onsdag, april 26, 2006

Statistikk

* Tre av dei siste bøkene eg har lese (1, 2, 3) nemner nepalesaren Tenzing Norgay, som var lokalkjent klatrar og berar på den første ekspedisjonen som nådde toppen av Mt. Everest. Alle tre gjer eit stort poeng av at han er gløymt av historia, ukjent for alle…

* Sidan påska har eg lese fire ulike avisartiklar kor Buzz Aldrin blir nemnt, i samband med alt frå med romfart og debatteknikk til amerikansk historie. Ingen av dei handla om Johan si bok.

Død over naboen!

I alle fall litt. Men ikkje før han har fått skrudd på routeren sin!

Greia er nemleg som følger: Lyslugg og eg deler internett med naboen under oss. Han får trådlaust nett dekka av jobben, og Dumbo plukkar det opp gjennom hans tak/vårt golv. Sidan naboen får alt gratis, og dessutan knappast veit fram og bak på ein datamaskin, ville han ikkje ha betalt for det. Dataen hans stod alltid på, og me surfa når me ville. Perfekt!

Men: No har nokon lært han å skru av nettet! Heile veker av gongen! Buuuuuh!

Dermed brenn eg inne med mange ting eg hadde tenkt å skriva om i bloggen. Teflonhjernen greier rett og slett ikkje å halda på informasjon heilt til eg kjem på jobb og finn ein pause mellom epostar og intervju og telefonar og slikt. Og å bli lenger på kontoret bare for å blogga? Næh, trur ikkje det blir så aktuelt med det første, nei. Det er jo VÅR ute! Og sol!

Dessutan har eg vore på tur sidan sist. Det finst vel kanskje dei som meiner at eg ofte er på bærtur sånn i det daglege, men no har eg faktisk forflytta meg fysisk også. Først dagstur til Kolbotn (wow!) på fredag, så ei temmeleg travel helg, og så todagars tur til Sunndalsøra måndag-tysdag. Åh! Fint! Viss eg rekk å brenna bilda over på cd i løpet av dagen, skal de få sjå sjølv kva eg meiner.

Viss ikkje: tenk stupbratte fjell (0-1800 moh rett opp!) med masse snø på toppen, ei brei elv nederst i dalen, gåsungar og hestehov, og cirka tjue ville gymlærarar, som gjekk på lammelårsgrillinga og potetbakinga med same dødsforakten dei viste under bogeskytinga. Tilset rødvin i strie straumar og voila! A good time was had by all.
Eller, som det heiter på kroppsøvingsspråk à la romsdaling:
- Dætta va no fole arti', kara!

Men bu på ein sånn plass kunne eg aldri. Ei veke og to om sommaren, okei. Men om vinteren? Når alt er anten kvitt eller mørkegrått, og sola ikkje klarer å hala seg over kanten på gråberga? Uhm, takk men elles tank. Jag trivs bäst i öppna landskap, nära havet vill jag bo. Trass alt!

onsdag, april 19, 2006

Ei bokmelding eg neppe ville fått smilefjes for på barneskulen

Det er ei stund sidan eg har skrive om bøker. Den der lesinga mi putlar seg jo nokså ujamt avgarde, så det er ikkje alltid det er store og kloke ting å seia. Ikkje no heller, for så vidt.

Men eg har i alle fall lese om Buzz! Drege boka med meg i motvind og fjellskodde og klabbeføre, frå hytte til hytte, og lese om Mattias som er gartnar utanfor Stavanger og kjærast med Helle, heilt til han plutseleg ikkje er nokon av delane, og må rykka tilbake til start, heilt utan å få 4000 kroner. Og om kompisen Jørn, og om Ennen og Anna og Palli og Havstein og Claus. Og Eiddis, som eigentleg skriv namnet sitt med stemt krøll-d, fordi ho er frå Færøyane.

Det var ei bra bok, det er Ingar og eg samde om. På så mange vis, i grunnen. Kjekt med bøker som sveipar innom Jæren, så klart, og som (dermed) handlar om vind. Hadde eg hatt ho med meg no, på kontoret, skulle eg sitert den passasjen som handlar om vinden, og om korleis alle vindar vert fødde akkurat på Jæren – akkurat sånn alle ålar vert fødde i Sargassohavet. Men det har eg ikkje, og det gjer ikkje så mykje, heller.

Det er uansett Færøyane som gjeld. Grøne små holmar med endå mindre bygder, kvalkjøt og til saman 1000 kilometer veg.

Dei to beste tingene med boka var desse:

* eg fekk lyst å reisa til Færøyane, og det har eg eigentleg aldri hatt lyst til før.

* eg gjenoppdaga The Cardigans, og kan nesten ikkje forstå at eg har klara meg utan dei så lenge. Kor blei det av deg i alt mylderet, Nina? Jammen var det bra du kom tilbake!

