Det har mange fordelar å ikkje vera spesielt pen. No er det ikkje det at eg er direkte stygg, altså - dette er ikkje eit forsøk på å fiska kompliment - men pen er eg definitivt ikkje.
Den største og mest openbare fordelen er sjølvsagt at ein allereie frå ung alder må øva opp andre talent enn å blinka forførande og smila søtt. Få seg utdanning, i brei forstand. Klara seg sjølv heller enn å satsa på at ein eller annan kavaler skal ordna opp, f.eks. Satsa på litt meir varige kvalitetar enn feilfri hud og stram kropp.
Ein annan, kanskje mindre openbar fordel er at ein kan kikka folk i ansiktet. Som kvinne går det an å sjå på menn - smila til dei til og med - utan at dei blir totalt ville av begjær og trur at Verdas Vakraste Kvinne flørtar vilt. Med dei.
På småplasser er jo det vanleg uansett, men lille Oslo er akkurat så stor at folk ikkje ser på kvarandre. Ikkje sånn. Så når nokon gjer det likevel, merkar ein det ofte.
Og det kan føra fine ting med seg. Som i går, då eg kom brøytande gjennom ei svær snøfonn i ein oppoverbakke på fortauet, med Lille Stor i mei tai og vogna lasta til randen med varer og babystæsj, og møtte ein mann som eg smilte til, litt sånn innforstått oppgitt over folk som måkar snøen av bilane sine ut i fortauet.
- De er en meget vakker kvinne, sa han då eg så på han. - Ehm. Takk, svara eg, og smilte endå litt breiare.
Og så gjekk me kvart til vårt igjen.
Poenget: Hadde eg faktisk vore vakker, hadde han aldri tora å seia det. Men ein kjem langt med vanlege smil også.
Eg driv som kjent ikkje med nyttårsforsett og denslags. Livet er for kort til dårleg samvit over at ein heller ikkje i år klarte å trena meir eller eta mindre eller kva det no er folk pleier å bestemma seg for i januar og bryta i februar.
Men om eg skulle hatt forsett, skulle det vore dette: At eg i 2009 - og 2010 og 2011 osv for den saks skuld - skal satsa meir på kvalitet.
Og viss eg hadde hatt det som forsett, hadde eg faktisk lege veldig bra an. 2009 har vore eit godt år så langt. Særs godt.
Eg har brukt lite tid på nett generelt og hos tidstjuvar av typen nettaviser spesielt. I staden har eg gjenopptatt lesinga. På papir. Ikkje så mykje og raskt som før, men likevel. Essays, ein og annan roman, aviser og diverse litt tidsskrift.
Eg skriv. Ikkje i blogg, men på papir, det også. Dagbok, rett og slett, og leselogg. Følger opp Boka om Lille Stor, og er fullstendig àjour med babytakke-, jule- og nyttårskort.
Eg drikk. Gode ting. Til fredagens middagsbesøk sprette me ei herleg flaske portvin frå påskeferien då eg ikkje kunne drikka. Nydeleg - lett å smaka at ho var beste sort av beste årgang, og kosta deretter. Også til søndagens peparkakehusknusselskap gjorde dei edle dråpane seg.
Peparkakeknusinga totalt føyer seg også inn i kvalitetsrekka. Trass mange invitasjonar, kom det akkurat passe få folk, kun fire korav to gjekk ganske tidleg. Dei siste to, Lyslugg og eg blei sitjande lenge og vel og prata om livet, kunsten, framtida - sånne ting - medan snøen lava ned i store mengder ute. Dessutan smaka huset fortreffeleg, i tillegg til den nemnde vinen og vakker blomsterte.
For eg drikk også te. Har endeleg slutta med meir eller mindre smakslause og utilfredsstillande graviditets-, fødselsførebuande- og ammevenlege tear, og vendt tilbake til skikkeleg vare. Ramsalt Lapsang Souchang, aromatisk Earl Grey, first flush frå Darjeeling, mmmm! Sit på kjøkkenet med ein herleg kopp kvit te med jasmin no, og kikkar utover natteneonlysa i byen. Bliss!
I særs forsinka julegåve (takk, Posten, for super "service"!) fekk eg lørdag ein heil pose vakker - og god! - blomsterte som eg både har kosa meg med heilt aleine (luksus!) og delt med peparkakeknusarane.
