onsdag, august 22, 2007

Det som tel

Så står du der då, på ein av desse forlagsfestane. Og du pratar litt med den eine og meir med den andre, bokryggar og bylines og folk du aldri har møtt og kjem til å gløyma heilt til også dei hoppar fram frå ein bokrygg eller forlagsfest og seier hei, me møttes på Gyldendal, eller Cappelen, eller kordetnovarigjen ifjorellervardetiforfjor, eggløymersålettslikt, dei flyt inn i kvarandre desse festane, og takkforsistogkvaskjer?

Og du tenker at joda, det er bra dette. Det er faktisk det. Du får det til. Du flyt. Det er ikkje det at det ikkje er vinen, for joda, sjølvsagt er det den også, du blir jo litt brisen, litt småfull, og er det framleis medan du skriv dette. Og kanskje er du hakket lettare, hakket morsommare, hakket vassare med litt kvitvin innabords, og du rekk jo å tenka at akkurat Damm sin vin faktisk er bra, meir enn bare drikkbar som forlagsvin pleier vera.

Men det er ikkje bare det heller. Det er du. Faktisk. Det er du som står der og pratar, og ler, og lyttar, og tullar og er seriøs. Ærleg og uærleg, alvorleg og fjåsete. I eit brått glimt merkar du det, det du tenkte at aldri ville koma. Det du ikkje eigong visste at du ville skulle koma. Kjensla av å høyra til. Av å vera inne.

Og når du skriv desse linjene høyres det ut som om det har vore målet. Og det har det ikkje. Har det aldri. Men når sjansen byr seg, er du klar. Klarare enn du visste. Gladare enn venta. Varmare inne enn ute. Ikkje fordi du prata med den viktigaste, den mest kjente, den klokaste eller morsommaste. Ikkje fordi du sjølv sa så mykje viktig, klokt eller morsomt. Du var med, og det er bra. Du fiksa, og det er betre. Du er modig.

Sånn. Så var det sagt. Du er faktisk det, modig. Du torer å gå sjølv om du er aleine. Utan livbøye, støttekontakt. Du rekker ut handa, du seier hei, du stoler på at den andre vil ta ho, vil seia noko, vil møta akkurat deg. You've come such a long long way baby. Du har fått fanmail tidlegare om dagen, takk for fine bokmeldingar, du er modig og ærlig og det er så uendeleg mykje meir enn mange vågar, eg håpar du held fram for du skal vita du betyr noko for nokon, og tenkt at er det ikkje rart, dette med å bety noko for nokon. Dei må jo meina det?

Så, brått, er det nok. Lokalet er i ferd med å tømmast, men det er ikkje derfor. Du har nådd grensa, fått metta di, sett det du ville sjå og gjort meir enn du ville gjera. Du har ete fingermaten, drukke vinen, høyrt på talen og fått so much more than you ever bargained for. Du takkar fint nei til han søte debutanten som lurte på om du treng følge heim, for er det noko du ikkje treng, er det jo følge heim, og du fyllesjanglar ned i mørket, aleine på den smale stien ned frå Ekebergrestauranten, gjennom gravlunda, heilt heim til sjuande etasje. Og du er ikkje redd, for kvifor skulle du vera redd, du er jo heime, du er jo trygg, mørket passar på deg, og byen vaktar stega dina.

But do you know that tonight the streets are ours, tonight the streets are ours, and these lights in our hearts they tell no lies syng herlege Richard H., og det kan vera akkurat så kvasi, så klissete, så nostalgisk og innsmigrande det bare vil, for det er sant, sant, sant. Gatene er dine, dei er våre, dei tilhøyrer alle som kjenner det slik du kjenner det akkurat no, alle som kjenner det skjøre, det svevande, det vakre uuttalte. Kjærleiken i lufta, i hjarta, i fellesskapen. I byen og folka.

Og når du er halvvegs mellom toppen og dalen stoppar du og lenar deg mot rekkverket og skodar utover byen, slik du elskar, slik du gjer kvar kveld. Og vinkelen er litt ny og litt gammal, og byen er det same, og du kjenner at det er godt. At alt er godt. At det er er her, no, du skal vera. Ei overveldande kjensle av tilhøyrsle. Klissete, nostalgisk, bada i innsmigrande baryton, og likevel rett rett rett. Her. No. Det er det som tel, det som tel.

Det som tel.

mandag, august 20, 2007

Dette er ditt liv

Så, kva skjer?

