tirsdag, september 20, 2005

Respiratormoro

Eg har ei venninne som skriv nokre alldeles suverene epostar. Som oftast ler eg høgt og sprutar te og spytt over heile skjermen når eg les dei. Denne som eg fekk i dag, f.eks:

Retter lekseprøver (uhyre nedslående resultater, forøvrig!) - og setningen "Ricardo está pasando la aspiradora" har blitt oversatt til diverse. Egentlig betyr det at Ricardo støvsuger, men det har ikke mine elever fått med seg. De oversetter heller til:
1. Ricardo sender aspargesen, eller
2. Ricardo er i respirator

Historien fikk brått en mye mer dramatisk vending... :)


Thihi! Moromoro! Eller, som me seier på mine kantar: gaalløye!

mandag, september 19, 2005

Crazy

Dagens, eh, dikt:

But I can't help myself,
I can't stop myself,
I am going crazy
And I can't stop myself,
Cannot control myself,
I am going crazy

And I love you,
I want you
I wanna talk to you,
I wanna be with you


Rart, det der, koss nittitalshits framført av hippiefamiliar plutseleg betyr noko når dei bare for svirra lenge nok rundt i harddisken. L er i Amsterdam og øllar, eg går frå det eine tomme rommet til det andre og kjenner med kroppen, huden, håret, magen, at det er sant sant sant.

I am going crazy

søndag, september 18, 2005

Namedropping

Utfordra av B1 og B2 skal eg no ramsa opp nokre av dei mest kjende folka eg har møtt:¤

* Bill Gates (99/00, tilfeldig på marinaen i Seattle etter segltur med gutta boys. Han lurte på koss veret og vindane hadde vore. Skikkeleg nerdekeitete)
* Isabel Allende (2004, intervju for KA om trua hennar. Søt, mildsterk dame)
* Amos Oz (2002, intervju for OA om bøkene hans mm. Veldig klok mann!)
* Odd Børretzen (2005, intervju for UB om Livet og diverse. Pludrete som venta)
* Kristin Halvorsen (fleire gonger, første 1995(?), på sommarleir)
* Håkan Nesser (2005, intervju i UB om krim mm. Sympatisk svenske)
* Anne Holt (2005, forlagsfest. Stressa dame, "se og bli sett")
* Hanne Ørstavik (2004, intervju i KA om trua hennar, som ho sidan trekte. Kjipt, for ho sa så mykje bra!)
* Truls Mørk (2002, intervju for OA om grieginnspeling. Herleg distre type)
* Geir Zahl og Janove Ottesen (lenge før Kaizers, eller Gnom for den saks skuld. Ikkje mine type folk)

Med fleire. To be continued..!

¤ og med "møtt" meiner eg samtalar på minst fem, men sjølvsagt helst (mange) fleire replikkvekslingar, ansikt til ansikt, ikkje per telefon

Tantete helg

Eg vender tilbake til forrige tema:

Eg trur nemleg eg har funne i alle fall ein grunn til at andre folk har meir interessant liv enn meg: Dei får sikkert ikkje helgebesøk av tantene sine!

Har vore ei roleg helg, mao. Tante kom torsdag og drog for nokre timar sidan. Me har:
* ete masse mat, både inne (chili con carne og indisk kikertgryte) og ute (grøn karri på Rice Bowl, litt-av-alt-på-menyen-kombi på Akropolis i Torggata, og Bit-calzone med indisk linsefyll i varme, gyldne sola på universitetstrappa)
* sett Giganten om Erik Bye på kino (veldig veldig bra - gå og sjå!!)
* vore i frosken på Tullinløkka og nesten kjøpt knallgrøn t-skjorte med "Kyss kyss" eller "Smask" på. Men eg har jo funne prinsen, så eg trong ikkje kyssa han (frosken altså), og Tante feiga ut i siste liten, så det blei ikkje så mykje smasking på oss.
* "shoppa", som i praksis betydde at ho gav meg eit par nydelege blå strikkevottar, og at eg kjøpte meg strømpebukser til skjørtebruk (haust! brrrr!) og ei altfor dyr, men kjempefin brun skinnveske som eg allereie gler meg til å bruka.

Og det var det! Er det rart eg ikkje får lese djupe bøker eg kunne skrive smarte analysar av, når det sit ei pratesjuk dame på 53 år i sofaen min?

onsdag, september 14, 2005

Enkel. Keisam.

Det er offisielt: as of mandag 12. september 2005 er eg ein registrert enkeltperson! Med eige foretak, t.o.m! No treng eg bare prata med likingsfolka igjen slik at eg er heilt sikker på at eg har forstått desse skattereglane rett. Er det noko eg ikkje torer, så er det å legga meg ut i økonomiske gråsoner!

Eg er jo trass alt ein keisam person.

(No er det meininga at alle vennene mine skal hoppa i stolen, hiva seg på kommentarknappen og skriva NEI DET ER DU IKKJE!)

- Jo, eg er det! svarar eg då.

Det er nemleg sant. Når eg les andre folk sine bloggar, slår det meg kor interessante liv folk har. (Og her kunne eg ha linka til ein del i teksten, men det gidd eg ikkje, for då stikk du jo heller og les dei, sant vel? og illustrerer heile poenget, ikkje sant?) Dei les haugevis med gode bøker, og har kompetente og velformulerte meiningar om dei. Dei les dikt og skriv sine eigne, og går på konsertar med kule artistar heile tida. Dei stikk stadig innom utstillingar og vernissagar, og tek fine foto sjølv. Dei reiser verda rundt, kan masse om politikk både her og der, og klarar fortella om det utan at det blir (for) internt og belærande. Dei kjenner mange kjekke folk som også har kule bloggar, og har utviklande og viktige jobbar sjølv.

