onsdag, august 17, 2005

Høgfjellssol

Greit. Eg innrømmer at eg visst har litt av den der naturdyrkinga innabords eg også. Var fint på hytta. Mest pga sola, som var på plass då me kom opp fredagskvelden, haldt seg gjennom store delar av lørdagen, og stakk innom søndagskvelden då me var på tur heimover igjen. Eg likar sol! (Det er forresten ein boktittel på bokmål - trur boka står i hylla heime, innkjøpt på loppis, og bare ventar på å bli lesen, stakkar lita).

Eg fekk dessutan møta L sin far for første gong, interessant å sjå at han er son til far sin han også, sjølv om han prøver å nekta for det. Trur kanskje ikkje eg gjorde det beste inntrykket på Senior, men det plagar meg ikkje så mykje. I går sendte han tekstmelding til L og sa at det hadde vore kjekt å treffa meg. "Flott jente!" Thihi!

Med Eco går det like trått som før. Over halvvegs, i det minste. Fattar ikkje at det er så mange som interesserer seg for desse templarfolka! Gjesp gjesp, seier bare eg.

Ingen kommentarer: