mandag, oktober 29, 2007

God, betre, vinnar

Då er var yngre, trudde eg det var viktig å vera god på skulen. Ikkje bare god heller, men best. Best i klassen, definitivt, og eigentleg best på skulen i same slengen.

«Best» betyr best karakter. Logikken er sånn, at om du har vist det èi gong at det går an å få 6'ar (eller S før det) på ein prøve, så betyr det at du bør få 6 alltid på prøvane i det faget, og til slutt 6 i standpunkt og på vitnemålet. Gjer du ikkje det, betyr det at du er dårlegare enn deg sjølv, og det er faktisk ikkje akseptabelt. Kva blir det neste då, liksom? 4'ar?!?

Det var ingen som hadde fortalt meg dette. Eg hadde funne det ut heilt sjølv at det var slik ting hang saman. Så var det heller ingenting å prata så høgt om. Eg fekk mine 6'arar, trente symjing 20 timar i veka, song i kor og jobba som badevakt. Las bøker og gjekk på kino, og gjorde det som er venta av ein tenåring i heimen.

Alt utan problem. Eg var sliten, så klart, men kven er vel ikkje det? Truleg jobba eg uansett mindre enn mange andre gjorde for mykje dårlegare resultat.

Kanskje gjekk det greit nettopp fordi eg i alle fall oppfatta det som sjølvpålagt press. Det var ikkje lærarane som sa at eg måtte jobba hardare, strekka meg lenger, at bare 6'ar var godt nok. Ikkje mor og far, ikkje andre slektningar, ikkje venner eller kjente. Det var eg. Eg forstod jo at gode karakterar gir ein slags type prestisje, men også at gode skuleresultat i sosialdemokratiske Norge også var noko litt suspekt. Noko sært, i grunnen, og eit mogleg hint om uvanleg velutvikla evne til smisking.

Så når eg les denne artikkelen i New York Times i dag, om rektoren på ein prestisjetung amerikansk vidaregåande skule i eit betre strok av Boston som går ut og seier at elevane er under for mykje press - så mykje at dei blir stressa - så prisar eg meg glad og lukkeleg over at eg tilfeldigvis blei fødd i Noreg, ikkje USA.

Nettopp fordi eg veit så enormt godt kva han snakkar om. Eg huskar eg tenkte på det også då eg var i USA, både som 16-årig high school-elev og som 22-årig student. At «dette systemet, det er skapa for sånne som meg. For vinnarane, dei som klarer å oppretthalda eit A+ average og make honor roll samtidig som dei er flinke i idrett, driv på med musikk og helst involverer seg eit par andre aktivitetar også i tillegg til jobb. Community service og slikt.»

Det var fleire av typen på den high school'en eg gjekk på. Stephanie, for eksempel, som var anchor på det direktesendte morning showet som gjekk ut i alle klasseromma før skuledagen starta (=høg populærfaktor), kaptein på tennislaget (=individuell idrett), solist i show choir (=det mest prestisjefylte koret), solodansar i ein musikal eg har gløymt namnet på (=sceneutstråling!), og med på dean's list som ramsa opp dei ti prosenta av elevane som hadde høgast karaktersnitt. Som fekk eittelleranna stipend til eittelleranna prestisjefylt universitet - eg har gløymt kva for eitt – (men det var ikkje Columbia, eg huskar ho var lei for det), og sikkert graduated med dei beste papira derifrå.

Pluss ein heil skokk andre, gutar og jenter, som klarte den balanseøvinga det er å vera best. Best på skulen, best i idrett, best i musikk, best i spirit, best i alt. Sikkert best i karriere og familieliv også, når dei kjem så langt.

No er det som kjent sånn i USA, at ein kjem langt med å vera skikkeleg god i èin ting også. I alle fall om den tingen er idrett, helst ein av dei mest prestisjetunge (football, basket, baseball, hockey). Men der som her, kjem ein lenger om ein er god i fleire. Oftast mykje lenger.

Hadde eg vore amerikansk og gått på skulen i NYT-reportasjen, hadde eg sikkert fnyst av den blaute rektoren, som vil sy puter under armane på middelmådige studentar. «Eg treng ikkje avslapping, eg klarar meg heilt fint» ville eg sikkert tenkt - og på eitt plan hatt rett. Eg trur nemleg eg hadde takla det heilt fint, det amerikanske systemet. Presset. Trur eg har rett i at sånne system som passar fint for sånne for meg, og at eg kunne blitt ein einar - a winner - i det. Eg har dessutan skikkelege foreldre som garantert hadde spara pengar til universitetsutdanninga mi - framtida ville vore sikra, med og utan scholarships. Helst med. Alt eg hadde trunge å gjera, var å halda oppe dampen frå vidaregåande. Ikkje bruka studietida på å finna ut at det eigentleg ikkje er så himla viktig å vera best, slik eg faktisk gjorde.

