mandag, august 29, 2005
søndag, august 28, 2005
Paradisøya
Jeg vet en deilig have, tralaalalalaalaaaa! Nærare bestemt på Sør-Hidle, ei øy uti Ryfylkefjorden ein stad. Lagar sak for UB, så eg fekk reisa gratis saman med Stavanger Misjonskirke sin årlege ha-andakten-ein-annan-stad-tur. Kjekt det. Mange søte kristne som ønska meg og "mannen min" hjarteleg velkomne på møte når det skulle vera. Thihi!
Hagen var like fin som alltid, sjølv om det regna kattungar og vaksne kattar og tigrar og resten av dyrehagen mykje av tida. Fotografen reiser inn seinare i veka, så det går bra
sa
-lin
klokka
19:52
0
andre sa også noko
merkelapp(ar): utpåtur
fredag, august 26, 2005
Sjå Jæren gamle Jæren
Eg er på Jæren. Det har eg alltid godt av, sånn innimellom. Høg himmel, salt hav, luft i bevegelse og grøne kjelver med treige kyr - ting eg likar! Har loffa rundt i M&F sin bil, sett på landskapet som utgjer ein epoke i livet mitt. Klisje, kanskje, men det ER godt å høyra til ein plass! Særs så lenge ein slepp bu der alltid...
sa
-lin
klokka
18:54
0
andre sa også noko
merkelapp(ar): utpåtur
onsdag, august 24, 2005
Overtid, del II
Det er tre bilar igjen hos Bokklubben. Tunge skyer er i ferd med å mørklegga heile dalen, ny eller ikkje. Eg svir i augene. Fingrane dreg seg uvillig over tastaturet, og tankane blir meir stadig meir grautete. Det er nok snart på tide å koma seg heim. Snart.
sa
-lin
klokka
20:59
0
andre sa også noko
merkelapp(ar): jobb
Overtid
Kvart over sju og framleis på jobb. Det er for gale. Det er verkeleg det. Det einaste som er verre, er at når eg ser bort på parkeringsplassen til den tidlegare nemnde bokklubben, ser eg (frå min vinkel) framleis fem bilar. Og kva gjer vel dei der? Jobbar dei også? Kvifor det? Likar dei det? Må dei? Finst det ei heil verd der ute kor denne seintjobbinga er vanleg? Kor det er sånn verda er? Eg veit ikkje. Vil helst bare sleppa.
Las litt i Nils-Øyvind sin blogg, m.a dette:
Verden flyter ut, skrumper inn, vokser sammen, verden flyter ut, skrumper inn, vokser sammen, og jeg ser ikke lenger forskjell på Brynjulv Raaen og Bjørgulv Braanen, Christian von der Hall og Alf van der Hagen, Bruce Lee og Truls Lie, Jon Hustad og Hustad leir, Bjørn Hansen og Bjørn Nilsen, Kristoffer Uppdal og Steinar Opstad, Niels Fredrik Dahl og Hans Fredrik Dahl, Tutta Pettersen og Tufte Johansen, Shampo Knutsen og Saabye Christensen, Ingvar Ambjørnsen og Bjørn Ingvaldsen, Roger Milla og Mulla Krekar, Pelè og Proffen, Ramsi og Ramslie, Samlaget og Småbruklaget, Cappelen og Kuppern, Oktober og Mai Helen, Anne Holt og Casino Steel, Erlend Loe og Erling Lae, la di do og la di da, verden flyter ut, verden skrumper inn, alt vokser sammen.
Og det syns eg eigentleg var ganske kult sagt. Litt sånn eg har det sjølv for tida, trur eg.
sa
-lin
klokka
19:14
0
andre sa også noko
merkelapp(ar): jobb
Tuskeluska
Eg har nett tuska til meg ei gratis bok! Slik:
Her oppe i den kreative Nydalen er me nemleg veldig gode venner, alle saman.
I samband med at Bimbo-Internatet (kortform BI) opna rett over gata no denne veka, delte Dei norske bokklubbane (som nett har brukt sikkert mange millionar på ny logo og nytt namn, nemleg "Bokklubben" - eit stort slag for kreativiteten der i garden!) ut flygeblad med tilbod om ei gratis pocketbok "til alle BI-studenter" som gadd å stikka innom den nye butikken deira (mot at ein leverte tilbake flygebladet med reklame for forfattaropplesingar og slikt som eg gjerne kunne ha spara på, men men).
