrande kvinne på 31?"

Mars: "Alle intensjonar om ei roleg veke før påske er for lengst smadra i tusen knas, eg jobbar seint og eg jobbar tidleg og styrar på så godt eg kan dei få timane døgnet inneheld."

April: "Hm. Eg hadde ein slags ide om at så snart eg fekk bekrefta at det blei noko av kjempeprosjektet, og offentleggjort det til litt fleire, ville den kløande, kriblande, irriterande utålmodigheten eg har kjent på eit par månader gi seg."

Mai: "Turen går til... USA! Nærare bestemt til Vestkysten og Austkysten, i månadsskiftet juni-juli. Eg skal ha sommarferie, folkens!"

Juni: "Så er det offisielt. Eg har fått jobben"

Juli: "Oops. Eg reiste visst på ferie, eg, utan å melda i frå. Meir om det sidan, når kameraet og Dumbo med alle bilda på kjem tilbake saman med Lyslugg, som blei igjen eit par dagar ekstra i New York."

August: "Fekk nett mail frå Oslo Journalistklubb, som minner om at fristen for å søka på deira "hvilestipend" er 15. august."

September: "Sidan eg verken har spesielt lyst på svangerskapsforgiftning eller svangerskapsdiabetes med tilhøyrande sukkerbaby, har eg prøvd å vera litt ekstra forsiktig med sukkerinntaket den siste tida no fram mot termin."

Oktober: [stille]

November: "Då eg skreiv forrige post, over favorittar i Oslo, hadde eg enno ikkje vore på Torgerstuen. Men det har eg no, og eg har funne ein ny favoritt!"

Desember: "Ho har visst eit temmeleg tomt liv for tida, denne -lin. I alle fall om ein skal dømma etter aktiviteten her inne."

Kven vil du utfordra?
elisabeth, som vel er om lag like aktiv på bloggefronten som meg for tida. Alliene har visst allereie vore flink jente dame og gjort unna sin dont.

mandag, november 17, 2008

To(pp)gerstuen!

Då eg skreiv forrige post, over favorittar i Oslo, hadde eg enno ikkje vore på Torgerstuen. Men det har eg no, og eg har funne ein ny favoritt! Alle som bur i eller besøker Oslo ta turen dit!

Les meir her. Og meld frå når de er der, så kjem eg og drikk kakao, eg og!

torsdag, september 18, 2008

Tigerfavorittar

Eg merkar veldig godt at eg har ein sitje-ved-dataskjermen-jobb til vanleg, for no som eg er i permisjon, er eg i grunnen meir motivert for å gjera alt mogleg anna enn nett det.

Men litt blogging kan eg jo få til, og Elisabeth gjer det enkelt for meg ved å tagga meg for følgande meme. Det handlar om favorittar i byen ein bur i, altså Oslo for min del:

Spise ute: Uhm... Ylajali - med vinmeny! - på St.Olavsplass om det skal vera fænsi, Ekebergrestauranten på fine sommardagar med over gjennomsnittleg budsjett, og Havsmak om eg har lyst på fisk og havfrukter (og det har eg jo stort sett alltid!)

Ta med hjem-mat: Mitsu Sushi i Møllergata, uoriginale Rice Bowl i Youngsgate og Habibi i Storgata dei ca to gongene i året eg et sånt.

Treffe venner og være lat: Bare Jazz i Grensen, Åpent Bakeri bak slottet, og den lokale favoritten Vårt daglige brød i Schweigaardsgate.

Drikke te: Bare Jazz igjen. Dessutan Stockfleths i Tinghuset eller Dronningens gate for byens beste Lapsang Souchang, og Bibliotekbaren på Bristols for tynt porselen, Chesterfieldsalong og kjensla av gamle pengar.

For lesehesten: Litteraturhuset er heilt supert, går der så ofte eg kan, om ikkje anna så for å sitja i LesBar og leka intellektuell blant tidsskrifta. Av standard kommersbokhandlarar likar eg Norli i Universitetsgata best, medan Tronsmo sjølvsagt er obligatorisk på alt det der ein har intensjonar om å lesa, eller føler ein burde ha lese, eller kan observera at alle dei genuint smarte og intellektuelle faktisk les. For øvrig syns eg det er herleg å sitja med ei bok på Rådhuskaien - passe kombinasjon av roleg og folkefylt, og ein av stadene i sentrum som har sol lengst.

Være utendørs: Viss greia er å finna seg ein rimeleg sjenert plass å slikka sol i nabolaget blir det aller oftast Ruinparken. Til kjapp lokalturgåing uansett årstid er det supert på Ekeberg, og når skia skal fram blir det sjølvsagt denne berømte skogen alle oslofolk trur er ei "mark". Utover det likar eg godt å trava byen på langs og tvers, inn og ut av bydelane, utan det heilt store målet for auget. Gamlebyen-Galgeberg-Vålerenga-Kampen-Tøyen-Grønland-heim igjen er f.eks ei herleg rute.

Beste utsikten: Frå herlege, herlege Ekebergskrenten. Dessutan frå Frognerseteren om ein gidd ta banen eller gå litt langt. Og sjølvsagt frå Slottet vårt!

