søndag, november 13, 2005

Frode får sagt det

Er på Jæren, har brukt absolutt heile dagen på å lesa og retta ei laaaaang masteroppgåve, gidd ikkje å skriva så mykje akkurat no.

Men dette bare må eg nemna: Eg skulle bare sjekka at linkane i forrige post funka, og så blei eg sitjande og lesa intervjuet med Frode, heilt fram til den delen kor han har prata seg gjennom Faulkner og Murakami og andre favorittar, og kjem til det med nynorsken. Ramsar opp gode namn, gode titlar, bøker ein aldri blir ferdige med. Alle på nynorsk, så klart.

Og så seier han dette: "Det fins bevissthet i det nynorske. I bokmål er det så mye ferdig tygget språk, krimskrams".

Ja! Nettopp! Akkurat det var det eg prøvde å seia sjølv!

Frode - du er og blir min mann!

fredag, november 11, 2005

Rapport frå ei racerrotte

Måndag:
Tidleg opp, flytog, Gardermoen. Leeenge. Fly innstilt, fly forsinka, fly endeleg på vingene, og lille meg sovnar momentant. Landar på solfylt(!) Værnes, flybuss til byen. Diverse intervjuavtalekluss, går på biblioteket i staden.

Og krasjar rett i Frode! Starstruck alldeles. Resten av tida han er der inne, blir eg sittande og skula mot bordet der han sit og les ei avis. Trur kanskje ho er utanlandsk, irriterer meg at eg ikkje finn det ut sikkert.

Forlet det trådlause nettet på biblioteket, kafé med Gravide Venninna frå Nord. Stas! Stor mage, chilikaffi og altfor hastige ord. Tankar om nettverk, som vanleg for hastige til å fullføra. Gjennomføra. Er eg der eg vil vera i livet mitt?

Jobb i Skatval, turbofamilie på fem, huske- og systove, grining og lått, trønderfotograf med bakgrunn frå bibelbeltet. Eksklusivt, hysj hysj.

Værnes. Leeenge. Fly innstilt, flyplassmat, Dumbo på fanget og forlag i hovudet. Dumbo på flyet og Dumbo på flytog, endeleg ferdig når framme.

Nattetomme gater, varm velkomst, seint i seng.

Tirsdag
Tidleg opp, jobb jobb jobb, bokbad.

Blei endå meir sikker på at eg må lesa bøkene til både Jan og Linn, men syns godt Ane kunne klart seg med ein god del færre kåbbåisongar.

For øvrig stilte ho med både dotter, mann og mor, og eg kan ikkje la vera å tenka at det sanneleg er eit uskuldig lite land me lever i. Her sit Diva Liv, enkelt og greitt plassert på eit heilt vanleg rockefellerbord, blant publikum som verken er sjekka for våpen eller fotoapparat, og høyrer på at dottera fortel om halvsøskena sine! Never in Hollywood, seier bare eg.

Onsdag
Ikkje fullt så tidleg opp, jobb jobb jobb, heim for meir frilansjobb. Sliten L, sliten sjølv, lasagne og prat. Geniale Jodie, søsterbesøk, og sein kveld igjen.

Torsdag
Tidleg opp, jobb jobb jobb , jummi overtidsmat, jobb jobb jobb jobb, buss, tom leilighet, meir jobb, pakking, seint i seng. Igjen.

Idag
Endå tidlegare opp, søppeltømming og bokoppsamling, og jobb jobb jobb. Må forta meg innom her før dei stenger klokka 19 og eg dreg til jærs i 20-tida. Skal vera oppgåvekonsulent for Ei Viss Kvinne, som leverer på tirdag. Dessutan planar om strandvandring, bilkøyring og beundring av høge himlen.

Men jepp, Dumbo blir med, han også, og det skal sjølvsagt gjerast ein Jobb der også...

Og sånn går dagane...

fredag, november 04, 2005

Ingenting?

Eg rømte i dag, frå heile jobben. Ikkje før sjefane også var gått, altså, men likevel. Er for lengst inni nedtellingsmodus, kjenner eg. Fire veker igjen no...

Gjekk rett på Krishna Cuisine. Sat i andre etasje og kikka ned på det travle krysset (så mange folk det er ute og går allereie i to-tre-tida! Så mykje for åtte-til-fem-livet...) medan eg åt kvasiindisk veggismat. Gyldne fargar og gyldne smakar, søt krishnakar frå Stavanger i kassa. Lenge sidan eg har vore der no, kjente at det var heilt rett å rømma inn i varmen.