Gåva inspirerte meg dessutan til endeleg å våga meg inn på nydelegeLe Palais de Thés på Grünerløkka. Eg har ikkje våga gå dit tidlegare, i frykt for å kjøpa altfor mykje altfor dyr te. Men no tenkte eg at "skitt au, spesialbutikkane skal jo også leva!", og handla i veg. Gåver til den eine og den andre, inkludert meg sjølv. Verdas søtaste litle asiatiske dame bydde på gratis smaksprøvar, prata og forklarte om teane, og forhøyrte seg litt om dette med norske gravide og ammande og deira kompliserte tevanar. Då eg gjekk frå butikken, med Lille Stor i den nye mei tai'en på magen, visste eg at ein faktisk kan kjøpa seg lukke.
Som den nemnde mei tai'en, frå etsy. Eg har bestemt meg for å slutta å sutra over at Lille Stor sjeldan vil ligga i vogna, og heller gleda meg over når han faktisk gjer det. Elles ber eg den vakre litle kroppen run i det vakre beretøyet, og innkasserer mange koselege kommentarar og kompliment for det. I snøen og slapset me har i Oslo for tida er bering uansett det einaste praktiske.
Går turar. Gate opp og gate ned, oftast med ungen på magen, av og til i vogn. Kikkar på folk og ting, registerer at der finst mange butikkar eg på ingen måte treng gå inn i. Men også at eg kan, om eg vil.
Tenner lys. Tjukke, dyre, lengebrennande kubbelys, som gir gyllen lød til heile rommet. Nyt kveldsstunder som denne, aleine med lysa og teen og mørket der ute.
Et gode ting. Ein herleg, perfekt moden mango frå tyrkaren på hjørnet i dag, tre-fire ruter nydeleg belgisk sjokolade i går. Omnsbaka fisk. Perfekt krydra chili con carne.
Gler meg over snøen. Ikkje at eg får "brukt" han til noko - skiløypene er så altfor langt unna for Lille Slukhals - men eg frydar meg likevel. Vakkert!
Tar bilder. Kvar dag. Lille Stor i alle situasjonar, vakre, vakre mennesket. Kjenner på stor, varm kjærleik i møtet med han. Privilegiet det er å bli kjend med han. Tenk at noko så perfekt kan koma frå noko så imperfekt som meg!
Takkar for gode venner. For at dei held fast og heng på, babyboble til trass. Gler meg til overnattingsbesøk av kirurgvenninna frå i morgon ut helga, og til middagsbesøk av Teatervenninna og den Bra Mannen ho endeleg har funne torsdag. Kjenner at eg blir rekna med, og veit at det er noko ein aldri - aldri - skal ta for gitt.
Kontrasten til fjorårets rastlaust kriblande nervøsitet og blåhet i same periode er med andre ord påfallande. Og det er ikkje bare på grunn av babyen. Eg har liksom starta på rett fot!
Ho har visst eit temmeleg tomt liv for tida, denne -lin. I alle fall om ein skal dømma etter aktiviteten her inne. Men èin tradisjon skal ho no i det minste klara å halda i hevd: Kavalkaden over
ÅRET SOM GJEKK:
1. Kva gjorde du i 2008 som du aldri har gjort før? Bar fram og fødde ein fantastisk nydeleg son. Hurra!
2. Haldt du nyttårsforsetta dine? Vil du laga nye? Eg driv som kjent ikkje med forsett, bare ønske. I fjor ønska eg meg at eg skulle bli gravid igjen og at det skulle gå bra denne gongen. Og det blei eg - allereie 2. eller 3. januar.
3. Blei nokon som står deg nær mor eller far? Ja! Ikkje bare eg og Lyslugg. Bror min og kona også!
4. Døydde nokon som stod deg nær? Nei. Og heldigvis for det.
5. Kva land har du besøkt det siste året? Portugal i påska (Lisboa og eit herleg sommarhus i ein landsby utanfor), Italia i mai (Roma), Sverige i juni (Stockholm), USA i juni-juli (Cal, Ore, Wa og NYC) og Nederland (strandbyen Ouddorp) i juli. Dessutan mellomlandingar i Tyskland og Belgia, men det er juks å rekna med.
Veldig kjekke turar, alle saman. Så får det heller vera at dette året er det første på lenge kor eg ikkje besøker eit nytt land. Eller, eg kan forresten rekna Fastlands-Portugal som nytt, sidan eg tidlegare bare har vore på portugisiske Madeira.
