fredag, februar 13, 2009

Vakker? Auga som ser...

Det har mange fordelar å ikkje vera spesielt pen. No er det ikkje det at eg er direkte stygg, altså - dette er ikkje eit forsøk på å fiska kompliment - men pen er eg definitivt ikkje.

Den største og mest openbare fordelen er sjølvsagt at ein allereie frå ung alder må øva opp andre talent enn å blinka forførande og smila søtt. Få seg utdanning, i brei forstand. Klara seg sjølv heller enn å satsa på at ein eller annan kavaler skal ordna opp, f.eks. Satsa på litt meir varige kvalitetar enn feilfri hud og stram kropp.

Ein annan, kanskje mindre openbar fordel er at ein kan kikka folk i ansiktet. Som kvinne går det an å sjå på menn - smila til dei til og med - utan at dei blir totalt ville av begjær og trur at Verdas Vakraste Kvinne flørtar vilt. Med dei.

På småplasser er jo det vanleg uansett, men lille Oslo er akkurat så stor at folk ikkje ser på kvarandre. Ikkje sånn. Så når nokon gjer det likevel, merkar ein det ofte.

Og det kan føra fine ting med seg. Som i går, då eg kom brøytande gjennom ei svær snøfonn i ein oppoverbakke på fortauet, med Lille Stor i mei tai og vogna lasta til randen med varer og babystæsj, og møtte ein mann som eg smilte til, litt sånn innforstått oppgitt over folk som måkar snøen av bilane sine ut i fortauet.

- De er en meget vakker kvinne, sa han då eg så på han.
- Ehm. Takk, svara eg, og smilte endå litt breiare.

Og så gjekk me kvart til vårt igjen.

Poenget: Hadde eg faktisk vore vakker, hadde han aldri tora å seia det. Men ein kjem langt med vanlege smil også.