Men ville eg vore lukkelegare av å vera ein amerikansk vinnar? Neppe. Klokare? Trur ikkje det, heller.

Ein kan seia mykje om det nordiske likskapsidealet, og eg skal vera ein av dei første til å innrømma at eg brukte sikkert 75% av skuletida mi på å kjeda meg halvt i hel fordi stoffet var for lett og progresjonen for sakte. Men det har absolutt sine verdiar som er verdt å ta vare på.

Forståinga av at menneskeverd ikkje kan målast i karaktertal, for eksempel.

søndag, oktober 28, 2007

Long lost friend

Det er med blogging som med trening - fell ein ut av det, er det tungt å ta det opp igjen. Det er så mange ting eg gjerne skulle skrive om, gjerne skulle fortalt, men så orkar eg ikkje fordi eg då også må ut med forhistoria, og det gidd eg ikkje.

I staden skal eg fortelja om noko av det finaste som har hendt meg på lenge. Det skjedde i går tidleg, då eg fekk ein mail. Dvs, mailen var frå natt til lørdag, norsk tid, men eg las han altså i går morges, før frukost og joggetur på Ekeberg. Slik såg den ut:

[Namnet mitt],
Were you an exchange student at Webster High School? If so, I don’t know if you remember me. If not, I’m sorry to bother you.
Best, [Namnet hennar]


Gjett om eg var! Og gjett om eg huskar henne! Den tynne, rare, jenta som sat rett framfor meg i psykologi, og som eg hadde gym saman med annankvar dag. Ho som skreiv alle notata sine med STORE bokstavar, for "det er det kreative folk gjer", og som lærte seg norske barnerim og "eg hatar gym" utanat. Jenta som i dag, viser det seg, er gift med ein franskmann og mor til ei skjønn jente på snart to år.

Wow. At det er mogleg, 13 år etter forrige møte! Me har maila fram og tilbake heile helga, like boblande sjokkglade begge to, over at me fann kvarandre. Ingen av oss hadde eigentleg venta det, så gleda er desto større.

Plutseleg er eg tilbake til upstate New York, landet ved dei store innsjøane ved grensa til Kanada, kor det snødde metervis om vinteren og me derfor fekk fri frå skulen, snow days, rett som det var. Til gule skulebussar, sal av donuts til frokost, til rare tullefag og amerikanske highschoolklisjear og alle ting for første gong. Til første gongen eg smaka brownies, smaka bagels, smaka så mange ting. Til dei første skikkelege skuleballa, første bussturane til korfestival i Boston og musikalbesøk i Toronto, første forståinga av at eg kan vera akkurat kven eg vil, for her er det ingen som kjenner meg frå før. Første gong i New York City, første Halloween, første jul heimefrå, første sååå mange ting.

Som regel når eg lengtar til USA (og det gjer eg jo ganske så ofte), er det Seattle eg vil til. Men no kom eg liksom på upstate NY også. Dei store hagane i suburben, fulle av badebasseng og svartgrå ekorn og ungar og grillande fedre. Køyringa til symjetrening, med I'm a loser baby so why don't you kill me på anlegget og pit stops på Taco Bell og Wendy's. Symjestemna over heile delstaten, kor foreldra til Sarah, mormonane, insisterte på at eg skulle ligga gratis på deira rom, og mora Anne ønska at også eg var dottera hennar. Til den søte vertsfamilien som gjorde alt for at eg skulle ha det bra sjølv om dei totalt mangla evne til sjølvrefleksjon og forståing for at andre folk med andre meiningar også kan vera bra menneske.

Og det er sjølvsagt litt melankolsk, all denne mimringa, for kva har vel ikkje gått tapt av ungdommelig uskuld og overmot sidan 1994? Men mest er det godt. Godt å vita at det fortida skjedde. At ho sette spor i meg. Og at eg sette spor i henne. At det faktisk finst folk der ute som deler minne frå Webster, NY, skuleåret 1993/94.

At eg ikkje er aleine. Ikkje med det heller.

fredag, september 21, 2007

Opptur

Eg er ikkje bare trist, altså. I dag har eg for eksempel fått øl og chips av reportasjeleiinga på jobben, i arbeidstida, og ledd masse av alt mogleg.