6. Kva ønsker du deg neste år som du har sakna? Ein unge som vil ligga i vogna si meir enn eit kvarter om gonga. Trur eg får det også, eller t.o.m. er i ferd med å få det.
7. Kva datoar i 2008 gløymer du aldri, og kvifor? 2. oktober, då Lille Stor blei fødd.
8. Kva er det største du har oppnådd i år? Jada, jada, eg innser at eg svarar baby over heile linja her. Men det er jo ei stor greie i livet å bli mor! Dessutan: fast jobb, etter altfor mykje tull og tøys.
9. Kva var din største nedtur? Å bli vitne til kor utruleg lite reale, kor beint fram feige og rett ut kjipe mine overordna oppførte seg i forkant av at dei tilsette meg.
10. Har du vore sjuk eller skada? Niks. Surfa gjennom heile svangerskapet, og hadde ei super fødselsoppleving som eg også kom frå utan så mykje som ei lita rift - kun fem timar frå første ri til Lille Stor var ute.
11. Kva var ditt beste kjøp? Eg hadde tenkt å seia det fine brune beresjalet som faktisk lever opp til slagordet "the only place your baby wants to be", men det kjøpte eg faktisk i 2007, før det gjekk gale med det første knøttet.
Så då... hm... stellebordet har faktisk vist seg å vera utruleg bra! Montert i passande høgd både for Lyslugg (1,82) og meg (1,77), og dermed mykje betre enn alle dei andre stelleordningane eg har prøvd dei siste par månadene - sidan slike oftast er berekna på lågare folk.
Og USA-billettar, så klart! Både i kroner og øre, sidan dollaren stod i under 5 kroner då me var der, og i overført verdi. Det var ein herleg tur.
12. Kven fortener ein hyllest for oppførselen sin? Foreldra mine, som har stilt opp på alle tenkelege måtar sidan Lille Stor kom til. Feil landsdel inga hindring!
13. Kven sin oppførsel gjorde deg nedstemt/lei deg? Her blir svaret nøyaktig det same som i fjor, gitt: Dei overordna på min noverande arbeidsplass.
14. Kva gjekk mesteparten av pengane dine til? Babystash, sikkert, sjølv om kvar del er billeg for seg. Pluss reiser, som vanleg.
15. Hva gjorde deg veldig veldig veldig oppspilt og glad? Dette!
17. Samanlikna med denne tida i fjor, er du... a. Gladare eller tristare? Gladare. Definitivt. b. Tynnare eller tjukkare? Om lag som før, trur eg. Framleis litt mjukare mage, og hakket større pupper, men vekta seier det same som før, så då er vel det meste i orden. c. Rikare eller fattigare? Bittelitt fattigare, trur eg, no som eg bare får foreldrepengar, ikkje løn. Men ingenting dramatisk.
18. Kva skulle du ønska du gjorde endå meir av? Hang med venner. Som vanleg, mao. Dessutan føler eg at årets bokhøst gjekk meg litt vel fort forbi. Eg har verken lese gamle favorittar som Kjærstad eller moglege nye som Øyehaug. Det blir mykje å ta igjen neste år!
19. Kva skulle du ønska du gjorde mindre av? Grunna over jobbsituasjonen min. Var redd for at det kom til å gå gale igjen.
20. Korleis vil du feira jula? I Bergen, saman med Lille Stor, Lyslugg, Lysluggmora og Lysluggsøstera. Lysluggfaren med hans nye sambuar første juledag, og etter det får me sjå. Kanskje blir det ein biltur til jærs også, til mine foreldre.
22. Kor mange one-night stands hadde du? Ingen, så klart.
23. Kva var favorittprogrammet ditt på TV? Hahaha! I fjor skreiv eg dette:
"I fjor skreiv eg at eg ikkje hadde fått med meg stort, men at "Dawson's på devede er den klare vinnaren når det gjeld boksglaning - sjølv om me framleis ikkje er komne lenger enn sesong 2". Vel, no er me på sesong 4, og det seier i grunnen det meste om kor "mykje" TV me ser...
No er me på sesong 5!
Men eg har kome meg gjennom heile to sesongar av "Six Feet Under" på DVD også, altså!
24. Hatar du nokon no som du ikkje hata på denne tida i fjor? Resirkulerer fjorårets svar igjen: Nei. Hat er ikkje mi greie.