Og sidan det er openbart for alle som les "På nattbordet"-spalta i DN at desse BI-folka aldri kjem til å koma seg gjennom, langt mindre forstå, Distinksjonen av Bourdieu, tok eg ansvar for at Bokklubben skulle bli kvitt i alle fall eitt eksemplar av denne boka. Eg er kanskje ingen prototype på koss skikkelege BI-studentar ser ut - til dømes eig eg ingen dongeribukser til over 2000 kroner - men guten i disken smilte og sa versågod likevel. Tusk tusk!
Eit anna alternativ eg lurte lenge på, var Kaptein Nemos bibliotek av Per Olof Engquist, men eg konkluderte med at den sikkert er lettare å skaffa i billege utgåver også andre stader, medan Bourdieu har ein tendens til å koma i overprisa overakademiske utgåver.
Distinksjonen, altså! Kanskje vil eg der finna løysinga på kvifor eg ikkje klarer å lika han der Eco?
sa
-lin
klokka
17:47
0
andre sa også noko
tirsdag, august 23, 2005
Pendelen svingar tilbake
Hipp hipp - hurra hurra hurra hurraaa! Eg er ferdig med ecoboka!! En-de-leg! Det har teke si tid, men min kamp er krona med siger. Aaaaah!
Veldig kort fortalt, så handlar Foucault's Pendulum om ein ung mann som etter mykje om og men og fleirfoldige tørre sider om kaballah og diverse får seg jobb i eit forlag kor dei bestemmer seg for å publisera diverse okkulte bøker. Parallelt med - og inspirert av - dette, byrjar han og to kollegaer å konstruera ein såkalla "Plan". Dei bruker gamle manuskript og allverdas andre kjelder, og kokar opp noko dei gir ut for å vera den Verkelege og Sanne Historia om templarordenen og riddarane av den heilage gralen og dei folka der. Problemet er bare at dei okkulte templardyrkarane sjølv byrjar å tru på denne jukseplanen, og bruker allslags skitne metodar for å tyna den siste, verkeleg store Hemmeligheten ut av våre heltar - sjølv om det går på helsa laus.
Den delen som let seg oppsummera så raskt, er forsåvidt grei. Den kunne Eco fortalt over kanskje førti sider. Det same gjeld dei delane som handlar om privatlivet til særs hovudpersonen, om kjærasten og babyen dei får. Også interessant nok. Men alt det andre? Urgh. Spy. Kje-de-leeeeg! Fattar verkeleg ikkje kvifor det er så mange som interesserer seg så sterkt for sånne konspirasjons- og templarteoriar, eg! Manglar dei noko i livet sitt, eller, som treng all denne "spaninga"? (gjesp gjesp) Eg fattar det ikkje. Verkeleg ikkje.
Kanskje er eg rett og slett ikkje ein sofistikert eller intellektuell nok lesar for denne Eco. Er vel der det ligg, skal du sjå. Greit det, eg skal nok klara meg likevel, eg. Byrjar på Catch 22 i dag, gler meg. Ikkje minst til planlagte bokdiskusjonar med D!
sa
-lin
klokka
14:07
0
andre sa også noko
merkelapp(ar): bøker
mandag, august 22, 2005
Ikea
L og eg har vore på Ikea i dag. Eg skofta nesten to timar av jobben for å unngå kø på veg til Furuset, men det virka bare sånn passe. Først måtte me nemleg innom ein stad for å levera dataen til L si søster, og så ein annan stad for å kjøpa ny, sitrongul støvsugar, så då me endeleg kom oss til den blågule kladeisen desse svenskane har fått lov til å setja opp i landet mitt, var der sjølvsagt masse folk der allereie. Me stod i lang kø for å få oss ikeamiddag - falaffel og couscous som faktisk (sjokk!) smaka heilt ok. Elles vart det vel helst småplukk me handla - nokre kleshengarar her og eit par kvite oppbevaringsboksar i plast der. Eg er like glad - Ikea kjem høgt på lista mi over stader eg helst prøver å la vera å opphalda meg.
Forresten var me innom Biltema også, og det var mykje kjekkare, for der kjøpte eg meg lykt til å ha framme og svart nettingkorg til å ha bak på sykkelen min. No gler eg meg endå meir til å susa forbi stressa menn på veg heim ned Kirkeveien!
sa
-lin
klokka
21:41
2
andre sa også noko