Av denne, for eksempel:


God helg, folkens!

mandag, september 17, 2007

Flink? Pøh!

Så er det ti dagar igjen på jobben. Eigentleg nærmare ni, om ein skal vera nøyaktig. Ikkje at det merkest, anna enn at sjefen i dag sa at "vel, dette er jo den siste uken din her!", og så rodde seg inn i eit halvhjerta surrete innlegg om kor fint det var at eg skulle vera lengre og bladibla då han fekk vita at nei, det er faktisk to.

Tryggleik to heile arbeidsveker fram i tid, tenk det!

Kikkar meg sjølvsagt rundt etter andre jobbar. Dei er som regel langt vekk, geografisk eller tematisk. Eller begge. Var nett på intervju for ein jobb eg ikkje vil ha, men har lyst å få. Uinteressante oppgåver, perifere i forhold til noverande framtidstankar, men ordna forhold og sikkert grei løn og alt det der. Ein jobb å få ungar i. Hadde vore fint å vita at eg kan få sånne jobbar sjølv om eg ikkje har lyst på dei.

Tilsetjingsstoppen i Dagbladet og NRK er uttalt og offentleg. I VG, Aftenposten, Dagsavisen, Nationen, Vårt Land, Klassekampen og andre aviser er han det i praksis - vikarane på dør, innstraming og nedskjering. "Joda, men du FÅR jo noko, du er jo så FLINK" seier folk - som om det har noko med saken å gjera. Det nyttar ikkje å vera flink om der ikkje er jobbar å få.

Er veldig klar over at eg sutrar no.

Eg er bare litt sliten av å høyra på folk i andre bransjar - folk som klagar over at dei "bare" får "korte" vikariat på eitt år om gongen (eit heilt ÅR!), og faktisk har hatt TRE vikariat før dei fekk fast jobb som 25-åring. Og at det bare er SÅ dårlege forhold - sist veke jobba dei FEM timar overtid (til skikkeleg løn og med moglegheit for avspasering!), og når dei tar ferie (ferie!!), må dei jobba SÅ mykje etterpå, osv osv osv. Eg har så enormt lyst å seia frå, setja i perspektiv, klaga mi nød. Men gjer det sjølvsagt ikkje.

Kall meg gjerne sur. Men eg er altså mest trist.

torsdag, september 06, 2007

Ingen stopp. Tvert om!

Og sidan eg framleis sit her på jobb og bloggar om trivielle ting medan eg gjer meg heilt ferdig med dagens dont, kan eg vel kosta på meg ein liten godbit til. Nemleg....

(tromtrommelitrommlommmtrommesolo)

Melkesjokolade med non stop!

To av favorittane mine! Saman! I same plata! På likt! Halleluja, eg trur det faktisk fins ein gud. I alle fall ein sjokoladefe eller noko.

Det er så nytt at ikkje eigong Freia sine mjølkesjokoladesider har klart å få det med seg, men nam nam, det har eg!

Jummi!

Rødt er det nye svart

Eg har nett drukke ein kopp rooibos-te "with black tea and spice flavour". Er ikkje det litt rart? Som Solo med colasmak, liksom?

Teen - "urtete med kryddersmak" på norsk - var for øvrig grei nok. Han smakar om lag slik India luktar, av ingefær, kardemomme og litt kanel. Eg manglar bare eit lass sukker og ein solid støyt h-melk, så blir det så autentisk som det kan få blitt.

onsdag, august 29, 2007

Dommens dag

Dagens finaste melding:
(på mail frå pressekontakt, klokka 14.29)

"tullevikariat er dumt. håpar det ordnar seg. du er bra for [avisa]"


Dagens kjipaste melding:
(på sjefens kontor, klokka 15.20)
"Jeg kan gi deg et vikariat ut september. Etter det er det slutt"


Så det var det.

Eg har jo visst det. Eg trudde eg var førebudd på det kunne skje. Eg innbilte meg eg hadde kontroll.

Og eg tok feil.

Feil. Feil. Feil.

Kor er holet ein kan gøyma seg i når ein treng det?

mandag, august 27, 2007

Bli ny

Sidan sist har eg klypt av meg cirka 15 centimeter hår.

Det anbefales.

Frisøren hadde fullstendig panikk og trudde eg var den nye Britney Spears eller noko.

Men det var eg ikkje. Fint, blei det!