Beste bakst: Åpent bakeri - igjen - for grove rundstykke med så mykje rørte bær du vil ha attåt, United Bakeries på Karl Johan(!) for sjokoladescones, og allereie nemnte Vårt daglige brød for nettopp det - kvardagsbrød milevis unna remastandarden.

Dyppe tærne og resten av legemet: Ingierstrand er den eigentlege favoritten, men når me ikkje gidd å sykla så langt, er Gressholmen favoritten blant byøyane. På grå og regntunge sommardagar er oppvarma Frognerbadet bra - på fine dagar blir det litt for mykje sikksakksymjing mellom surreungar og svanehalsdamer for min smak.

Skeie ut med lunsjen: Hm. Sjeldan tid til slikt. Gjerne eitt av bakeria over, men det skjer altså så sjeldan at eg faktisk ikkje kan huska nokon gong... Men calzone frå Bit på Byporten eller i Storgata har eg faktisk ete ei gong og to, og det er bra greier.

Trimme plastikk-kortet: Ehm... Det var dette med meg og shopping, då... Men likar godt Jenny Hellström-utvalet hos Grim i Nygata, svære Grændsens Skotøimagasin i, duh, Grensen, og - for tida - Rakkerungene ved Vår Frelsers gravlund i Ullevålsveien.

Favorittkino: Gimle når eg er i ikkjegravid, vindrikkande tilstand. Men det blir oftast Saga eller Klingenberg sånn i det daglege.

Beste smågodtsted: Smågodt? Tja... vettkje heilt, for kjøper oftast slikt i vanlege matbutikkar. Men Lucky Lips ved Saga er jo bra (om enn dyr)...

Beste is: Dolce Vita i Prinsens gate, og Mövenpick på Karl Johan. Men besøker dei maks ei gong i året, så ville kanskje spurt ein annan enn meg om akkurat isråd...

lørdag, september 06, 2008

Etter åtte

Sidan eg verken har spesielt lyst på svangerskapsforgiftning eller svangerskapsdiabetes med tilhøyrande sukkerbaby, har eg prøvd å vera litt ekstra forsiktig med sukkerinntaket den siste tida no fram mot termin.

Men i dag er det lørdag, og då er det lov med litt (litt, altså!) lørdagsgodt. Og eg kan bare seia:

- Hel-loo, Mister Dream med mintsmak og sjokoladespon! How you doin? Og kor har du vore heile mitt liv?

Uuuuuhm!

Eg er ikkje den som i utgangspunktet elskar iskrem - syns ofte den norske isen smakar syntetisk og smire, og vil heller bruka kaloriane på konsentrert nyting, som sjokolade (yum!). Gjerne After Eight, sjølv om eg sjeldan kjem på å kjøpa akkurat det.

Men kombinasjonen! Mint og sjokolade og is!

Uuuuuhm igjen!

Har allereie ete ei skål, og no kjem eg til å tenka og tenka og tenka på isen i fryseboksen heilt til neste lørdag. Eller til fødselen? Kanskje det er eit smart triks til den verste og vondaste fasen? "Kom igjen no! Hald ut, så skal du få mintis etterpå!".

Hehe, eg trur eg har funne min eigen private pressmotivator.

onsdag, august 27, 2008

Hjernen er alene... eller for opptatt

Uff. Eg får vel bare innrømma at eg utanom full jobb og frilansing på si og ei oppussing som dreg ut på grunn av dødsfall i nær familie (Lyslugg sin kjære farfar døydde sist veke, bisetjing i helga) ikkje har så mykje anna enn ein ting på hjernen for tida, og at blogginga her vel ber eit visst preg av det.

Eg får koma sterkare tilbake seinare. Kanskje.

mandag, august 11, 2008

Føre var er for pyser

Fekk nett mail frå Oslo Journalistklubb, som minner om at fristen for å søka på deira "hvilestipend" er 15. august.

Jøss. Ikkje verst, tenkte eg, ganske imponert over fagforeiningas evne og vilje til å gå inn for å forebygga utbrenthet og nedslitthet blant medlemmene sine.

Heilt til eg las kriteria:

Oslo Journalistklubb deler ut hvilestipend til medlemmer i 2008. Kriterier for tildeling av stipend er todelt:
1. Lang fartstid i yrket.
2. Særskilte kriterier som arbeidsledighet, midlertidighet, belastningsskader, utbrenthet og lignende.

Då sank entusiasmen eit par hakk, gitt. At ein bør ha jobba lenge før ein får kvila er no ein ting, men at ein allereie bør vera utbrent, overbelasta og helst også arbeidslaus før ein er fortener ein pause, verkar for meg litt, tja, mot hensikten.

Men kva veit vel eg, eg som er heilt ny i denne verda av fast oversiktelegheit. Forebygging er tydelegvis ut, reparasjon det som gjeld. Ingen andre i redaksjonen som stussa, så mogleg dette er gjengs metode.

Eg håpar bare eg aldri kvalifiserer for akkurat dette stipendet...