- Jobbing.
- Mekking av video til litlebror sitt bryllup lørdag (note to self: du har i alle fall valt redd medium! levande bilder er ikkje mi greie)
- Bryllupsmas generelt (note to self: nok eit argument mot å entra den standen!)
- Jobbing.
- Stockholm! Herleg langhelg med 25 grader og sol i fine fine byen, saman med Lyslugg. Den delen av meg som tenker eg burde budd der ei stund, er lett å vekka.
- Grasenkestatus igjen og igjen medan same Lyslugg fartar Europa rundt på diverse konferansar.
- Jobbing.
- Boklanseringar og forlagsfestar opp og i mente. Samlaget og Gyldendal sist veke, Cappelen i dag, Damm i morgon og Aschehoug torsdag. Prøver å vera flink jente og faktisk gå i år, eg som har det med å skulka unna slike festlege samkomer.
- Konsert med herlege Richard Hawley på Blå, nett komen heim derfrå.
- Jobbing.
- Ei distinkt kjensle av at sommaren er over. At han faktisk aldri stakk innom i år. Og at det er ok. Det kunne faktisk vore verre.
- Få, men fine folk.
- Jobbing.
- Ingefærsylting av pærer(!) og generell utprøving av ting eg aldri hadde trudd at eg nokonsinne kom til å laga. Gamliskvalitetsmat.
- Love is all around me. And so the feeling grows.

... sånn kort oppsummert.

tirsdag, august 07, 2007

Blått!

Dette blir kjapt, for om få minuttar kjem allerkjæraste Lyslugg, som har vore vestpå i over to veker, endelig tilbake til meg, og det har eg gleda meg til lengelenge.

Men eg skulle bare kunngjera følgande til alle oslobuar: Det er masse blåbær i skogen no!

Gå og plukk!

Eg er ikkje så van med blåbærplukking sjølv, oppvaksen på gjennomdyrka og skogfattige Jæren som eg jo er. Men når sørlandsvenninner dreg meg med, for øvrig dagen etter ein litt fuktig kollegamiddag med påfølgande ut-tur og nachspiel, blir eg med.

Og det er så fint i skogen no! Halv- eller heilgrått ver inga hindring, det er blått i blått, og kjekt å plukka.

Så er de i det minste informerte.

tirsdag, juli 24, 2007

Sommaren 2007

Eg ryddar. Gjenstridige boksar som har overlevd i oversette hjørner sidan flyttinga førre sommar, klede inn i nymonterte trådkorger, og - som alltid - bøker bøker bøker inn i hyllene. Då dukkar det sjølvsagt opp eitt og anna. Veska eg alltid brukar på stranda, for eksempel. Innhald: solkrem, leppepomade, halvfull farrisflaske og ei avis. Eit søndagsdagblad, for å vera nøyaktig, datert 6. august 2006.

Og det oppsummerer i grunnen årets sommar ganske bra.

Før han starta, lova eg på ære og samvit at i år, i motsetnad til i fjor, skulle eg vera flink å skriva fort, levera tidleg, og koma meg ut i sola så snart eg kunne etter jobb. At eg ikkje skulle ha ferie trengte ikkje bety at eg ikkje fekk min del solstråler, tenkte eg, og gleda meg til båtturar ut på byøyane, sykkelturar til Sognsvann, parkhenging og balkonggrilling.

Optimist, det skal eg ha!

Eg har sjølvsagt ikkje klart å halda løftet. Det har blitt minst like mange dagar som vanleg i sommar. Faktisk ein del endå lengre, sidan eg har vore på reportasjeturar fjern og nær, utan overnattingar men med mangetimars køyring i kvar ende. Bare urutinerte vikarar på jobb, og dermed meir å gjera på kjemperutinerte (ehrm) meg. Hakket færre bøker å anmelda, men det er i grunnen einaste forskjellen på no og resten av året.

Og så dette veret.



Eg veit ikkje heilt eg. Sjølvsagt er det kjipt med regn når ein venta sol. Og late ettermiddagar på stranda hadde sjølvsagt vore kjekkare enn lange timar på kontoret, sveittande over nok ein halvtynn agurkkompott. Men eigentleg, heilt ærleg, syns eg det er litt greit og. Det svir litt mindre å vera den einaste i heile vennekrinsen som jobbar sommaren gjennom når den eine etter den andre sender postkort om at teltturen regna vekk, hytteferien blei til ein inneklemt affære med for mange slektningar på for få kvadratmeter, eller at festivallivet eigentleg ikkje er stas når det også medfører forkjøling og neglesprett.

Eg burde heilt sikkert ikkje skriva det, ikkje minst sidan fleire av dei det gjeld pleier stikka innom bloggen innimellom. Og eg ser jo at det er ei fattig trøyst, sidan endå fleire sender postkort frå varme strender i sørlege strok, eller happenin' storbyar i land eg likar. Men likevel. Det må vera min indre jærbu som står 'an av. At sommaren regnar vekk og topptemperaturen kjem to uventa dagar tidleg i juni er ikkje spesielt originalt på sørvestlandet, og ikkje verdt dei største overskriftene. Det er trass alt bare her austpå at folk planlegg grillfestar tre veker på førehand, og blir sjokkerte om det regnar den valde datoen.

