onsdag, september 07, 2005

Kroppen min

Eg slit med dette blogspot-programmet. Det går så himla tregt! Kanskje gjer eg noko feil, eller så har eg bare dårleg nettkarma. Kanskje eg har lagt inn for mange tunge bilder tidlegare?

Uansett:
Det regnar i byen i dag. Litt i alle fall. Tungt grått teppe som heng over tretoppane i dalen. Eg syns ikkje hausten treng koma enno!

Bølga av melankolia vil ikkje sleppa taket. Ho heng nok litt saman med den enorme haugen av uskrivne ting som heng over akslene mine. Trivialitetane pressar seg på. Eg VEIT at eg burde skriva fort og få det unnagjort. Eg bare orkar ikkje, vil ikkje, klarar ikkje. Blærk.

Las litt i denne bloggen i går: pulevenner.blogspot.com Lika veldig godt det ho eine skreiv om koss det er å ligga tett i tett med - eller kanskje bare ligga med - ein god gutekropp:
du setter midjen inntil livet hans, du strammer til, du kjenner muskel mot muskel og det er hardt og sterkt og digg og nesten så du ikke vet hvor din kropp slutter og hans begynner, ja, det er sånn, du vet det ikke

Fint, sant? Har tenkt ganske masse på det i det siste - på dette med kropp. Hud mot hud, muskel mot muskel, mage mot rygg eller omvendt. Kor godt det er å kjenna ein kropp skikkeleg godt. Ein annan kropp enn sin eigen. Vita kor han går inn og ut, kor det er mjukt og fast, varmt og kaldt, pirrande eller kosete. L har ein fantastisk klembar kropp - huden min sørgar og saknar når me er frå kvarandre. Ofte meir enn hovudet forstår, før kroppen endeleg får sitt igjen. Det brutale i å hala seg ut av den varme, trygge hola av naken hud og mjuk dyne kvar morgon - er det rart eg ikkje likar meg på jobben, når det er alternativet?

tirsdag, september 06, 2005

Get me away, I'm dying

Nok ei helg er ugjenkalleleg og definitivt forbi. Har vore hos D på Gjøvik, festa og plukke bringebær, og prata om kva me skal bli når me blir store.

Som om eg visste det.

Når det er sånn som i sist veke, at eg sit på jobben og reknar minutta til eg kan gå heim, og sjekkar mailen min for millionte gong bare for å registrera at eg ikkje har nokon venner, og snik meg forsiktig forbi sjefen i gangen - med andre ord ganske ofte, då tenker eg at eg i alle fall aldri aldri skulle blitt journalist. At eg ikkje passar til det, rett og slett. Eg manglar jo initiativ. Glede. Tilpassingsevne. Eigenskapar eg trudde eg hadde men som viser seg å ikkje vera del av meg likevel.

Eg vil jo bare vekk heile tida! Reisa verda rundt, sitta i sola og drikka drinkar og bada i havet og lesa kjekke bøker og virra rundt i byen midt på dagen med høg fin musikk i øyret! Ha fri, rett og slett...

Ooh! get me away from here I’m dying
Play me a song to set me free
Nobody writes them like they used to
So it may as well be me
Here on my own now after hours
Here on my own now on a bus
Think of it this way
You could either be successful or be us
With our winning smiles, and us
With our catchy tunes and words
Now we’re photogenic
You know, we don’t stand a chance


Eg trudde eg skulle sleppa å ha det sånn når eg bare blei vaksen! At det bare er tenåringshormonar eller noko slikt som skapar denne melankolien. At vaksne folk forstår kven dei er og kva rolle dei har og skal ha i samfunnet. At dei trivst i jobben fordi dei har valt han sjølv, og med livet generelt fordi det "er jo sånn det er".

Nei!
Det MÅ vel ikkje vera sånn!?!?

Må det?

fredag, september 02, 2005

Brød

Eg jobbar kanskje ikkje fullt så jamt når eg er heime som når eg er på kontoret, men eg gjer sanneleg mange fleire kjekke ting innimellom!

No, for eksempel, er eg cirka halvvegs i ein brøddeig. Må bare koka ferdig kveiteheilkorna saman med havregryn og honning til ein ekkel, slimete masse, før eg kjølar det ned og blandar det i gjærvæska saman med masse mjøl og litt ekstra væske. Så! Skal det nok bli brød på han far når han kjem heim frå jobb.

- sa husmora

Heimekontor

Eg er heime frå jobben i dag. Maila sjefen og sa at eg følte meg litt småpjusk*, og heller ville sitta heime og skriva enn å ta meg gjennom det tette, kalde regnet bare for å sitta på kontoret. "Helt greit", sa ho.

Så no sit eg her. Har ete frokost saman med L, og sendt han på jobb med matpakke eg smurte for han. "Så hyggelig at du skal være hjemme", sa han, og assosiasjonane mine gjekk sjølvsagt rett til 50-talet. Angra nesten på at eg ikkje tok skjørt i dag også, så kunne eg hatt dèt, klogger og forkle - komplett og autentisk husmoruniform! Hårrullar slepp eg heldigvis.

*Okei då, eg innrømmer at det kanskje var i viljen eg var aller mest pjusk... Men så lenge eg skriv det eg skal og leverer i tide - spelar det eigentleg noka rolle? Tenkte ikkje det, nei!

onsdag, august 31, 2005

Rastlaus

Det kriblar i heile meg i dag. Har lyst til alt anna enn å sitja her og skriva ut gamle notat. Urgh. Kanskje er det like lurt, sånn på sikt, å bare stikka? Så kan eg heller koma utkvilt og motivert tilbake i morgon? Hmmmm.... veldig veldig fristande...

- sa unnalureguri

tirsdag, august 30, 2005

Oversikt

Det er kjekt å fly! Ikkje minst etter ein heil dag under den grå himmelen. Bakom skyene er himmelen alltid blå, vettu! Eller som no: bomullsaktige og gyllenglødande.

mandag, august 29, 2005

En sommer er over...


- og det syns eg er skikkeleg dårleg gjort, bare så det er sagt! Kjenner kalde haustdraget i lufta, har allereie fått min dose regn. Kor er den indianske sommaren eg hadde sett føre meg? Får reisa austpå igjen, sjå om det er betre der...

Verda for mine føter

Eg har vel kanskje ein del grått igjen i resten av verda også...

Vil til INDIAAAAA!!!