Og eg veit ikkje heilt kva det var som gjorde det, men plutseleg dukka denne songen opp i toppen:

you owe me nothing in return

i'll give you countless amounts of outright acceptance
if you want it
i will give you encouragment to choose the path you want
if you need it
you can speak of anger and doubts, your fears and freak outs
and i'll hold it
you can share your so-called shame filled accounts of times in your life
and i won't judge it.
and there are no strings attached to it

you owe me nothing for giving the love that I give
you owe me nothing for caring the way that I have
i give you thanks for receiving, it's my privilege
and you owe me nothing in return

you can ask for space for yourself and only yourself
and I'll grant it
you can ask for freedom as well or time to travel
and you'll have it
you can ask to live by yourself or love someone else
and i'll support it

you can ask for anything you want, anything at all
and i'll understand it
and there are no strings attached to it

you owe me nothing for giving the love that I give
you owe me nothing for caring the way that I have
i give you thanks for receiving, it's my privilege
and you owe me nothing in return

i bet you're wondering when the next payback shoe
will eventually drop
i bet you're wondering when my conditional police
will force you to cough up
i bet you're wondering how far you have now danced
your way back into debt
this is the only kind of love, as I understand it,
that there really is


you can express your deepest of truths, even if it means i'll lose you
and i'll hear it
you can fall into the abyss on your way to your bliss,
i'll empathize with
you can say that you'll have to skip town to chase your passion
and i'll hear it
you can even hit rock bottom, have a mid-life crisis
and i'll hold it
and there are no strings attached

you owe me nothing for giving the love that I give
you owe me nothing for caring the way that I have
i give you thanks for receiving, it's my privilege
and you owe me nothing in return

you owe me nothing for giving the love that I give
you owe me nothing for caring the way that I have
i give you thanks for receiving, it's my privilege
and you owe me nothing in return


Vel heime måtte eg sjølvsagt setja han på, og no har Alanis sunge seg gjennom si einaste forståing av kjærleik eit par gonger. Og eg lurar: er det eigentleg kjærleik, dette? Eller er det noko anna, meir sjølvutslettande? Går det an å elska utan å ønska noko tilbake? Sånn eigentleg? Og er det bra om det går an?

Huskar eg tenkte det same då plata kom ut, og eg kjøpte ho og lytta til ho siste langopphaldet i USA. På rømmen også då. Vikla inn i andre erfaringar enn Alanis sine. Og bare delvis sikker på at ho hadde rett. Kanskje ikkje det eigong. Eg trur ho tek feil. Trur ikkje den typen unconditional love finst. Ikkje sånn. I alle fall ikkje for meg. Støtte gjennom midtlivskriser, anger og redsle - ok! Men ikkje på vegen over til ein annan, til å springa etter begjæret. Slik sjølvutsletting trur eg ikkje er bra. Faktisk.

Det er alltid strings attached i eit forhold! Er ikkje det heile vitsen?

- men eg likar no songen, lell...

Og medan eg er inne på det...

... fekk eg dette resultatet på den japanske personlegdomstesten:

You Are a Henna Gaijin!

You're not Japanese, but you wish you were!
You can use chopsticks with your eyes closed, and you've memorized hundreds of Kanji.
You even answer your phone "moshi moshi." While the number of anime videos you've seen is way higher than the number of dates you've been on, there's hope. Play the sexy, mysterous gaijin, and you'll have plenty of Japanese meat.


Ikkje sikker på om eg har lyst å leika sexy og mystisk framand, men ville vel kanskje vurdert å blonda håret mitt igjen om eg skulle flytta til Japan permanent... ;o)

Ta testen her om du gidd.

Arigato!

You Should Learn Japanese

You're cutting edge, and you are ready to delve into wacky Japanese culture.
From Engrish to eating contests, you're born to be a crazy gaijin. Saiko!

Hurra! Eg diggar jo Japan!

Viss du vil ta testen sjølv, finn du han her. Men pass deg! Eitt av språka du kan bli anbefalt, er svensk...

torsdag, november 03, 2005

Shabby, not chic

Eg var på ei litteraturgreie i går. Opplesing. Kom ramlande inn døra rett før det starta, direkte frå jobb og superhardcoretrening (blod, svette, tårer) og kjappisdusj (utan hårvask) og risbollemiddag (gul thaikarri, nam!), med håret i ein vasete treningshestehale og hendene fulle av baggar og styr.

Og vandra rett på nokre freshe voldafolk.

Sjølvsagt. Det gjer eg jo alltid når håret liknar ein mopp og dei stygge eg-skal-uansett-bare-sitta-på-kontoret-og-skriva-idag-kleda heng på halv åtte og ansiktet er varmt og raudt og hendene fulle av gymbaggar. Som den gongen på Gåte-konsert, kor L og eg hadde steikt fisk til middag og nesten glømt tida, og eg derfor gjekk rett på konsert med fiskemiddagluktande heimeklede, utvaska og halvskitne, med håret i feitt hestehale.

Og vandra rett i fanget på det freshe, nystyla voldafolket. Så klart.

Klompedeisa rider igjen!