These are the promises I can keep
These are the promises I can keep
To live like I must
And ride with the dust in my face
In grace

("A Good Horse" på Long Gone before Daylight)

lørdag, april 08, 2006

Pip pip påske

Mykje kunne sikkert seiast, både om havet, døden og kjærleiken. Evt om våren, forlagsbransjen og kjærasten.

Men no er det påske, så det får bli ei anna gong. Dreg på fjellet om nokre timar, til snø og is og (håpar eg) sol.

Forresten er vel det og ei slags forteljing om kjærleik, i grunnen: Eventyret om jærjenta som ingen klarte å skibinda - ingen før lyslugg entra scenen med sitt entusiastiske "jeg fant, jeg fant", og drog både kvikklunsj og blåswix opp av sekken. Og som vann både jærjenta og, eh, halve dobbeltsenga, gitt!

Uansett: G O D P Å S K E, alle saman!

torsdag, april 06, 2006

Norge for ("etnisk norske", bleikare enn bleike) idiotar

Er det bare eg som blir så flau at eg blir kvalm av "gladsaker" som denne? Skamme oss!

onsdag, april 05, 2006

Tor er stor

Tre grunnar til å lika Tor Milde litt likevel, sjølv om han aller mest er ein ufordrageleg mannssjåvinist:

- Den radikale delen av SV synes visst det er viktigere å ha høye galluptall enn å være med i regjering. Jeg mener, galluptall? Jeg bryr meg vel ikke om SV ligger på fire eller fem prosent, så lenge vi har plass i regjeringen. Jeg blåser i om vi har èn prosent, og Frp har førti eller femti prosent. De får ikke brukt det uansett, så ædda bædda.

- Jeg elsker Dolly Parton. Hun har en sårhet i musikken sin man kan høre på lenge uten å bli lei.

- Jeg er ikke redd for å dø. Jeg er redd for veps.

Sikkert minst dobbelt så mange grunnar til å ikkje lika han her.

tirsdag, april 04, 2006

Eg (hjarte) likningskontoret!

Førebels utrekna skatt og avgift etter skattefrådrag.............100.131 kr
- forskottstrekk (trekt av arbeidsgivar o.a.).........................131.530 kr
= Førebels utrekna skatt til gode (utan renter)..................31.399 kr

mandag, april 03, 2006

Smil

Ok, no er det nok.

Nok syting, og klaging, og songar om hulebuarar og det fæle arbeidslivet.

Det er på tide å finna fram smilefjesa!

I woke up this morning, the sunshine was shining
I put on my happy face
I'm living, I'm able, I'm breathing, I'm grateful
To put on my happy face

Woke up and realized this world's not so bad after all
Looked at it through a child's eyes, and I saw these beautiful
Things that you never think about
Like the ocean, moonlight, stars and clouds
It's amazing how we don't appreciate our blessings
There's plenty of people who don't like me
But there are more who love me
and I love myself
Sometimes, it gets tough, it gets tough
But I can't give up, can't give up
Just take a deep breath, close my eyes
Feel the love and give a smile

I woke up this morning, the sunshine was shining
I put on my happy face
I'm living, I'm able, I'm breathing, I'm grateful
To put on my happy face

(Destiny's Child, 2001)

Det er heilt sant! Minus den delen om at det var sol i morges, altså, for det var det jo absolutt ikkje. Eller det om at eg har innteke eit meir barnleg perspektiv, og tenkt spesielt mykje på havet, månen, stjernene og skyene sidan sist.

Poenget er at eg har hatt ei absolutt strålande helg, og har all grunn i heile verda til å nynna cheezy überpositiv plastikk-r’n’b om takksemd, kjærleik og smil.

There's plenty of people who don't like me. But there are more who love me. Det visste eg jo, eg trong bare å ta eit steg tilbake og ta det inn over meg. Eg trong gamle venner og nye tankar, småglamorøse restaurantbesøk og skarp lørdagsvårsol, spritfyllefest og morgonbad. Og så fekk eg alt saman! Med meire!

Takk for at du kom, frøken Vågåmo! Det var rett medisin til rett tid.

Og takk for besøket, alle som invaderte heimen min lørdag og produserte hittil uante mengder chips- og kjekssmular på stovegolvet. Det var kjekt å leika med dykk, og ei stor lette at de klarte å snakka om andre ting enn integralar og cosinusar og sånt. Neste gong kan de sikkert få helsa på nokre av mine venner også - det finst nemleg slike også, sjølv om det ikkje verka sånn på lørdag.

Og, medan eg først er inne på det:
I want to thank you
for giving me the best days of my life
Oh just to be with you
is having the best day of my life

(Dido, 1999)

Du veit kven du er, allerbestaste Lysluggen! Glad i!