25. Kva bok er den beste du har lese i år? Vanskeleg kategori, i år som i fjor, men i år fordi det er så mange bøker eg ikkje har lese. Har aldri slutta midt i så mange i og for seg heilt greie bøker som i år - konsentrasjonen har rett og slett ikkje vore heilt på topp.
28. Kva ønska du deg – og ikkje fekk? Veit du? Eg skal vera så klissete som å seia at no har eg alt eg ønsker meg. Faktisk.
Eg har eit nydeleg, friskt barn, ein varm og trygg partner, gode venner og familie som stiller opp. Eg har eige slott eg trivst veldig godt i, fast jobb, perfekt helse og lyse utsikter.
Alt!
29. Kva var årets beste film? Hm. Eg huskar jo aldri når eg såg kva. Men "Atonement" gjekk i år, gjorde han ikkje? Og søte "Juno"?
30. Kva gjorde du på fødselsdagen din? Som i fjor og åra før er den enno ikkje unnagjort når eg skriv dette, så eg veit ikkje heilt. Kanskje Lyslugg og eg kan få barnevakt og ta oss ein tur på ein restaurant eller noko? Det hadde vore stas.
31. Kva enkeltting har gjort året mykje meir tilfredsstillande? Mobyen. Har ein ein unge som ikkje vil ligga i vogna, ja så har ein ein unge som ikkje vil ligga i vogna...
32. Korleis vil du beskriva klesstilen din? Flagrande diskret ut mai, før eg kunne røpa kulen. Stramare tjukkebolletoppar frå juni ut september, og praktisk nedgulpa frå oktober ut året.
33. Kva har halde deg i mental balanse? Er det her eg burde lyga litt og svara yoga? Eller skal eg heller ta heile kredden sjølv? Eg pleier i grunnen å vera ein ganske balansert person, nemleg!
34. Kva for ein kjendis likte du best? Av dei eg intervjua blir det Tore Renberg. Han er så fantastisk ADHD-søt!
35. Kva i politikken har opprørt deg mest? Ein positiv bieffekt av at eg ikkje lenger les fire-fem-seks aviser kvar dag og dermed er oppdatert på det meste, er at eg heller ikkje irriterer meg så mykje over alle idiotane der ute. Så i år har eg vel aller mest gleda meg. Over denne karen. Sjølv om eg er nervøs på hans vegne...
36. Kven saknar du? Mora mi. Akkurat no, medan Lille Stor er så fersk i verda, hadde det vore praktisk om ho - og far - budde nærare.
37. Kven var den beste nye personen som kom inn i livet ditt? Lille Stor!
38. Fortel ein viktig livsvisdom du har lært i år? Alt det fæle som alle står i kø for å førebu deg på treng ikkje skje. Det går an å surfa igjennom også, utan problem. Og det er faktisk like normalt. Og fortent.
39. Ein songtekst som oppsummerer året. And I love you so The people ask me how How I've lived 'til now I tell them I don't know
I guess they understand How lonely life has been But life began again The day you took my hand
And yes I know, how lonely life can be The shadows follow me And the night won't set me free But I don't let the evening get me down Now that you're around me
- "And I Love You So" av og med Don McLean:
Årskavalkade: Gå i bloggoversikta di og finn den første posten i kvar månad i 2008. Post den/dei første setningen/ane i kvart innlegg. Summen av disse utgjer årskavalkaden din.
Januar: "Ok, då har eg bestemt meg. Det blir blogg i 2008 også."
Februar: "Er det nokon som har funne ein hjerne i det siste? Medium storleik, middels godt brukt, tilhøyrande kvinne på 31?"
Mars: "Alle intensjonar om ei roleg veke før påske er for lengst smadra i tusen knas, eg jobbar seint og eg jobbar tidleg og styrar på så godt eg kan dei få timane døgnet inneheld."
April: "Hm. Eg hadde ein slags ide om at så snart eg fekk bekrefta at det blei noko av kjempeprosjektet, og offentleggjort det til litt fleire, ville den kløande, kriblande, irriterande utålmodigheten eg har kjent på eit par månader gi seg."
Mai: "Turen går til... USA! Nærare bestemt til Vestkysten og Austkysten, i månadsskiftet juni-juli. Eg skal ha sommarferie, folkens!"
Juni: "Så er det offisielt. Eg har fått jobben"
Juli: "Oops. Eg reiste visst på ferie, eg, utan å melda i frå. Meir om det sidan, når kameraet og Dumbo med alle bilda på kjem tilbake saman med Lyslugg, som blei igjen eit par dagar ekstra i New York."