Men men. Opplesinga: Eg lika begge mennene og ei av damene. I feminismens namn skulle det sjølvsagt vore omvendt, men då kan faktisk ikkje damene skriva bøker om ørkenromansar eller babyspark, sårri. Dessutan: kor finn ein sånne litteraturdamer som innleier med sjumilssetningar innehaldande minst fem undersetningar og bisetningar, framført med überaspirert p2-røyst? Eg bare lura...

onsdag, november 02, 2005

Matprat

Når eg blir stor (haha, pun intended!), skal eg i alle fall ikkje jobba der eg jobbar no! Alle slankar seg, heile tida, og syns det er det beste samtaleemnet som fins. Særs i lunsjpausen.

Ikkje så svolten idag, så det blei med ei skive og ei gulrot.
Alarm! Kva diett var eg på, tru, kor ein skulle eta skive og gulrot?

Dei ikkje bare tenkte det, dei spurte.

Syns du eg treng å slanka meg? spurte eg, og kikka spørjaren roleg inn i augene. Ho rødma ikkje eigong, og stotra ikkje det grann då ho svara: "Nei det meiner eg ingenting om. Eg ville bare påpeika at du mykje heller bør gå på fedonkur - det er såå mykje sunnare!"

Jo takk som byr. Eg skal vurdera det om eg nokonsinne finn att matlysta i alt diettpratet.

tirsdag, november 01, 2005

Crash test dummy, Ukrainian style

Litt av det ein lærer på ei veke i Kiev:



* Ein skal aldri bruka sele i bil! Verre enn å slengast gjennom frontruta etter bråstopp nummer tre tusen, i det ladadrosjesjåføren brått innser at bilen som kjem beint mot i køyrefeltet (som forsåvidt er hans) ikkje har tenkt å gi seg, er det nemleg å stoppast av militiaen. Dei ser det svarte bandet over brystet ditt, og forstår straks at du har noko å skjula. Kvifor ville du elles følga trafikkreglane på den måten? Mest truleg er hanskerommet fullt av dop og bagasjerommet fullt av lik, og du er ein rømt Fiende Av Staten (å joda, dei finst i rikt monn, også etter oransjerevolusjonen!). Altså: Ingen setebelter!

* Viss du bare klarer å halda fullstendig kjeft gjennom tre portar, tre dører, og fleire kilometer stadig smalare undergjordiske gangar, og dessutan kvittar deg med alle liksommetalliske øremyntar, koparmyntar og småsedlar på vegen (ikkje dei største sedlane - så grisk er trass alt ikkje Gud. Håpar me...), vil du få oppfylt tre ønske:
- Eitt for magen ("gi meg bilen/huset/lottogevinsten/diamantringen/data-maskinen/barbiedokka eg vil ha!")
- Eitt for hjarta ("ver grei og pass på barnet/mannen/kona/foreldra/ elskarinna mi/n/e og gjer han/ho/dei fri frå alt gale som elles måtte skje!"),
- Og eitt for hovudet og anda ("lei meg på den rette vegen, Gud, og frels meg frå alt det vonde, Amen!").
Ikkje verst, huh - tre ønske for prisen av nokre småmyntar og tre tynne bivokslys? Askepott og meg, liksom! Men så var det dette med å klara å halda kjeft, då, i det den eine mummifiserte helgenen etter den andre manifesterer seg i all sin halvrotna velde langs veggane, og tolvåringen bak deg i køen for tredje gong nesten klarer å setja fyr på skautet ditt med stearinlyset sitt... Eitt av tre er vel heller ikkje så gale?

* Så klart det er naudsynt med èin tilsett per etasje som bare har som ansvar å passa på nøkkelen din medan du er ute av hotellrommet ditt! For ikkje å snakka om ho som har ansvar for lintøy, ho som har ansvar for vasking, og ho tredje som har ansvar for sengereiing - også per etasje.

* Du slepp ikkje unna kyrkjene. Minst ei per dag, den eine meir gullforgylt og heilag enn den andre. Med russisk omvising.

* Menn er veldig søte med lange svarte kjolar, bolleklipp og gullkors rundt halsen.

* Viss du kjøper for meir enn 10NOK i sjokolade om gongen (det er gaver, æresord!), ser folk på deg. Då gjeld det å snarast mogleg evakuera sjokoladebutikken kor dei sel eit herleg utval sovjetestetisk innpakka godsaker med bilde av Staut Ukrainsk Ungdom og Vakre Ukrainske Bondekoner, og koma seg vekk. Den søte sjokoladeselgaren både kan og vil ringa framandpolitiet om du ikkje snarast stikk av med bevismaterialet!

* Borsj som fastfood er oppskrytt. Du blir aldri - eg gjentek: aldri - kvitt dei raude flekkane på den kvite yndlings-t-skjorta di.

* Det er klart det både bør og må ta minst to timar å få sjekka inn på eit fly! Ser du ikkje at me er Menn Med Uniform Og Makt, medan du bare er ein ussel framand som ikkje pratar eitt einaste ord forståeleg språk?! Okei då, kanskje eitt. Men kvifor seier du eigentleg "takk" heile tida?