Dermed, utan meir prat:

Tolvbra ting med sommaren 2007

* Kjøping og planting av balkongkassar. Urter og blomar i frodig forening, kjærleg påpassa og (regn-)vatna, med knoppskytande resultat.
* Hurtigbading i - skal me seia friskt? - vatn.
* Heime-aleine-kveldar når Lyslugg er på konferanse eller tur, tekopp i handa, regn på ruta.
* Skikkelege middagar, vin og dessert, utan å føla at ein burde vore ute og grilla eller ete salat på utekafé.
* Seine kveldar med sjølvvalde bøker, ikkje avbrotne av alle desse som må hurtiglesast fordi det er jobb.
* Tid til huspusling, utan å irritera seg over at ein må vera inne og ikkje får nytt sommarsola.
* Lange fredagspilsar med søte sommarvikarar.
* Herleg langhelg på Jæren, med sol og St.Hans, venner og stor open himmel.
* Null behov for nye klede og tilhøyrande butikkbesøk, sidan den vanlege vår- og hausthabitten gjer nytta.
* Kjensla av at alt finver bare er ein bonus.
* Sykling gjennom bil- og folketomme gater om morgonen, så pyttane skvett rundt gummistøvlane.
* Overtid som skal sparast til avspasering. Eg lovar!
* Allerkjæraste Lyslugg. No som alltid.

I morgon tek eg turen til Jæren igjen, for det første av sommarens to bryllup. Gler meg til togturen dit, seks timar aleine med poden og stilla. Lyslugg er i Bergen, men til helga får eg sjå han igjen. Seinare er det planar om stockholmstur, diverse festar, og sikkert ein hyttetur og to.

Joda. Bra sommar.

fredag, juni 29, 2007

Kræsj!

Folk driv og går på veggene rundt meg. Ikkje konkret, dessverre - hadde det bare vore så vel. Ei skrame i pannen og kanskje litt naseblod, og ferdig med den saka. Nei, dei kræsjar full fart inn i den altfor kjente no-er-eg-fullstendig-utslitt-og-orkar-ikkje-lenger-den-lettaste-ting-og-i-alle-fall-ikkje-å-gå-på-jobb-veggen.

Det er tydelegvis ingen lettvegg, heller.

Siste offer ut er ein av kollegaene mine, som har vore sjukmeldt i rundt ein månad no. Først trudde han det var ein slags allergi, kanskje, så ei forkjøling. Eller kanskje ei influensa eller noko? Han sjukmeldte seg "for eit par dagar", og fire veker seinare er han framleis ikkje tilbake. Sist me ringte han, forrige veke, høyrtes han ut som han prata frå enden av ein lang tunell. "Eg orkar nesten ikkje å stå opp", sa han. Og "eg ser ikkje føre meg koss eg skal orka å nokonsinne lesa ei avis igjen, langt mindre skriva i ho".

Og eg blir redd.

Sjølvsagt blir eg det. Den eine dagen er ein på jobb, smilar og ler og leverer oppslag så det står etter, den neste orkar ein knappast å stå opp. Rett nok hadde han lenge virka litt sliten, litt treigare i avtrekket enn vanleg, med litt for mange dagar kor han sat på kontoret til sju og åtte når han burde gått heim i firetida. Men likevel. Neppe noko verre enn eit par friveker i juli burde kunna fiksa, tenkte alle. I den grad me tenkte noko særs om det.

Og så eg då, som også surrar og virrar med saker til tider. Som også har dagar kor eg er på jobb til sju og åtte fordi konsentrasjonen for lengst har teke sommarferie og reist på tur til Syden, minst, og eg ikkje klarar samla meg om den enklaste kosegladsaka eller skriv-av-og-krediter-andre-notisen. Ikkje før eg må, før eg har gått endå ein runde for å fylla vatn på flaska, eller surfa endå ein gong innom diverse nettstader. Eg som sit om nettene og kveldane med ting eg ikkje torer innrømma for sjefen at eg ikkje fekk gjort ferdig mellom ni og fem. Men som held ut og smiler og tenker at det ikkje gjer noko, fordi eg har så stor arbeidskapasitet.

Eg har det, har eg ikkje?