August: "Fekk nett mail frå Oslo Journalistklubb, som minner om at fristen for å søka på deira "hvilestipend" er 15. august."
September: "Sidan eg verken har spesielt lyst på svangerskapsforgiftning eller svangerskapsdiabetes med tilhøyrande sukkerbaby, har eg prøvd å vera litt ekstra forsiktig med sukkerinntaket den siste tida no fram mot termin."
Oktober: [stille]
November: "Då eg skreiv forrige post, over favorittar i Oslo, hadde eg enno ikkje vore på Torgerstuen. Men det har eg no, og eg har funne ein ny favoritt!"
Desember: "Ho har visst eit temmeleg tomt liv for tida, denne -lin. I alle fall om ein skal dømma etter aktiviteten her inne."
Kven vil du utfordra? elisabeth, som vel er om lag like aktiv på bloggefronten som meg for tida. Alliene har visst allereie vore flink jente dame og gjort unna sin dont.
Då eg skreiv forrige post, over favorittar i Oslo, hadde eg enno ikkje vore på Torgerstuen. Men det har eg no, og eg har funne ein ny favoritt! Alle som bur i eller besøker Oslo må ta turen dit!
Les meir her. Og meld frå når de er der, så kjem eg og drikk kakao, eg og!
Eg merkar veldig godt at eg har ein sitje-ved-dataskjermen-jobb til vanleg, for no som eg er i permisjon, er eg i grunnen meir motivert for å gjera alt mogleg anna enn nett det.
Men litt blogging kan eg jo få til, og Elisabeth gjer det enkelt for meg ved å tagga meg for følgande meme. Det handlar om favorittar i byen ein bur i, altså Oslo for min del:
Spise ute: Uhm... Ylajali - med vinmeny! - på St.Olavsplass om det skal vera fænsi, Ekebergrestauranten på fine sommardagar med over gjennomsnittleg budsjett, og Havsmak om eg har lyst på fisk og havfrukter (og det har eg jo stort sett alltid!)
Ta med hjem-mat: Mitsu Sushi i Møllergata, uoriginale Rice Bowl i Youngsgate og Habibi i Storgata dei ca to gongene i året eg et sånt.
Drikke te: Bare Jazz igjen. Dessutan Stockfleths i Tinghuset eller Dronningens gate for byens beste Lapsang Souchang, og Bibliotekbaren på Bristols for tynt porselen, Chesterfieldsalong og kjensla av gamle pengar.
For lesehesten: Litteraturhuset er heilt supert, går der så ofte eg kan, om ikkje anna så for å sitja i LesBar og leka intellektuell blant tidsskrifta. Av standard kommersbokhandlarar likar eg Norli i Universitetsgata best, medan Tronsmo sjølvsagt er obligatorisk på alt det der ein har intensjonar om å lesa, eller føler ein burde ha lese, eller kan observera at alle dei genuint smarte og intellektuelle faktisk les. For øvrig syns eg det er herleg å sitja med ei bok på Rådhuskaien - passe kombinasjon av roleg og folkefylt, og ein av stadene i sentrum som har sol lengst.
Være utendørs: Viss greia er å finna seg ein rimeleg sjenert plass å slikka sol i nabolaget blir det aller oftast Ruinparken. Til kjapp lokalturgåing uansett årstid er det supert på Ekeberg, og når skia skal fram blir det sjølvsagt denne berømte skogen alle oslofolk trur er ei "mark". Utover det likar eg godt å trava byen på langs og tvers, inn og ut av bydelane, utan det heilt store målet for auget. Gamlebyen-Galgeberg-Vålerenga-Kampen-Tøyen-Grønland-heim igjen er f.eks ei herleg rute.
Beste utsikten: Frå herlege, herlege Ekebergskrenten. Dessutan frå Frognerseteren om ein gidd ta banen eller gå litt langt. Og sjølvsagt frå Slottet vårt!
Beste bakst: Åpent bakeri - igjen - for grove rundstykke med så mykje rørte bær du vil ha attåt, United Bakeries på Karl Johan(!) for sjokoladescones, og allereie nemnte Vårt daglige brød for nettopp det - kvardagsbrød milevis unna remastandarden.
Dyppe tærne og resten av legemet: Ingierstrand er den eigentlege favoritten, men når me ikkje gidd å sykla så langt, er Gressholmen favoritten blant byøyane. På grå og regntunge sommardagar er oppvarma Frognerbadet bra - på fine dagar blir det litt for mykje sikksakksymjing mellom surreungar og svanehalsdamer for min smak.