I det heile tatt: dei er så navla FLINKE! Koss rekk dei det alt? Å lesa og lytta og trena og henga og dansa og jobba og studera og gjera alle dei andre tinga dei driv med heile tida? Eg, som til og med "jobbar i media", har ikkje sjangs... Og - noko som er verre - eg kan ikkje eigentleg gjera rede for kva andre ting eg brukar tida mi på, heller.

Eg heng vel rundt og er ein keisam person...

Trøtt no

Det var det valet.

Blanda kjensle akkurat no. Historisk med regjering (hey! regjering!), men med bare 8-9% til Kristin&Co (uff! 12% sist..) blir dette nok fort til ein tradisjonell jensveivals...

Dessutan tragisk med frp. Viss eg høyrer han der Carl I prata om "Jens og de to veninDene hans" ei - 1!! - einaste gong til no, så spyyyyyyr eg!!! Argh! At det går an! Me lever liksom i verdas beste land, og så er ein femdel av folket komplette idiotar?? He-l-looo! Eg frys langt nedover ryggen. Godt han i det minste ikkje har nokon borgarleg blokk å lena seg på, den fysakken!

Spent på regjeringa, på kven som tek kva departement. Håpar i det minste at sv er lure nok til ikkje å velga finans eller utanriks (for lite handlingsrom), bistand eller miljø (ditto, pluss liten prestisje). Kult om dei klarar lirka nokre spanande utanforståande ut av ermet - Helen Bjørnøy, f.eks?

Nok politikk.

Eg er så trøtt! Må vera alderen. Valvake til to-tre pluss pizza og øl etterpå, opp sju morgonen etter, møte med Forlaget om Lukrativt Tilbod (TM) om ettermiddagen, pluss kino (Import-Eksport, ca 3 på terningen) og dilling om kvelden. Senga to-tre-tida, opp sju, osv osv. Gjesp!

Eg gjentek: gjeeeesp....

mandag, september 12, 2005

Døden igjen

Forresten har eg gløymt å registrera ei bok eg las ut her om dagen. Jobbrelatert, men bra: Idas dans av Gunnhild Corwin, som eg har ein intervjuavtale med på torsdag.

Boka er ei slags dagbok, eller i alle fall kronologisk gjennomgang, av dotter hennar sin kreftsjukdom, frå diagnose, via ulike typar behandling, til død. Dottera Ida var skuleelev og ballettdansar før ho fekk ei hissig form for blodkreft, 18 år og sjølvsagt - sjølvsagt - ikkje spesielt glad for å få kreft. Mamma Gunnhild kjempar og fortvilar, og oppfører seg i alt som ein tapper "verdsmeister".

Då eg prata med ho på telefonen, var ho veldig klar på ein ting: "du, jeg vil IKKE være med på sånne nitriste bilder hvor den sørgende mora ser på bildet av den døde dattera foran et stearinlys, eller noe i den duren. Jeg orker ikke å være med på noe oppslag av typen 'hun opplevde det verste en mor kan utsettes for - å miste sitt barn'!"

Ah! Herleg! Må nok gå nokre rundar med sjefen for å få lov til ei anna vinkling, men trur nok ho går gjennom når eg forklarer stoda. Blir spanande å møta denne Gunnhild, høyra koss ho er ansikt til ansikt, ikkje bare i skrift.

Skumle tider

"DØDT LØP" står det med STORE bokstavar over heile VG- og Dagbla og alle dei andre avisene. Uff. "Dødt" er kanskje ordet. Hjernedødt. Folk må då fatta og begripa at ei stemme til Venstre er ei stemme til Høgre, som igjen er frikort til Hagen?!? Stemmer direkte til Krf og Høgre orkar eg ikkje eigong forhalda meg til, for ikkje å snakka om ho der skumle skumle Siv-dama. Ho sto og brøla på Karl Johan her om dagen, lata som at Ida på 3 fekk lov å "velga" mellom private og offentlege barnehagar i fleng, medan stakkar Ida på 83 - ho som bygde landet - ikkje hadde den "valfridomen", stakkar. Dama er anten veldig dum eller veldig ond, eller begge deler. Eg veit ikkje kva som er verst.

Og Kystpartiet pluss kanskje RV i vippeposisjon? Herre jemini - dyrehagen neste!

Kjenner meg så spent som eg aldri før har vore for eit val, har bange aningar langt nede tolvfingertarmen. Måtte eg ta så feil som eg aldri før har tatt!

Heia Kristin, heia Kristin, HEIA KRISTIN!
(Sjølv om ho behandla meg skikkeleg uproft sist eg intervjua henne, og basert på akkurat den opplevinga heller ville stemt på Åslaug, og sjølv om han der ekle Djupedal godt kan slutta i politikken, og Hallgeir ikkje er så mykje betre. Til og med på trass av den der breiband-til-distrikta-"næringspolitikken" sin! Kvifor kan ikkje folk bare ta til fornuften?!?!?!)

Eg har fått rød, fin, kanskje litt lita sv-t-skjorte av L i bytte mot den grøne litt for store eg gav han, og skal på valvake på Rockefeller i kveld. Det må, må, MÅ bli ein positiv fest!!!