Men det trudde vel kollegaen min også, om seg sjølv? Trur me ikkje alle at me klarer, at me taklar, at me orkar og får til? Er det ikkje derfor folk plutseleg kjenner det singla i metaforisk murpuss, og plutseleg ligg der utan å makta? Eg trur liksom at eg er så godt vaksinert mot denslags sidan eg eigentleg er så lat, og kviler så godt når eg kviler, totalt utan å tenka jobb og oppslag og potensielle saker og slikt, men det trur vel alle?

Tenk om det ikkje er nok?

Eg hadde eittårsjubileum på noverande arbeidsplass tysdag, etter å ha klora meg fast i fem korte men stort sett samanhengande vikariat så langt. To månader her, tre månader her. Fordi folk er sjuke. Fordi dei går på veggar og slit ut armsener, eller får ordinære influensaliknande greier som varer og varer av uvisse grunnar, mest truleg generell slitasje.

Og det er ironien:

Så lenge folk kræsjar i veggen, har eg jobb. Så lenge eg har jobb, veit eg ikkje om eg sjølv kjem til å møta murpussen.

torsdag, juni 14, 2007

Til skogs!

Du huskar Tori? Både at CDen var bra og at ho skulle koma til den norske skogen?

Vel, etter det har følgande skjedd:
1) Eg vil på festival, og spør mange om dei vil gå med meg. Tori, jee!
2) Folk seier nei. "Ikkje råd" osv. Folk, buu.
3) Eg er usikker på om eg skal gå aleine, og bestemmer meg for at ja, det skal eg. Jeee!
4) Eg oppdagar at eg har kveldsvakt, og dermed ikkje kan gå likevel. Buuu!
5) Eg klarer å overtyda redaktør og reportasjeleiar om at ein festivalreportasje frå Tori-konserten er akkurat det fredagsavisa treng. Jeeee!
6) Rep-leiar ringer torsdag morgon og har ombestemt seg. Eg må laga rep på noko anna, Tori utgår. Buhuuu!
7) Redaktør ringer torsdag ettermiddag med dårleg samvit, og gir meg gratisbillettar utan at eg treng skriva noko til avisa! Jippi-ai-ai-jippi, jippi-aaai!

Eg er med andre ord one happy camper akkurat no.

Til skogs!

________________________________________________
Oppdatering seint same kveld:

________________________________________________
Jee! Konsert! Med Tori!

For øvrig viser det seg at det eg trudde var ein billett, var ein billett for i dag og eit pressepass for heile festivalen. Travis søndag, anyone?

tirsdag, juni 12, 2007

Med rett til å grina

Ingolf Håkon Teigene er død. Det er bare ekstremt trist. Dødsbodskapen kom som ei uventa melding på tampen av arbeidsdagen, ein kveld eg ærleg tala hadde tenkt å surfa inn med notisskriving og andre trivialitetar.

Merker at eg ikkje heilt klarer å forklara koffor det er så trist. Men det er ikkje ofte eg grin på jobb. Ikkje så ofte som Ingolf. Men likevel. Kanskje akkurat derfor.

fredag, juni 01, 2007

Venner for livet

Eg sit på kontoret, som har vore Husgjestens soverom den siste månaden og skal vera det ei dryg veke til, og prøvar å skriva ferdig noko med deadline i morgon tidleg, medan eg fungerer som levande oppslagsverk og ordbok for dei på stova. I sofaen der sit Lyslugg si syster, som er på besøk for å få hjelp til den heimeeksamenen ho skal levera i morgon, og Lyslugg, som jobbar med eittelleranna han må ha levert før midnatt for å få vera med på ein eller annan konferanse eller kvadetnoer, medan også han hjelper syster si med oppgåva. Tidlegare las han oppgåva hennar medan ho rulla ut bollar av deigen han laga tidlegare, og eg laga kringle medan han bruka Dumbo på kontoret til å skriva ut frå. I godstolen like ved sofaen sit Husgjesten og lærer seg powerpoint og installerer Netscape (!) som ho treng i den nye jobben sin, medan også ho bidreg med språkhjelp og heiarop til Lysluggsysteras heimeeksamen, Lysluggs konferanseting og min deadlinetekst. Når bollane er gjennomsteikte tek Lyslugg dei ut, og når kringla luktar ferdig, ordnar eg opp. Alle drikk te, alle er saman, akkurat som me er tilbake på nittitalet og bur i kollektiv og gler oss til å sjå Friends eller Seinfeldt på TV tirsdag.

Og sånn går no dagane.

Heilt til natta kjem. Då er dei tre andre kollektivistane ferdige og går og legg seg, og eg sit aleine igjen. Det er greit det. Eg kjem i mål, denne gongen også. Ute blir det mørkare og mørkare, så lysare igjen, og regner trommar forsiktig mot ruta.



Stilt, innforstått, roleggjerande.

- Men innan eg skal sykla til jobb i morgon tidleg, bør det ha slutta, altså!