Skeie ut med lunsjen: Hm. Sjeldan tid til slikt. Gjerne eitt av bakeria over, men det skjer altså så sjeldan at eg faktisk ikkje kan huska nokon gong... Men calzone frå Bit på Byporten eller i Storgata har eg faktisk ete ei gong og to, og det er bra greier.
Trimme plastikk-kortet: Ehm... Det var dette med meg og shopping, då... Men likar godt Jenny Hellström-utvalet hos Grim i Nygata, svære Grændsens Skotøimagasin i, duh, Grensen, og - for tida - Rakkerungene ved Vår Frelsers gravlund i Ullevålsveien.
Favorittkino:Gimle når eg er i ikkjegravid, vindrikkande tilstand. Men det blir oftast Saga eller Klingenberg sånn i det daglege.
Beste smågodtsted: Smågodt? Tja... vettkje heilt, for kjøper oftast slikt i vanlege matbutikkar. Men Lucky Lips ved Saga er jo bra (om enn dyr)...
Beste is: Dolce Vita i Prinsens gate, og Mövenpick på Karl Johan. Men besøker dei maks ei gong i året, så ville kanskje spurt ein annan enn meg om akkurat isråd...
Sidan eg verken har spesielt lyst på svangerskapsforgiftning eller svangerskapsdiabetes med tilhøyrande sukkerbaby, har eg prøvd å vera litt ekstra forsiktig med sukkerinntaket den siste tida no fram mot termin.
Men i dag er det lørdag, og då er det lov med litt (litt, altså!) lørdagsgodt. Og eg kan bare seia:
- Hel-loo, Mister Dream med mintsmak og sjokoladespon! How you doin? Og kor har du vore heile mitt liv?
Uuuuuhm!
Eg er ikkje den som i utgangspunktet elskar iskrem - syns ofte den norske isen smakar syntetisk og smire, og vil heller bruka kaloriane på konsentrert nyting, som sjokolade (yum!). Gjerne After Eight, sjølv om eg sjeldan kjem på å kjøpa akkurat det.
Men kombinasjonen! Mint og sjokolade og is!
Uuuuuhm igjen!
Har allereie ete ei skål, og no kjem eg til å tenka og tenka og tenka på isen i fryseboksen heilt til neste lørdag. Eller til fødselen? Kanskje det er eit smart triks til den verste og vondaste fasen? "Kom igjen no! Hald ut, så skal du få mintis etterpå!".
Hehe, eg trur eg har funne min eigen private pressmotivator.
Uff. Eg får vel bare innrømma at eg utanom full jobb og frilansing på si og ei oppussing som dreg ut på grunn av dødsfall i nær familie (Lyslugg sin kjære farfar døydde sist veke, bisetjing i helga) ikkje har så mykje anna enn ein ting på hjernen for tida, og at blogginga her vel ber eit visst preg av det.
Fekk nett mail frå Oslo Journalistklubb, som minner om at fristen for å søka på deira "hvilestipend" er 15. august.
Jøss. Ikkje verst, tenkte eg, ganske imponert over fagforeiningas evne og vilje til å gå inn for å forebygga utbrenthet og nedslitthet blant medlemmene sine.
Heilt til eg las kriteria:
Oslo Journalistklubb deler ut hvilestipend til medlemmer i 2008. Kriterier for tildeling av stipend er todelt: 1. Lang fartstid i yrket. 2. Særskilte kriterier som arbeidsledighet, midlertidighet, belastningsskader, utbrenthet og lignende.
Då sank entusiasmen eit par hakk, gitt. At ein bør ha jobba lenge før ein får kvila er no ein ting, men at ein allereie bør vera utbrent, overbelasta og helst også arbeidslaus før ein er fortener ein pause, verkar for meg litt, tja, mot hensikten.
Men kva veit vel eg, eg som er heilt ny i denne verda av fast oversiktelegheit. Forebygging er tydelegvis ut, reparasjon det som gjeld. Ingen andre i redaksjonen som stussa, så mogleg dette er gjengs metode.
Eg håpar bare eg aldri kvalifiserer for akkurat dette stipendet...
Dette er bloggen min. Du må gjerne henga rundt så lenge du vil. Her kan du lesa meir av det eg skriv, om livet som mor til verdas herlegaste Lille Stor.